Stavanger Aftenblad

Østin Ommundsen og Dybdahl med teaterdebu­t

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

TEATER: Når Rogaland Teater tar avskjed med ein av sine kjaeraste, blir byens beste stabla på beina. Arild Østin Ommundsen og Thomas Dybdahl har begge teaterdebu­t med førestilli­nga «3. august 1964».

Kva skjer når ein filmskapar for første gong skal lage teater? Då blir det veldig klassisk teater, seier Arild Østin Ommundsen som har teaterdebu­t med regien på førestilli­nga «3. august 1964». Den har premiere torsdag i neste veke.

– Eg ser moglegheit­er her som er heilt annleis enn i film. Alt går føre seg i eitt rom, men likevel er staden litt oppløyst. Eg går inn i dette med ei aerefrykt og... ja, ei slags undring over korleis ting fungerer i teater, kva som er kutyme her, seier regissøren.

– Akkurat no er eg i ei fase som visstnok blir kalla helvetesve­ka. Dei seier det går over. Eg har fått ein ny respekt for teater. Dette er intenst.

Frie tøyler

Forfattar og dramatikar Tore Renberg har skrive manus. Han stod fri til å skrive akkurat det han ville og valde å legge handlinga til 1960-talet.

I «3. august 1964» møter vi den formelle Lydia og det nysgjerrig­e barnebarne­t hennar. All handling er lagt til éin dag. Dagen startar med at Lydia blir kalla inn på jobb, men det passar dårleg ettersom ho er satt til å passe sitt sjuke barn. Det ender med at Dordi maser seg til å vere med bestemor på jobb. Stort meir av handlinga røper ikkje Renberg.

– Lydia er ei streng dame frå fortida, litt slik eg hugsar mi farmor. «Nå sitter vi pent», kunne ho seie. Korleis ein oppførte seg og snakka var så utruleg annleis frå i dag.

Renberg fekk frie tøylar, men med eit primiss: Stykket skulle vere ein avskjed til Gretelill Tangen og ho skulle stå på scena med Mareike Wang.

– Heile stykket er nyskrive for Gretelill. Slikt skjer for verdsberøm­te skodespela­rar, men elles aldri. Her er vi alle til stades for Gretelill, seier Renberg.

For eit år sidan blei Gretelill Tangen frilanser etter å ha vore tilknytta Rogaland teater sidan 1956. Gjennom Sandnes Sparebank sitt gåvefond har Østin Ommundsen fått inn Tangen i hovedrolla. Sjølv om dette er ei avskjedsfø­restilling, er det ikkje eit endeleg farvel.

– Eg har alltid sagt at eg ikkje er moden for å slutte heilt. Eg vil jobbe litt, men gjerne ikkje så mykje som eg har gjort til no, seier ho.

Gåvefondet gjer det også mogleg å sette opp førestilli­ngar på dagtid for hjelpe- og pleietreng­ande tilknytt dagsenter i regionen. Planen er at stykket skal visast på dagtid over ei periode på to år.

Dybdahl med teatermusi­kk Thomas Dybdahl komponerer musikken til stykket. Han har gjort mykje, men aldri laga teatermusi­kk før.

– Eg er smerteleg ubevandra i teaterverd­a. Først sa eg at eg ikkje ville, men tenkte etter kvart at eg kanskje kan bruke dette til noko. Det kan vere ein fordel at ein ikkje veit kva ein driv med. Då går ein inn i det med ei slags blanding av ignoranse og arroganse.

– Første gong eg spelte inn musikk, kan eg hugse at eg var litt cocky utan å ha grunn til det. Eg trudde gjerne eg gjorde ting som ingen hadde gjort før og hadde rett og slett meir sjølvtilli­t. Så var det sjølvsagt mange som hadde gjort det same før meg, men det kan vere ein fordel å ikkje vite om det.

Dybdahl har tidlegare laga filmusikk og har blitt heidra med Amanda-pris for dette.

– Eg forheld meg litt til dette som eg gjer med filmmusikk. Samtidig må dette vere meir interessan­t, det skal ikkje verre berre pause, men må vere meir enn ein transport frå den eine scena til den andre. Det er aldri dialog oppå musikken i dette stykket.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? – Det kan vere ein fordel å ikkje veit kva ein driv med, seier Thomas Dybdahl som saman med regissør Arild Østin Ommundsen entrar teaterverd­a for første gong. Tore Renberg har til gjengeld blitt det han kallar «ein halverfare­n dramatikar».
PÅL CHRISTENSE­N – Det kan vere ein fordel å ikkje veit kva ein driv med, seier Thomas Dybdahl som saman med regissør Arild Østin Ommundsen entrar teaterverd­a for første gong. Tore Renberg har til gjengeld blitt det han kallar «ein halverfare­n dramatikar».
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Gretelill Tangen som den strenge bestemora Lydia. Mareiek Wang spelar 14 år gamle Dordi.
PÅL CHRISTENSE­N Gretelill Tangen som den strenge bestemora Lydia. Mareiek Wang spelar 14 år gamle Dordi.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway