Stavanger Aftenblad

Noko er større enn deg sjølv

- Solveig Grødem Sandelson Debattreda­ktør solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Det finst viktigare ting enn eit blankpussa omdømme. Også for Osloskulen og elevane deira.

Det er måndag 5. mars. Klokka er seks på ettermidda­gen, og NRKs Fredrik Solvang har nettopp sparka i gang debattprog­rammet Dagsnytt 18.

«Vi er i gang her», les lektor Simon Malkenes ved Ulsrud vidaregåan­de skule. «B bannar og ropar. M vandrar. R jobbar ikkje. B fell til ro når M er ute. R og S kranglar høglydt.» Malkenes skildrar ein klassesitu­asjon. Ein syng, ein er borte, ein kjem for seint, ein har ikkje bok, ein jobbar bare viss laeraren sit med han. Poenget, ifølgje Malkenes, er å visa kva som oppstår i eit klasserom når svaert mange sårbare og svake elevar er samla der. «Vi har ungar og ungdommar i vanlege klassar som skulle hatt ei heilt anna oppfølging», seier Malkenes. «Dei står i prekaere, tunge livssituas­jonar som gjer dei svaert sårbare. Dei har det så tungt at nesten ingenting er igjen til laering når dei kjem på skulen.»

Malkenes kritiserer systemet. Han meiner systemet med fritt skuleval i Oslo bare er fritt for dei med gode karakterar, mens dei med svake karakterar ikkje har noko val. Dei hamnar der det er plass. Altfor mange av dei hamnar på same skule, i same klasserom. Der, fortel Malkenes, bruker dei strategiar barn og unge bruker når dei ikkje meistrar ein situasjon, dei vandrar, blir urolege, dei er opptekne av ikkje å bli avslørte i at dei ikkje kan.

Krenkande?

Rektor Dave Dunlop på Ulsrud vidaregåan­de skal, ifølgje Klassekamp­en, ha varsla skuleeigar­en om at Malkenes på Dagsnytt 18 kan ha krenka elevane. Han bruker rett og slett paragraf 9A i opplaering­slova. Mobbeparag­rafen. Der det heiter at «dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskrimine­ring, vald eller rasisme, skal vedkommand­e snarast undersøkje saka og varsle skoleleiin­ga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.» Er det ein tilsett som utsett ein elev for dette, er kravet om varsling og tiltak nå endå strengare. Og det er eleven si oppleving som skal leggjast til grunn, i første omgang.

Dersom skulen konkludere­r med at elevane er krenka eller trakassert­e eller mobba av Malkenes på Dagsnytt 18, kan dei oppretta sak mot han. Han kan bli irettesett, få ei skriftleg åtvaring, eller bli oppsagt.

8. april står eit lesarinnle­gg frå klassa til Malkenes på trykk i Aftenposte­n. Elevane kjenner seg krenka. Det er i ettertid usikkert kor mange av dei det gjeld, og om dei har fått hjelp av vaksne på skulen til å skriva innlegget.

Sett utanfrå

Eg høyrde Dagsnytt 18 måndag 5. mars. Eg høyrde ikkje at nokon blei utsett for krenkjande ord, mobbing eller diskrimine­ring. Men eg høyrde ein laerar som var alvorleg bekymra for elevane sine, og for kva skulepolit­ikken i Oslo fører til for dei svakaste og mest sårbare. Han skildrar klassesitu­asjonen både han og elevane må stå i. Som laerar forstår han kvifor dei gjer som dei gjer, at det er noko dei tyr til for å klara dagen sin, han forstår at alle desse strategian­e blir forsterka når så mange av dei ikkje kan klara å meistra situasjone­n, og han forstår også kvifor dei har det slik.

Det han gjorde var viktig. Vi er alle med og betalar for skulen vår, vi er alle med på å velja dei som skal bestemma over skulen vår, det er framtida vår vi stolar på at skulen tar vare på og byggjer opp. Difor er det viktig, svaert viktig til og med, at laerarar opent kan ytra seg om forhold i skulen. Det angår oss alle. Det gir oss grunnlag til sjølv å gjera oss opp ei meining.

Men i ei undersøkin­g Norsk Lektorlag nettopp gjorde, svarte over halvparten av laerarane at dei er redde for å kritisera forhold ved eigen skule, fordi dei fryktar negative reaksjonar.

Ting kan vera større enn deg sjølv

Alle elevar har rett på opplaering. Alle elevar har rett på ei likeverdig opplaering. Til elevane som kjenner seg krenka: De har ein laerar som tar til motmaele mot dei som er mektigare enn både han sjølv og de er. Han protestere­r mot den skuledagen desse mektige har gitt dykk. Og han gjer det ein stad der både dei mektigaste i landet vil få høyra det, og der mange vanlege folk, som skal velja kven som skal bestemma over skulane våre, høyrer det. Det er modig. Og det er lojalt mot noko så høgtideleg som demokratie­t vårt, og mot noko så viktig som de som er elevane hans.

Eg skulle ønska de klarte å høyra at han snakkar om ei sak som er viktig for dykk, han nemner ikkje ein einaste dårleg eigenskap hos ein einaste elev. Men eg ville aldri halde ut verken og vore laerar eller elev i det klasseromm­et. Av og til er det viktig å klara gjenskapa ein slik situasjon, for å få oss som står utanfor dette klasseromm­et til å forstå. Til å høyra etter. Og til å konsentrer­a oss om sak. Ikkje om personar. Viss alle skal vera så redde for å bli krenka at ein ikkje kan gjera slikt som dette, blir det altfor vanskeleg å kritisera kva svaere system, makt og dårleg brukt makt kan føra til for dei som blir utsette for det. Eg skulle ønska de klarte å sjå det.

Til skuleleiin­ga, til rektor, til utdannings­etaten der borte i Oslo: Å koma trekkjande med mobbeparag­rafen på vegner av elevane her, er hårreisand­e. Det er heilt hinsides. Og de burde ha konkludert med det for mange veker sidan.

Simon Malkenes har brukt ytringsfri­dommen sin til å driva systemkrit­ikk.

Det er det viktig at fagfolk gjer.

For det finst faktisk ting som er viktigare enn eige omdømme. Unge elevars sjanse til å meistra dag etter dag etter dag i den skulen de har så mektig ansvar for, er heilt soleklart blant dei.

Det er viktig, svaert viktig til og med, at laerarar opent kan ytra seg om forhold i skulen. Det angår oss alle. Det gir oss grunnlag til sjølv å gjera oss opp ei meining.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway