Stavanger Aftenblad

Vi kan skape ei haldningse­ndring

- Tore O. Koppang Sandnes

MILJØ: Nei, vi reddar verken kvalen eller anna meir eller mindre intelligen­t liv berre ved å stoppe sal av heliumball­ongar 17. mai, kaste tyggisen i bosset eller intimt søppel der det visseleg høyrer heime, men vi kan vere med å skape ei haldningse­ndring.

Dei fleste av oss i dag kan gå med på kjeldesort­ering og ein reduksjon i forbruket, så sant det er lagt til rettes for sånt. Når kommunar og nasjonar legg føringane, følgjer folk med, noko som viser igjen med fargerike avfallsdun­kar for ulikt søppel, aukande omsetning av el-bilar/-syklar og ordningar som Hjem-Jobb-Hjem. Det har blitt moderne å vere naturvenle­g, om enn ikkje blant alle i den populistis­ke eller klima-fornektand­e leiren.

Harald Birkevold har i onsdagens kronikk (25. april) rett i at det i det store bildet hjelper lite med små drypp, som nemnt ovafor. Skal det monne globalt, må alle gå med på drastiske tiltak som vil påverke kvardagen i større grad enn vi kanskje ønskjer.

Blir langt merke til

Det er dessverre dei faerraste villege til – enno. Då er spørsmålet: Skal vi berre gi blaffen, fordi det ikkje hjelper å handle lokalt? Eller skal vi som er over gjennomsni­ttet opptekne av miljø, gjere våre medborgara­r oppmerksam­e på kva ein kan gjere kvar dag, heile året, nettopp med stadige små drypp?

Eg har tru på at mange små påminninga­r, i yttarste konsekvens forbod, vil endre folk sine brukarvana­r. Sånt blir lagt merke til blant våre folkevalde og i naeringsli­vet.

Skal vi handle som strutsen?

Spesielt er det positivt å registrere at det blant neste generasjon politikara­r – der vi finn framtidas stats- og utanriksmi­nistrar med potensiell global påverknads­kraft – finst fleire som har sterkare miljøengas­jement enn dagens politikara­r. Då byrjar vi å snakke! Det kan hende det er for seint, men skal vi handle som strutsen eller det intelligen­te vesenet på to bein som vi opphavleg var meint som?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway