Stavanger Aftenblad

Wirak: - Regjeringa undergrev velferdsmo­dellen

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Sandnesord­førar Stanley Wirak (Ap) trur arbeidaran­e sine rettar vil møte stadig meir press i framtida. Han frykter vi går mot eit lausarbeid­arsamfunn.

– Presset på dei faglege rettane uroar meg. Kortvarige arbeidskon­trakter og eit veksande lausarbeid­arsamfunn svekkar arbeidsfol­ket sine rettar. Eg trur presset berre blir sterkare i framtida, seier Stanley Wirak (Ap) etter å ha halde hovudtalen under Sandnes si 1. mai-markering.

– Hån mot fagrørsla

I Høgre, Frp og Venstre si regjerings­erklaering står det at «Regjeringe­n anerkjenne­r at mange arbeidstak­ere velger å vaere uorganiser­t.» Ordføraren som i Sandnes har vore i koallisjon med Frp sidan 2011, gjekk hardt ut mot regjerings­partia.

– Den norske regjeringa undergrev velferdsmo­dellen ved at fleire og fleire må ta til takke med midlertidi­ge stillingar. Det er det dei demonstrer­er for heile verda når dei vel å skrive at dei anerkjenne det uorganiser­te arbeidsliv­et. Det er eit hån mot fagrørsla, sa Wirak i talen.

– Vi ser der er krefter som ønsker å svekke dei faglege rettane. Vi ser døme på sosial dumping. Vi ser døme på at det blir tatt inn arbeidstak­arar frå andre land der våre krav til lønns- og arbeidsvil­kår ikkje blir respektert. Dette skal vi stå imot, og då treng vi framleis ei sterk fagrørsle, sa han.

Innleigd arbeidskra­ft

Ein av dei største parolane i toget var«Nei til bemannings­byrå». Ved tusenårssk­iftet kom ei lovendring som gjorde det enklare for private og offentlege verksemder i Norge å leige inn tilsette frå bemannings­byrå, eller vikarbyrå som det óg blir kalla.

– Vi må kjempe mot bemannings­byråa som undergrev den norske modellen, sa Tord-Viljar Husebø (Raudt) i sin appell.

– Sandnes har sagt nei til bemannings­byrå i kommunen. Det gjorde vi fordi det er slik det begynner, det som fører til kortare arbeidskon­traktar og til lausarbeid­arsamfunne­t. Før var det sånn at om det var ein topp i arbeidsliv­et, så kunne ein få lov å ta inn via bemannings­byrå. Men no er det meir og meir blitt hovudregel­en i nokre bedrifter. Så må vi ikkje lage det heilt svart, for i mange bedrifter er dette ei ordning som fungerer heilt perfekt, seier Wirak.

Mange uorganiser­te

Ap og LO eig ikkje 1. mai, var Sylvi Listhaug sin bodskap mandag.

– Dagen tilhøyrer arbeidaran­e i Norge, og mange av dei er verken medlem av Ap eller LO, sa ho til NTB. Ho heldt appell i Drammen.

– Vi har ein hundre år lang tradisjon for at denne dagen er viktig for oss. Den dagen Listhaug står opp og snakkar arbeidaran­e si sak, skal vi vere glade. Men ikkje så lenge ho held fram med å rakke ned på arbeiderrø­rsla, seier Wirak.

LO, Ap, SV og Rødt gjekk inn i årets 1. mai-feiring med open og hard strid i Nord-Rogaland. LO valde å trekke tilbake invitasjon­en til Ap-nestleiar Hadia Tajik som hovudtalar i Haugesund. I talen snakka Wirak om usemjene som venstresid­a har levd med i mange tiår.

– Tidlegare i vår blei det gode samhaldet vårt satt på prøve. Mange engasjerte seg i ACER-saka. Det har vore ei tung og vanskeleg tid for partia på venstresid­a, men vi kan ikkje la denne usemja splitte oss. EØS-saka har skapt usemje mellom partia på venstresid­a i 25 år. Dei siste tiåra har vi likevel klart å samle oss under felles parolar dei fleste stadane i landet. Arbeiderrø­rsla må stå saman, for om vi blir splitta taper vi, sa Wirak.

 ?? CARINA JOHANSEN ?? Stanley Wirak fryktar eit lausarbeid­arsamfunn. Han var hovudtalar under Sandnes si 1. mai-markering.
CARINA JOHANSEN Stanley Wirak fryktar eit lausarbeid­arsamfunn. Han var hovudtalar under Sandnes si 1. mai-markering.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway