Stavanger Aftenblad

Via Jesus

- Andreas Haarr sokneprest

SØNDAGSTAN­KAR: Eg går ut frå at Jesus visste mykje om alminneleg kvardagsli­v. Han visste og noko om det å ha sauer.

Difor kan Jesus snakka om sau og om å vera gjetar, og folk forstod kva han snakka om. Eg veit ikkje så mykje om sauehald for 2000 år sidan. Men eg har lese meg til at om kvelden vart sauene samla i ei innhegning.

Denne hadde ei opning, ein port. I porten sat ei vakt om natta for å passa på at ingen tjuvar eller villdyr kom for å ta sauene. Folk flest som høyrde på det Jesus sa visste jo korleis dette var. Likevel står det om folk at dei ikkje skjøna kva Jesus meinte. Det må bety at det var vanskeleg for folk å skjøna kva eineståand­e stilling Jesus hadde. All trafikk til innhegning­a skulle gå via porten.

All trafikk inn, og all trafikk ut. Når Jesus seier at han er porten, ja så må det bety at alt går via han.

Frelse

Folk skjøna ikke korleis Jesus kunne gjera seg sjølv så viktig. Det var via han alt skulle gå. Jesus seier det med andre ord, at den som går inn gjennom han skal verta frelst. Slik seier Jesus at vegen til Gud går via han. Sauene måtte gå inn via porten for å vera trygge. Me skal gå via Jesus for å få alle Guds gode gåver av nåde og fred og frelse. Alle Guds gode gåver vert gitt oss via Jesus.

Utan Jesus er det inga frelse. Ikkje nok med det, Jesus seier at han er komen for at me skal ha liv og overflod. I innhegning­a er det trygt, og han som passar på i porten syter godt for oss. Me syng det av og til: «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare».

På beite

Det er eit liv i trygghet i innhegning­a. Her er fred og kvile. Men det er eit liv utanfor innhegning­a og. Sauene måtte ut på dagtid for å finna mat. Me skal ut i våre kvardagsli­v. Det er eit liv på arbeid, i familien, på skulen, i fritida, i pensjonist­livet. Vårt liv og alt me er opptekne av. Då vert det ein god tanke at me går ut i våre kvardags- og helgeliv via Jesus. Livet med Jesus er ikkje isolert til nokre stille stunder avsondra vekke frå alt liv. Me går ut i kvardagen via Jesus. Prega av Jesus. Med hans blikk, med hans kjaerleik, med hans omsorg.

Jesus har ikkje andre føter og hender og auge i dag enn dei me har. Me skal ikkje gå ut i livet som om me ikkje har passert Jesus, og vorte prega av han. Då er det som om livet vert levd der, via porten, som er Jesus. Via han for å finna frelse og fred, og så ut i livet, kor eg lever prega av han.

Via

Me får ikkje dette til, nokon av oss. Å leva som om livet berre var fred og ro og idyll, i innhegning­a eller utanfor, prega av Jesus sjølv. Folk forstod det ikkje ganske den gongen dei høyrde det frå Jesus sin eigen munn. Me veit me vert prega av så mangt og livet vårt går via så mykje som vil prega oss. Nettopp difor skal me høyra det omatt og omatt, at det er Jesus som er porten. Han kjenner oss. Veit når me ikkje får det til. Han er frelsaren med nåde. Difor treng me gå via han som er porten til frelse og livet.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway