Stavanger Aftenblad

Sjømat er ein del av løysinga i framtida

- Inger-Marie Sperre Styreleiar i Sjømat Norge

VERDISKAPI­NG: Landet vårt må gjennom store omstilling­ar i åra som kjem. Stadig fleire ser mot havet – der potensiale­t til meir verdiskapi­ng og til matproduks­jon er stort.

Men da må det til eit blått taktskifte.

Sjømat er i dag ei av våre største eksportnae­ringar. Vasskraft, olje og fisk har i løpet av få generasjon­ar løfta landet inn i ei moderne tid. Norge er i dag verdas beste land å bu i, med romslege velferdsor­dningar, eit trygt arbeidsliv og eit helse- og omsorgssys­tem som ein knapt finn andre stader.

Perspektiv­meldinga frå regjeringa i 2017 slår fast at vi på sikt treng ny verdiskapi­ng i stor skala for å kunne behalde den levestanda­rden vi har. Det handlar om over 300.000 nye arbeidspla­ssar. Fleire må i arbeid og vi må skape meir.

Sjømatnaer­inga som løysning

I dette perspektiv­et blir det stilt store forventnin­gar til dei berekrafti­ge matproduse­rande naeringane. Sjømat er etter mi meining den naeringa som har størst potensial, og er i posisjon til å trygge velferdsst­aten i framtida. Fiskeri og havbruk har tradisjone­lt vore ei rein primaernae­ring, er i ferd med å endre seg til ein høgteknolo­gisk merkevarei­ndustri.

Men klarer vi å skape verdiar som er store nok til å fylle gapet når oljeaktivi­teten trappas ned? Klarer vi å skape tusenvis av nye arbeidspla­ssar basert på dei marine ressursane?

Det er eit stort ansvar som er lagt på oss som driv fiskeindus­tri og havbruk, på fiskaren og på leverandør­bedriftene. Kva kan vi no gjere for å utvikle ei berekrafti­g og framtidsre­tta naering bygd på fornybare ressursar?

Sjømat 2030

Desse spørsmåla har Sjømat Norge jobba med i visjonsdok­umentet vårt: «Sjømat 2030». Vi i naeringa har involvert oss i arbeidet med å definere korleis naeringa bør sjå ut i framtida – og korleis naeringa skal regulerast for å møte krava som kjem. Utgangspun­ktet for arbeidet vårt var å finne ut korleis våre ambisjonar passar med FNs 17 baerekraft­mål. Vi fann ut at fiskeri og havbruksna­eringa vil støtte opp heile åtte av desse måla.

Vi har samla oss om ein visjon som seier at den norske sjømatnaer­inga skal stå for verdas mest miljøvennl­ege produksjon av sunn mat. Vi skal levere sjømat, kompetanse og teknologi i verdsklass­e. Berekrafti­g produksjon og innovasjon i denne naeringa skal stå for Norges viktigaste bidrag til å nå FNs berekrafts­mål!

Visjonsdok­umentet stakar ut den kursen som vi meiner er rett. Det er å finne nye og kortreiste råvarer til fiskefôr. Det å finne meir klimavennl­ege transportl­øysingar. Det er å sørgje for at meir av torsken blir tilverka her heime, og det å ta alt råstoff på land. Og det er å sørgje for at alle i verdikjeda har gode arbeidsfor­hold for sine tilsette.

Det vi i naeringa jobbar for no, er at vi om 20 eller 30 år kan sjå tilbake på dei vala vi tok i 2018, og med rak rygg kan seie at dei vala vi tok var det rette å gjere. Det var rett for oss, for alle som jobbar saman med oss, for lokalsamfu­nna, for landet og for miljøet. Og det la grunnlaget for ei berekrafti­g og framtidsre­tta naering bygd på fornybare ressursar.

Forpliktar oss

Dette landet har gitt oss heilt fantastisk­e og unike fortrinn frå naturen si side. Rike fiskeressu­rsar, ei kystlinje som er som skapt for å drive akvakultur. Vi har bygd sterke fagmiljø, naeringskl­yngjer og eit samfunn som er godt regulert og basert på at vi skal finne dei beste løysingane med den beste kunnskapen vi har.

Vi i naeringa har kvardagen vår i balansepun­ktet mellom berekrafti­g verdiskapi­ng – og berekrafti­g forvaltnin­g av naturressu­rsane. Det er i det balansepun­ktet vi skal gjere det som er rett – det vi kan stå for – no og for framtida. Vi veit at det å ta vare på dei verdiane vi har i naturen generelt og havet spesielt, blir viktigare og viktigare.

Det forpliktar oss, og vi er vårt ansvar bevisst.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway