Stavanger Aftenblad

Klarer ein å forhandla fred for Syria?

- Solveig Grødem Sandelson solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Verda har halde pusten for Syria i helga. Klarer mektige leiarar som Putin, Trump, Erdogan og Assad å finna ein fred for landet?

USA, Frankrike og Storbritan­nia bomba i helga strategisk­e mål i Syria for å få slutt på president Assads bruk av kjemiske våpen. Angrepa skal ifølgje angriparla­nda ha vore vellykka.

Det er ikkje meld om at liv har gått tapt, men seks soldatar og tre sivile skal vera skadde.

Russland har fordømt angrepet, saman med Syria, Iran og Hizbollah. Deira første reaksjon var at Syria nå hadde ein sjanse til å finna ei fredeleg løysing, og at den sjansen blei bomba vekk.

Nato, Israel, Tyrkia, Danmark, Canada og Japan var raskt ute og støtta angrepet, og i løpet av helga blei det klart at heller ikkje sikkerheit­srådet i FN fordømmer det.

Norge forstår

Vår utanriksmi­nister, Ine Eriksen Søreide (H), seier Norge forstår bakgrunnen for angrepet. Syria har gjentekne gonger brukt kjemiske våpen, og alt i 2013 kom sikkerheit­srådet i FN med eit klart pålegg om at landet må destruera dei anlegga sine.

Ho sluttar seg til oppfordrin­ga frå FNs generalsek­retaer om at alle land nå held seg tilbake, så situasjone­n ikkje eskalerer.

Må reagera

Det internasjo­nale samfunnet kan ikkje la vera å reagera når kjemiske våpen blir brukt. Det må stoppast.

Storbritan­nias Theresa May er sikker på at det ikkje fanst andre mulegheite­r enn å bomba, og Frankrike seier dei er klare til å finna politiske løysingar nå, saman med dei landa som måtte melda si interesse. Jens Stoltenber­g, Natos generalsek­retaer, seier ein hadde nok dokumentas­jon på at kjemiske våpen blei brukt, og at det difor var riktig og nødvendig å bomba.

Mange land har strategisk­e interesser i Syria. Blant dei er USA, Storbritan­nia, Frankrike, Russland, Iran, Saudi-Arabia, Tyrkia og Israel.

Spørsmålet er difor om ein klarer å stoppa her.

USAs president, Donald Trump, sa i helga at USA kjem til å fortsetja angrepa til Syrias president Assad stoppar bruken av kjemiske våpen. Forsvarsmi­nisteren hans, Jim Mattis, dempa den beskjeden, og seier dei ikkje har planar om fleire angrep nå.

Slik det ser ut akkurat nå, kan vi i det minste seia at viljen er sterk til å oppretthal­da det totale forbodet mot å bruka kjemiske våpen i krig. USA, Frankrike og Storbritan­nia har vist at det får konsekvens­ar. Det er heilt nødvendig. Og sjølv om Russland har fordømt angrepet, har likevel president Putin og Tyrkias president Erdogan i løpet av helga blitt einige om at ein nå må finna ei politisk løysing i Syria.

Det må stoppa her

Erfaringan­e frå Afghanista­n, Libya og Irak viser på alle vis at militaere angrep ikkje er vegen å gå for å gi folket fred. Det hjelper ikkje folk i desse landa at ein bombar vekk diktatoren eller det diktatoris­ke styresette­t. Det finst ingenting igjen etterpå som kan fungera. Både IS, og før dei al-Qaida, vaks dessutan fram av vestleg krigføring i Irak og Afghanista­n.

I Syria har den diktatoris­ke tyrannen av ein president, Bashar al-Assad, så godt som vunne krigen. IS er slått tilbake, og har naermast gått i oppløysing. President Assad må vera ein del av ei fredsløysi­ng, og han må vera ein aktiv del av den. Initiative­t til fredsforha­ndlingar ligg hos FN. Dei må invitera Assad til forhandlin­gsbordet.

Det er å håpa at erfaringan­e frå tidlegare krigar er nok til at alle land bidrar til å finna ei politisk løysing.

Helgas bombing har flytta forholdet mellom Russland og USA frå kaldt til iskaldt. Kan vi tru at Donald Trump og Vladimir Putin vil la omsynet til det syriske folket vega tyngre enn eigne, strategisk­e interesser i konflikten, og at Putin kan finna seg i å forhandla med landa som bomba, utan først å visa militaere musklar sjølv, for å gjenoppret­ta balansen? Kan vi tru at ein fyr som Tyrkias president Erdogan vil setja eigne interesser til side, til fordel for syriske sivile?

Vi har liten grunn til å stola på det. Leiarane i dei største landa med dei sterkaste, strategisk­e interessen­e i Syria, har ikkje akkurat vist at dei finn det verken enkelt eller nødvendig å setja seg sjølv til sides.

Men det er å håpa at erfaringan­e frå tidlegare krigar er nok til å få dei til forhandlin­gsbordet nå.

Vi må visa til FN. Og Assad må med. Vi har ikkje noko anna val.

Leiarane i dei største landa med dei sterkaste, strategisk­e interessen­e i Syria, har ikkje akkurat vist at dei finn det verken enkelt eller nødvendig å setja seg sjølv til sides.

 ?? MAXIM SHIPENKOV / TT NYHETSBYRÅ­N ?? Forholdet mellom Russland og USA har gått frå kaldt til iskaldt.
MAXIM SHIPENKOV / TT NYHETSBYRÅ­N Forholdet mellom Russland og USA har gått frå kaldt til iskaldt.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway