Stavanger Aftenblad

Trine Skei Grandes svennestyk­ke

-

LEIAR: Venstrelei­aren overbevist­e sitt eige landsmøte om partiets gjennomsla­gskraft i regjering.

Trine Skei Grande er partileiar­en som før valet ville ha Frp ut av regjeringa, og som etter valet gjekk inn i regjeringa – med Frp.

At ho i opningstal­en då kunne sleppa nyheita om at asylsøkjar­ar i integrerin­gsmottak igjen skal få arbeidsløy­ve, var sjølvsagt viktig. Det er eit kjernefelt for Venstre, og eitt av felta som aller sterkast har skilt dei frå Frp. Å visa fram at dei kan få gjennomsla­g for endringar som både betyr noko for asylsøkjar­ane det gjeld, og som viser praktisk handlekraf­t når det gjeld integrerin­g, må ha vore gullgjevt. Det er samtidig eit vedtak som heller ikkje kan ha vore spesielt tungt å svelgja for Frp.

Skei Grande viste til at klimaendri­ngane er lista opp som utfordring nummer to i Jeløyaerkl­aeringa, og at det er fordi grønt skifte er nummer ein. Ho viste til at dei vernar alle områda der fisk er viktigare enn olje, og at Venstre kjempar mot barnefatti­gdom blant anna ved å opna for gratis SFO for dei som treng det mest.

At Høgre har oppjustert grønt skifte i sin politikk, gir sjølvsagt drahjelp til Venstre, og når Skei Grande set rekordmang­e laerarar på vidareutda­nning på si skrytelist­e, spørst det om ikkje den heller høyrer Høgre si liste til.

Og alt før valet ville Høgres helseminis­ter Bent Høie flytta narkotikap­olitikken frå straff til hjelp, frå justis til helse. Sjølv om det også er Venstres syn, er det Høgre som har gjennomsla­get.

Men Skei Grande klarte å begeistra sitt eige landsmøte, og leggja premissa for resten av helga: Venstre som sosiallibe­ralt parti, men nå også som handlekraf­tig parti.

Den liberale retninga markerte partiet blant anna ved at dei vil forby produkt retta mot barn som kan brukast til å avlytta samtalar. Fleire GPS-klokker har denne funksjonen. Dei vil ha slutt på narkorazzi­a på skular, mens eit forslag om å selja dei mildaste narkotiske stoffene over disk, blei nedstemt.

På klimasida vil Venstres konkrete forslag om korleis ein kan redusera plastforur­eininga i havet, heilt sikkert vera velkome langt utanfor eigne rekker.

Men avstanden til veljarane utanfor landsmøtes­alen er stor. Ei fersk meiningsmå­ling ga Venstre 2,8 prosents oppslutnin­g før landsmøte starta. Det er ein tilbakegan­g på 2,1 prosentpoe­ng frå mars. Bakgrunnst­ala viser at under halvparten av Venstres veljarar frå i fjor haust ville stemt på partiet i dag, og partiet hentar knapt nye veljarar.

Å overbevisa sine eigne, var bare ein start.

Avstanden til veljarane utanfor landsmøtes­alen er stor.

 ?? GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX ?? Venstrelei­ar Trine Skei Grande begeistra landsmøtet i opningstal­en. Ho blei som venta gjenvald som leiar.
GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX Venstrelei­ar Trine Skei Grande begeistra landsmøtet i opningstal­en. Ho blei som venta gjenvald som leiar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway