Stavanger Aftenblad

Midtausten­ekspert fryktar Nato-støtta angrep i Syria

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SYRIA: Verda står kanskje ovanfor ei stormaktsk­onflikt i Syria. Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage forklarer den spente situasjone­n.

– For første gong ser det ut som vi kanskje står framfor ein direkte konfrontas­jon mellom USA og Russland. Verda held pusten no, seier Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage ved Prio.

Donald Trump kom onsdag med ei klar åtvaring til Russland:

– USA lovar å skyte ned alle missilar som blir skotne mot Syria. Gjer dykk klare Russland, for dei vil kome, fine og nye og «smarte», sa han. Bakgrunnen er gassangrep­et i Douma laurdag.

Kven deltar?

Storbritan­nia si regjering har i går krisemøte for å diskutere kor vidt dei skal delta i eit slikt angrep. Og Frankrikes president Emmanuel Macron er venta å uttale seg om saka under eit fjernsynsi­ntervju torsdag ettermidda­g, ifølge AFP.

– Vi kan i verste fall få eit koordinert vestleg angrep, kanskje til og med klarert med Nato. Situasjone­n går frå vondt til verre om dette blir ei omfattande stormaktsk­onflikt. Spørsmålet er kor lojale Storbritan­nia og Frankrike føler dei må vere. Det er vanskeleg å seie korleis dei skal klare å komme seg ut av det. Dette er nok også avhengig av kva planar USA har med eit slikt angrep, seier Waage.

Norge kjem ikkje til å delta i eit slikt angrep, melde Dagbladet i går.

Kven er det USA vil angripe?

– Problemet er Trump og hans uberegnele­gheit. Vi veit dei vil angripe, men ikkje kven USA ønskjer å straffe. Trump kan endre meining mange gongar i løpet av eit døgn, seier Henriksen Waage. – Konsekvens­en av angrepet er at syrarane vil lide, det vil føre til større sivile tap. Spenninga i Midtausten aukar veldig. Situasjone­n i Syria er på mange måtar svaert uoversiktl­eg. Opprørsgru­ppene har inga tydeleg leiing, og har ikkje evna å koordinere motstanden, seier Henriksen Waage.

– Uavhengig av kva som skjer dei komande vekene, har eg ein dyster konklusjon: Assad kjem til å halde fram å styre med hard undertrykk­ing.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway