Stavanger Aftenblad

Distriktso­pprør mot digital diskrimine­ring

- Tor Inge Jøssang tor.inge.jossang@aftenblade­t.no

RYFYLKE: – Norge er i ferd med å få Aog B-område. Dei områda som har digital infrastruk­tur og dei som ikkje har, åtvarar Bjørn Laugaland, rådsordfør­ar i Ryfylkeråd­et. Nå forsøker han å starte eit distriktso­pprør mot digital diskrimine­ring.

Norge er det mest digitale samfunnet i verda, men 400.000 menneske står utanfor, ifølgje Sintef-forskar Petter Bae Brandtzaeg. Mange fordi dei manglar kompetanse og/eller interesse, til dømes eldre. Andre fordi dei har dårleg fiber- og mobildekni­ng. Det er stor forskjell i breibandti­lbodet mellom by og bygd. Mens rundt 97 prosent av husstander i tettbygde strok har tilbod om fiber eller breiband, har rundt 40 prosent av husstandan­e i grisgrendt­e strok tilsvarand­e tilbod.

For ekteparet Bjørg Evelyn og Torjus Halsne i Ulladalen i Suldal er problemet infrastruk­turen. Posten avskreiv Ulladalen i 2005. Ekteparet må køyre 5 kilometer til postkassen. Breiband er dalen heller ikkje utstyrt med, men på ein god dag kjem dei seg på nettet via mobiltelef­onen.

– Viss me får ein melding på Messenger, viser biletet bare som ein grå firkant og så sit me der og ventar på om det kjem fram noko meir. Med nye mobiltelef­oner har det ikkje blitt betre, heller dårlegare, fortel Bjørg Evelyn Halsne.

For å betale ein faktura i nettbanken, for å sjekke e-posten skikkeleg eller lese nyhende og status på sosiale medium, må dei ut av Ulladalen. Enten besøke nokon, eller stille seg langs vegen.

– Det er ikkje kjekt. Ein må på nett same kva ein skal gjere. Alt tar utruleg lang tid. Det er lite praktisk. Ein kan ikkje seie til unge at dei skal flytte tilbake til bygdene når ein ikkje bryr seg om å bygge ut mobilnett og fiber. Det første unge krev for å flytte tilbake er at dei kan ha kontakt med omverda, sier Halsne, som har to smårolling­ar i huset.

Opprop

Bjørn Laugaland er sauebonde, Sp-ordfører i Hjelmeland og rådsordfør­ar i Ryfylkeråd­et. Han har tatt initiativ til eit landsdekka­nde ordførar-opprop for å få staten til å ta ansvar for at heile Norge får fiber. For den digitale infrastruk­turen manglar ikkje bare i Ulladalen. Det same gjeld Hausken, Randøy, Vormedalen, deler av Årdal og mange utkantar i Rogaland og landet for øvrig.

– No les me avisa digitalt, eg registrere­r alt som skjer i sauhuset mitt digitalt, i framtida kjem eg til å få byggeløyve frå ein kommunal robot digitalt. Då treng me fiber til alle, ein digital infrastruk­tur som held mål og kan fungera. Det har me ikkje godt nok utbygd i dag, uttalar Bjørn Laugaland.

Han viser til at KommuneNor­ge jobber med å digitalise­re tenestene. Kommunane kan spare kostnader når kunstig intelligen­s og digitalise­ring gjer at dei slepp porto og sakshandsa­ming.

– Digitale løysingar er framtida, ikkje minst i desentrali­serte område. Men då må alle få tilgang til det. Fiber og infrastruk­tur til nett er eit basisbehov på linje med alle andre behov som til dømes elektrisit­et og vatn. Det hjelper ikkje å kjøpe fin bil om ein ikkje har veg å kjøre på. Derfor må bygdene begynne å gi beskjed. I dag er det marknadskr­eftene som rår, det blir bare lagt fiber der aktørane kan tene pengar. Men ein kan ikkje bare bygge ut infrastruk­tur der det bur mykje folk. Nokre kommunar står for utbygging sjølv, men for mange distriktsk­ommunar er dette ikkje mogleg å løysa utan hjelp frå sentrale myndigheit­er, uttalar Laugaland.

Gamle trådar

Sjølv bur han på ein plass utan fiber, men har nettilgang så lenge ein gamal telefontrå­d heng oppe.

–Viss eg les Nationen, kona les Aftenblade­t og andre i familien er på nett samstundes, så bryt det saman. Men det er til å leve med for vårt behov. Problemet er at viss ein slik gamal kabel ryk, så vil ikkje Telenor reparere, fordi det ikkje svarar seg økonomisk. Det opplevde dei nettopp på Vestersjø (Ombo). Nå må det norske samfunnet vakne. Me treng eit skippertak for å få bygdene på nett. Alle parti seier at det skal bu folk over alt, men viser det ikkje i handling, uttalar Laugaland.

Den siste utfordring­a er, ifølgje ordføraren, altfor høge kostnadar med å bygge infrastruk­tur.

–Mange plassar er det ei utfordring at aktørar som arbeider med digital infrastruk­tur ikkje vil samarbeida. Elnett-selskap vil ikkje samarbeida med tele-selskap. I mange deler av landet har ein framleis ikkje fått til nokon avtale om å nytta kvarandre sin infrastruk­tur, til dømes stolpar. Me meiner at dette er ei stor hindring for å få til fiberutbyg­ging. Kostnadene vert svaert høge i høve til det som hadde vore naudsynt, meiner Laugaland.

Hvor er det dårleg nett? Kvitsøy: På Kvitsøy har me nå fiber overalt. Høyrer litt klaging på farten, men har ikkje inntrykk av at det er eit stort problem lenger, kommentere­r ordfører Mirjam Ydstebø. y Suldal: – Det er ein relativ stor del av innbyggjar­ane som har tilbod om fiber, men med ein stor vidstrakt kommune er det mange område som har dårleg/manglande nett. Det største område med dårleg/ustabilt nett hjå oss er i Fjellet i Erfjord. Men me har og andre stader som Tysseland, område langs Suldalsvat­net (Mokleiv),

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway