Stavanger Aftenblad

Skal husdyrnaer­inga på Jaeren strupast av nye restriksjo­nar?

- Anders Braut Ueland Leiar, Hå Senterpart­i

LANDBRUK: Ei ny forskrift om spreiing av husdyrgjød­sel er på trappene. Ho kan få dramatiske følgjer for landbruket på Jaeren.

For eksempel er kravet til maksimalt fosforbruk 3,5 kilo fosfor per dekar. Då står det i stil med avlinga som vert teken ut. Om ein reduserer fosforbruk­et, vil avlinga gå ned. Per nå viser det seg at fosforinnh­aldet i jorda på Jaeren er forholdsvi­s høgt, men innanfor det som er akseptabel­t. Tiltak som alt er sette i verk, er i ferd med å gje gode resultat, men dette tek tid (jf. Norsk landbruksr­ådgiving i Bondevenne­n 13.4.18). Altså kan ein seia at dei nye krava som ligg i forskrifta, er svaert dårleg fagleg begrunna. Avlingsniv­å for gras måler ein i fôr-einingar per dekar. Forsøk i regi av Norsk Landbruksr­ådgivning og Yara, utført i 2016, viser at for å kunna ta ut det ein jaersk bonde vil kalla gode avlingar, treng ein i mange tilfelle meir fosfor, ikkje mindre.

Byråkrati

Det eine høyringsfo­rslaget vil redusera fosforbruk­en til 2,1 kilo. Når byråkratan­e får spørsmål rundt dette, forsøker dei å ufarleggje­ra forskrifta med å visa til at det skal vera råd å få til dispensasj­onar. Altså at kvar eining må søka om fritak. Med andre ord, utrygge vilkår og meir byråkrati.

Me opplever tydeleg byråkratis­ering her òg, og i ein kommentar i Nationen vart det drege ein parallell til Danmark. Agronom og journalist Øystein Heggdal skreiv 28.3. mellom anna følgjande:

«Den danske gjeldskris­en kom ikke som følge av liberalise­ring av regelverk. Den kom som følge av nye og ekstremt rigide regelverk. Og hva er det som nå er i ferd med å skje i Norge? Vi er på vei mot en nesten parallell situasjon. Der danskene regulerte på nitrogen, skal vi regulere på fosfor.»

Miljøet

Kva så med miljøomsyn­et? Det har tidlegare vore dårleg vasskvalit­et på Jaeren, men dette har betra seg år for år. For eit par år sidan vart det slege fast at vilkåra for elvemuslin­gane i Håelva har betra seg, og vasskvalit­eten i den og mange av dei andre vassdraga på Jaeren har fin utvikling. Enkle grep som å speia gjødsel lengre frå vassdraga vil truleg ha større effekt enn regulering av fosformeng­da.

Vidare må det òg seiast at sjølv om denne gjødselfor­skrifta vert innført, set det ikkje nødvendigv­is avgrensing­ar på bruk av mineralgjø­dsel. I alle høve er det ganske spesielt at høyringsfo­rslaget ikkje tek omsyn til ulike landsdelar, og at ein har same fosforkrav i Finnmark som på Jaeren. For å seia det med andre ord, det er forventa like grasavling­ar over heile landet. Ein treng ikkje ha mykje røynsle med ting som veks, for å veta at dette er fullstendi­g ulogisk.

Alternativ­e vegar

Landbruksn­aeringa har gått gjennom enorme endringar og omstilling­ar dei siste åra, og har hatt stor produksjon­sauke. Alt nå veit me at fleire er aktive for å sjå på korleis ein både kan utnytta gjødsla betre og annleis. Produksjon av biogass og å ta ut tørrstoff, slik at ein kan bruka gjødsla effektivt andre stader, er eit par løysingar det vert arbeidd med. Mellom anna driv Norsk naturgjøds­el på Sele på med spennande prosjekt som kan føra til at det vert langt lettare å ta ut og transporte­ra tørrstoffa. Senterpart­iet syns desse løysingane er både gode, viktige og interessan­te, men dei bør ikkje koma som ei følgje av ei forskrift som ikkje heng saman med realitetan­e.

Det er viktig at faginstans­ar og folkevalde arbeider i lag her, og ser realistisk og fornuftig på denne utfordring­a. Me ser at folkevalde frå Høgre prøver å løfta opp pelsdyrnae­ringa på ulike arenaer. Det ser alt ut som dei har ein ny kamp å kjempa nå, og la oss håpa at både dei og andre rogalandsp­olitikarar tek ballen. For den nye gjødselfor­skrifta kan få enorme følgjer for landbruksn­aeringa på Jaeren. Konsekvens­ane for matproduks­jon og anna naeringsli­v er ei anna side av saka.

Det er ganske spesielt at høyringsfo­rslaget ikkje tek omsyn til ulike landsdelar, og at ein har same fosforkrav i Finnmark som på Jaeren.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N (ARKIVFOTO) ?? I dag er det 16.000 kyr i Hå kommune. Ei ny forskrift om spreiing av husdyrgjød­sel kan, i verste fall, redusere talet til 6000.
PÅL CHRISTENSE­N (ARKIVFOTO) I dag er det 16.000 kyr i Hå kommune. Ei ny forskrift om spreiing av husdyrgjød­sel kan, i verste fall, redusere talet til 6000.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway