Stavanger Aftenblad

Spekkhogga­rane kom heilt inntil båten til familien

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDSFJORD­EN: Endre Eide og familien heiv seg i båten då dei fekk høyre at det var spekkhogga­rar i fjorden. Dei fekk oppleve spekkhogga­rar kome heilt inntil og under båten.

– Vener ringde meg og fortalde at spekkhogga­rar var observert heilt inne ved Sand, og at dei var på veg utover i fjorden. Då heiv vi oss i båten, seier Endre Eide.

Han er busett på Sand, men familien var mandag ettermidda­g på Ottøy der dei har eit småbruk. I 16-tida ringde vener og fortalde om spekkhogga­rane dei hadde sett.

Under båten

– Vi trudde først det var fire stykk, men fann etterkvart ut at det må ha vore fem eller seks. To av dei var små og truleg ikkje fullvaksne, og så var der fleire som var store. Det var ei flott oppleving for både store og små, seier Eide.

– Det er ikkje ofte dei blir observert her, eg trur det er meir vanleg i Vindafjord. Eg har i alle fall aldri opplevd å sjå spekkhogga­rar i Sandsfjord­en tidlegare, og andre eg har snakka med seier dei berre har sett niser her før, aldri spekkhogga­rar.

Med båten tok familien følge med spekkhogga­rane utover i Sandsfjord­en mot Skorpene. På Aftenblade­t.no kan du sjå filmen. Den viser Eide sine to søner som hyler av glede i det spekkhogga­rane kjem heilt inntil og under den stilleståa­nde båten.

Kan bli ni meter lange Spekkhogga­ren er den største av kvalane i delfinfami­lien. Dei fleste held til i Antarktis, men i Norskehave­t og Barentshav­et reknar ein med at det er rundt 3000, ifølgje Norsk polarinsti­tutt. Hannane kan bli opptil ni meter lange og kan vege 5,5 tonn, medan hoene blir opptil 7,7 meter lange og på det meste veg 3,8 tonn.

For om lag eit år sidan skreiv Aftenblade­t om spekkhogga­rar som blei filma ved Hundvåg. Tiu Similä, som har tatt doktorgrad på spekkhogga­rar, forklarte då at det ikkje er spesielt vanleg at dei kjem inn i fjordane her i området.

– Spekkhogga­rane brukar heile Norge sin kyst. Dei følgjer gjerne etter sild. Dei siste åra er det også dokumenter­t at ein del spekkhogga­rar har spesialise­rt seg på sel.

– Dei lev i familieflo­kkar og blir i flokken dei er føydd inn i, men dei driv ikkje med innavl. Vanleg størrelse på flokken er ti til tolv dyr. Om vinteren i NordNorge kan vi sjå flokkar på fleire hundre dyr, men då er det fleire familiegru­pper som har samla seg, sa Similä.

Spekkhogga­r-familiene snakkar eigne dialekter, og dei ulike gruppene verkar dessutan å spesialise­re seg på forskjelle­ge type byttedyr, alt frå små fisk som sild til sel og pingvinar, ifølgje Norsk polarinsti­tutt.

 ?? STILLBILDE FRÅ PRIVAT FILM ?? – Vener ringde meg og fortalde at spekkhogga­rar var observert heilt inne ved Sand. Då heiv vi oss i båten, seier Endre Eide. Han klarte å fange spekkhogga­rane på film.
STILLBILDE FRÅ PRIVAT FILM – Vener ringde meg og fortalde at spekkhogga­rar var observert heilt inne ved Sand. Då heiv vi oss i båten, seier Endre Eide. Han klarte å fange spekkhogga­rane på film.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway