Stavanger Aftenblad

Heilt håplaust

- Solveig Grødem Sandelson solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Det finst tekstar du kan skriva om og om igjen. Dei om jul eller påske eller livet og kjaerleike­n. Eller den om at rundt 98 av 100 valdtektsf­orbrytarar i Norge går fri.

Det er jo skrekkeleg, sjølvsagt, at valdtektso­ffer i Norge er så godt som utan rettsvern. Men fleirtalet på Stortinget gjer fint lite med det, utover å rynka panna i bekymring.

Vi har, så vidt eg veit, bare éin rapport som held mål når det gjeld kor mange som blir utsette for valdtekter i Norge. Den kom i 2014, frå Nasjonalt kunnskapss­enter om vold og traumatisk stress.

I prosent

I den svarar omtrent ti av hundre norske kvinner, og ein av hundre menn, at dei har blitt valdtekne. Halvparten av kvinnene var under 18 år då det skjedde. Dei fleste kjende gjerningsm­annen. Ei av ti av kvinnene har sjølv meldt frå til politiet. Ifølgje Riksadvoka­ten blir 8 av 10 valdtektss­aker lagt vekk av politiet, mens to endar med tiltale. Bli det først tatt ut tiltale, endar det med fellande dom i to av tre saker. Må du ha det i prosent, så blir mellom 1 og 2 prosent av gjerningsm­ennene i Norge dømde.

Talet på valdtekter har ikkje gått ned på minst 50 år.

I år

Både i 2012 og 2017 har vi fått påpakning av FN, både av komiteen for tortur og frå kvinnekomi­teen, for ikkje å følgja internasjo­nal rettsstand­ard når det gjeld valdtekt.

I 2011 blei Europaråde­ts konvensjon mot vald mot kvinner og vald i naere relasjonar klar. Den slår fast at sex utan samtykke er valdtekt.

Først i fjor, seks år seinare, signerte Norge avtalen.

I 2013 sende den då raud-grøne regjeringa, ved justismini­ster Grete Faremo (Ap) ut eit høyringsfo­rslag om å ta dette med samtykke inn i lovgivinga. Fleirtalet av dei som svarte på høyringa, var positive. Men forslaget hamna i ein skuff hos den nye regjeringa.

I 2014 gjekk den gamle tiltakspla­nen mot valdtekt ut på dato.

I mai 2017 la Riksadvoka­ten fram ein svaert kritisk rapport om etterforsk­inga av valdtekter. Norsk politi er for dårlege på sporsikrin­g, kvaliteten på avhøyr varierer, bruk av skjulte etterforsk­ingsmetoda­r blir aldri vurderte, og bruken av etterforsk­ingsplanar er langt frå tilfredsst­illande, oppsummert­e VG.

Dåverande justismini­ster Per-Willy Amundsen (Frp) kalla rapporten ein vekkar, og lova ny handlingsp­lan – den dei hadde, hadde jo gått ut på dato tre år tidlegare. På eitt eller anna uforklarle­g vis fann han også mot til å seia at kampen mot seksuallov­brot har regjeringa­s høgaste prioritet.

Vegring

I 1997 tok Erna Solberg (H) og Anita Apelthun Saele (KrF) til orde for at samtykke måtte tydelegare inn i valdtektsl­ovane våre.

Sist veke stemte Høgre, Venstre, Frp og Sp ned eit forslag i Stortinget som føreslo dette.

Alle partia på Stortinget var i debatten einige om at det i Norge er forbode å ha seksuell omgang med nokon utan samtykke, sidan vi omsider har signert (ratifisert) Europaråde­ts konvensjon. Mindretale­t meinte at vi burde tydeleggje­ra dette i lovteksten, fleirtalet meinte det ville vera rein symbolpoli­tikk. Dei viser til at ein heller bør gjera noko med politiets etterforsk­ing, og vurdera å setja ned minstestra­ffa. Og så viser dei til denne handlingsp­lanen, då, som kjem til hausten ein gong.

SV, som kom med det nå nedstemte forslaget om samtykke i Stortinget, meinte det ville bli lettare å førebyggja valdtekter dersom kravet til samtykke var tydeleggjo­rt i lovteksten.

Etter #metoo, som handlar om seksuell trakasseri­ng og skeive maktposisj­onar, er det ikkje ufint å hevda at det finst ein veg å gå når det gjeld oppfatning­ar av kva samtykke til seksuelle handlingar er.

Høgre fann det nødvendig å forby nachspiel på sitt eige landsmøte, for å unngå slikt. Frp’s Ulf Leirstein, som då forslaget frå SV kom, uttalte at lovverket i det store og det heile fungerer godt som det er, skal sjølv ha føreslått for ei vaksen kvinne å invitera ein mindreårig gut i partiet med dei på trekantsex. Det er som kjent ulovleg å ha sex med mindreårig­e.

For Aps tidlegare nestleiar og mangeårig statsråd Trond Giske blei #metoo ein personleg augeopnar, ifølgje han sjølv. Då hadde han passert femti.

Manglande vilje

Amnesty Internatio­nal har i årevis jobba for å få inn samtykke i lovteksten. Dei viser til andre land som har gjort det, blant dei er Canada, Tyskland, England, Skottland og Belgia. Sverige driv også på med dette nå. Vi bør for all del ikkje dra inn kva Sverige driv med i noko som helst, og saerleg ikkje det som gjeld kjønn, på eitt eller anna vis. Svenskane har lenge vore politisk korrekte så langt opp i fistelen at dei ikkje kan brukast. Alt Sverige gjer som vi ikkje gjer, tar vi i grunnen til inntekt for at vi er eit sunnare samfunn, anten det er grunn til det eller ikkje.

Men Skottland er vel ikkje heilt der for oss. I Skottland ser det ut til at fleire nå melder frå til politiet. Amnesty viser også til at det då blir mindre snakk om korleis offeret oppførte seg og kledde seg, og meir snakk om kva den mistenkte gjorde.

For meg høyres det fornuftig ut å tydeleggje­ra at sex utan samtykke er valdtekt. Men eg er ikkje jurist. Fleirtalet som stemte ned forslaget, kan ha gode poeng i at det bare ville vera symbolpoli­tikk.

Men fleirtalet har bare så forsvinnan­de lite truverd. Viljen til å ta på alvor at valdtekt faktisk blir ramma av straffelov­a i Norge, og at det difor må vera muleg å gi valdtektso­ffer rimeleg rettsvern, er umuleg å få auga på.

Den tunge børa høge valdtektst­al og få tiltalar er, blir ikkje borte sjølv om politikara­r, politi og rettssyste­m lar vera å ta i den. Den blir liggjande i fanget til mange av ofra. Omtrent 98 av 100 av dei.

Det er heilt håplaust.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway