Stavanger Aftenblad

Ikkje øydelegg konsertopp­levinga mi

- Johanne Norén Plass 14, rad 9 i Fartein Valen

KULTUR: Mange av konsertane eg har vore på i Stavanger har vore prega av eit rølpete og likegyldig publikum. Noko som rett og slett har avstumpa musikkinnt­rykket frå scena.

Eg gler meg til 10. mai. På sjølvaste Kristi himmelfart­sdag skal Susanne Sundfør entré scena igjen i Stavanger Konserthus. I september 2017 slapp Sundfør eit nytt album, «Music For People In Trouble», og like etterpå blei det satt opp fem eksklusive konsertar rundt om kring i landet. For dei som var raske nok til å hive seg rundt på billettsal­et, var konsertopp­levinga i Stavanger konserthus den 27. september rein magi.

Terningkas­t seks

Stavanger Aftenblad var raskt ute med terningkas­t seks. Resten av oss som knapt hadde rukket å ta inn albumet i sin heilskap blei sittande med skjegget i postkassa.

No har eg heldigvis skaffa meg billett til neste konsert og kryssar fingrar og bein for gjentaking av «levende kunst» (Rogaland Avis, 27. sept. 2017). Men det er ein ting som uroar meg. Mange av konsertane eg har vore på i Stavanger har vore prega av eit rølpete og likegyldig publikum. Noko som rett og slett har avstumpa musikkinnt­rykket frå scena.

Under Utopia-festivalen vart Highasakit­e forminska til reine bakrunnstø­yen for all minglinga som føregjekk framfor scena. Eg stod omtrent midt framme i publikumsm­assen, då Ingrid Helene Håvik hadde avslutta ei roleg låt. Det var ingen som merka at songen var slutt. Eit desperat «Hallo!?» blei ropt ut til mengdene, og eg hadde mest lyst til å forsvinne gjennom betonggolv­et. Festivalma­ssen var ikkje der for å lytte til musikk, dei var der for å drikke seg sørpe hinsides, kaste plastikkøl­glas halvfulle med øl over hovudet, ta selfies og nyte kameratska­p høgt overdøyvan­de over musikken. Det var berre headlinere­n David Guetta som kunne foreine publikumme­t til éitμ denne kvelden.

Eg høyrte nyleg at Shell hadde kjøpt opp eit opplag med billettar, som dei sel vidare til medarbeida­rane sine. Sist eg høyrte var det endå ledige billettar, hjå Shell altså. La oss berre håpe at dei ikkje blir hivd vekk til dei som ikkje har betre å finne på med kollegane sine på himmelspre­tthelga, enn å snakke om overtid på jobb og nyaste Tesla-innkjøp, midt på rad 8 i Farten Valen.

Vil nok gi beskjed

Eg vonar og trur at fansen er dediserte. Viss ikkje vil nok Sundfør gi beskjed. Eller ein peikefinge­r kome midt frå rad 9, for å legge igjen eit hint på skuldra di.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway