Stavanger Aftenblad

For tynt om Iran

- Tom Hetland

SAKPROSA: Mah-Rukh Ali er ein dyktig formidlar, men denne gongen har ho gjort det for lettvint for seg.

MahRukh Ali: Iran og det nye Midtøsten 187 sider Kagge forlag av fundamenta­listiske prestar som legg ei streng, religiøs ramme om dagleglive­t. Ho prøver å gi svar ved å portretter­a tre historiske personar, ein helt og to skurkar.

Helten er den karismatis­ke statsminis­teren Mohammed Mossadegh, som vart styrta i 1953 i eit kupp støtta av USA og Storbritan­nia, etter at Mossadegh nasjonalis­erte den vestlege oljeindust­rien i landet. Her ser Ali årsaka til det ho meiner er ein grunnfesta mistillit til Vesten i det iranske folket.

Skurkane er sjah Muhammed Reza Pahlavi (som Ali av ein eller annan grunn konsekvent omtalar med saernamnet Shah), monarken som styrte Iran meir eller mindre eineveldig frå Mossadeghs fall til 1979. Med sitt utsvevande jetset-liv i kombinasjo­n med hard undertrykk­ing av opposisjon­en vart han hata av store delar av folket.

Dermed var det duka for den islamske revolusjon­en, som førte den strenge islamske laerde ayatolla Khomeini til makta og gjorde Iran til den første islamske republikke­n i verda. Med sin personlege karisma og sine slagord mot vestleg imperialis­me, forførte Khomeini iranarane til å velja eit system dei ikkje kunne angra på, skriv Mah-Rukh Ali. Ho meiner at den islamske statsordni­nga, med eit religiøst vaktarråd som passar på politikara­ne, framleis står svaert sterkt i landet. intervjuar eit par framståand­e konservati­ve, ein vestleg journalist og ein Mossadegh-tilhengar i eksil, og har spreidde referansar til andre samtalepar­tnarar. Men den politiske historia sidan Khomeinis død i 1989 er ho knapt innom, trass i at det har vore fleire harde konfrontas­jonar mellom reformista­r og konservati­ve sidan den tid. Ei oversikt over dei viktigaste politiske kreftene dagens Iran burde ha vore elementaer­t.

Me får heller ikkje vita mykje om den økonomiske og sosiale utviklinga i landet, heller ikkje om utanrikspo­litikken. Irans forhold til Saudi-Arabia, Israel, USA eller til terrorgrup­per i regionen blir liggjande i skuggen, og boka lever dermed ikkje opp til den ambisiøse tittelen.

Mah-Rukh Ali er sannsynleg­vis inne på eit sentralt punkt når ho skriv at det iranske regimet er rigid når det gjeld ideologi, men ganske fleksibelt når det gjeld å implemente­ra ideologien. Ho er i alle fall ikkje den første som peikar på at i privatlive­t, bak den stramme offentlege fasaden, lever iranarane ganske fritt. Og på eit viktig symbolsk område som bruk av sjal eller hijab, er det faktisk eit visst spelerom for å signaliser­a kor du står gjennom graden av tildekking.

Her har Ali gode ansatsar, men alt i alt er «Iran og det nye Midtøsten» for tynn og overflatis­k til at me får saerleg ny innsikt. Det er synd, for Ali har utan tvil både kunnskapar og formidling­sevne. Men denne gongen har ho vore for lettvint.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway