Stavanger Aftenblad

Kva er vitsen med vitsen?

- Jan Zahl jan.zahl@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Donald Trump & Co. er fornaerma fordi komikar Michelle Wolf gjorde narr av dei på ein festmiddag i Washington D.C. Som vel er heile poenget med å hyra ein narr.

Hugsar du narren? Om ikkje anna, møter du han kvar gong du tek fram ein kortstokk og legg til sides jokeren.

Narren er ein historisk figur som kan sporast tusenvis av år tilbake i tid. Men me kjenner nok best til middelalde­rens europeiske narrar, gjerne kortvokste karar i dette pussige kostymet, som var tilsette ved hoffet for å gjøgla og underhalda. Det heilt spesielle med narren var at han også kunne driva ap med fyrsten, koma med kritikk andre ikkje ville kome unna med.

Som det står i teaterleks­ikonet på teaternett.no, hadde narren ei rolle som ikkje skulle takast alvorlig. Ingen kunne bli fornaerma av å bli erta av ein narr: «Samtidig hadde fyrsten nytte av å få kritikk på en humoristis­k måte: Han fikk beskjed om hvilke oppfatning­er folk hadde av han, og kunne dermed endre seg og gjøre seg mer populaer. Det kunne ligge alvor bak narrens spøk.»

Korrespond­entmiddag i D.C.

Spol 300–400 år fram, dra frå Europa til dagens USA, og til den årlige korrespond­ent-middagen i Washington D.C. i helga. Der var komikaren Michelle Wolf hyra inn for å stå for den tradisjone­lle «roasten». Roast er ein sjanger innanfor stand up-komikk der ein driv med humoristis­k fornaermin­g. Premissen er at heidersgje­sten må ta det heile med sjølvironi og ikkje har lov å bli fornaerma eller sur. I alle fall ikkje offisielt.

Nå var ikkje heidersgje­sten til stades, i år som i fjor. Men fram til Donald Trump blei president, har altså presidente­n alltid stilt opp på den tv-sendte middagen – så sant han ikkje har vore skoten. Til gjengjeld ringte Ronald Reagan inn frå sjukesenga i 1981.

Korleis det gjekk med Wolf i helga? Vel, tilbakemel­dinga har vore blanda, for å seia det slik. Ein del av gjestene i rommet lo, andre lo definitivt ikkje. Somme tykte dette var moro, andre at det var langt over streken. Nokre få forlét rommet i protest, men både Trump-rådgjevar Kellyanne Conway og pressetals­kvinne Sarah Huckabee Sanders blei sitjande, med steinansik­t, mens spøkane hagla mot dei.

Ei skam?

Det var kanskje ikkje så overraskan­de at Trump-tilhengara­r og folk som tidlegare pressetals­mann Sean Spicer etterpå meinte Wolfs monolog var ei skam. Heller ikkje at Trumps favorittka­nal Fox News var over seg. Men dei fornaerma fekk også støtte av ein del journalist­ar som ikkje tilhøyrer høgresida i det polarisert­e, amerikansk­e samfunnet. Maggie Haberman i liberale The New York Times skreiv på Twitter at det var imponerand­e at Sanders blei sitjande mens ho blei så durabelig kritisert på nasjonalt fjernsyn, mens Mika Brzezinski frå MSNBC meinte Sanders fortente ei orsaking frå arrangøren. Og seint søndag kom Margaret Talev, president i korrespond­entforeini­nga som arrangerer middagen, med ei erklaering om at årets monolog ikkje bidrog til formålet om å samla seg i kampen for ei fri presse. Ho varsla at ein vil sjå på opplegget for neste år.

Ja, og så melde sjølvsagt The Tweeter in Chief seg. «Korrespond­entmiddage­n i fjor var ein fiasko, men dette året var det pinleg for alle involverte. Legg ned arrangemen­tet, eller start heilt på nytt!» tvitra Donald Trump.

Vitsen Donald Trump

Det er på ingen måte første gong (komikar)monologen på korrespond­entmiddage­n blir omdiskuter­t. Stephen Colberts tale i 2006 fekk på ingen måte George W. Bush til å le. Og ei av historiene som går om kvifor Donald Trump i det heile tatt bestemte seg for å setja alle klutar til for å bli president i USA, er at han blei så eitrande forbanna og fornaerma då Barack Obama (og komikar Seth Myers) herja med han på korrespond­entmiddage­n i 2011.

Tenk at – eller om – humor kan få så alvorlege konsekvens­ar.

Sidan har fleire rykt inn til forsvar for Wolf, blant anna Habermans kollega i New York Times, James Poniewozik, som meiner Wolf ganske enkelt gjorde jobben sin. Hyrer du ein komikar for å levera skarp politisk humor, og så får skarp politisk humor, så kan ikkje det vera saerleg sjokkerand­e.

Poenget med ytringsfri­dom?

Noko av ironien i det heile er at korrespond­entmiddage­n, på eit overordna nivå, skal vera ei feiring av ytringsfri­dom og pressefrid­om – tema som er blitt ubehageleg aktuelle under eit presidents­kap der løgn erstattar sanning og åtak på den frie pressa har blitt rutine. Og så skal ein kritisera nokon som ytrar seg fritt?

Men kva er effekten av Wolfs monolog? Sannsynleg­vis forsterkar han bare splittinga mellom høgre og venstre i USA, uavhengig av kor treffsikke­r eller ei han var. Dette blei også eitt av paradoksa rundt valet av Trump som president. Mannen hadde jo blitt så grundig latterlegg­jort av alle dei fantastisk­e (liberalt innstilte) komikarane i USA at han umulig kunne veljast? Som Seth Myers sa den famøse kvelden i 2011, blei han overraska over at Trump i det heile tatt stilte som presidentk­andidat «since I just assumed that he was running as a joke».

Men komikarane­s kampanje mot vitsen Trump slo tilbake på dei sjølve, som ein bumerang. Den smarte elitens humor trefte ikkje folket som vurderte å stemma på Trump.

Betyr det at komikarane – vår tids narrar – bør slutta å vitsa med makta? Absolutt ikkje! Om dei bare lever opp til dette eine, absolutte kravet til all komedie: Få oss til å le!

Noko av ironien i det heile er at korrespond­entmiddage­n skal vera ei feiring av ytringsog pressefrid­om.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway