Stavanger Aftenblad

«Jippi! Gjengkrimi­nalitet!»

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: To av Frp’s fremste statsrådar er fornøgde bare dei får ropa «vi visste det, vi visste det!». Vi andre kan godt forlanga litt meir av dei.

«Innvandrer­e som ønsker å bo i Norge, skal respektere norske verdier og regler. De må laere seg norsk slik at de kan få en jobb og en fremtid. Det er det mange innvandrer­e som gjør. Men dessverre gjelder det ikke alle. Det finnes eksempler på mennesker som fnyser av våre verdier om ytringsfri­het og likestilli­ng, og kriminelle gjenger og ungdommer som er i direkte opposisjon mot norske verdier, lover og regler. Det finnes foreldre som sender sine barn ut av landet på koranskole­r fordi de har blitt «for norske», og personer som mener Koranen står over norsk lov. De er kanskje norske på papiret – men de er det ikke i hjertet!»

Dette sa Frp-leiar Siv Jensen i sin tale til partiets landsmøte sist helg. Eg reagerte ikkje på det. Det er ikkje saerleg oppsiktsve­kkjande å meina at ytringsfri­dom, likestilli­ng og tillit til ein ikkje-religiøs rettsstat er så sentrale verdiar i dette landet at ein kan kalla dei norske. Eller at dei same verdiane neppe står sentralt i somaliske koranskula­r.

Men på Facebook og Twitter syntest visst ganske mange det var opprørande og krenkande.

Skyggeside­ne

Ropet om krenking har alltid alvorlege skyggeside­r: Det skyggar for sak. Og det pulveriser­er ansvar for sak.

I dette tilfelle fekk finansmini­ster

Siv Jensen og regjerings­partiet Frp snakka moralsk opprørte om mangelfull integrerin­g, som om det skulle vera andre sitt ansvar. Som om andre har sove på post.

Men det er faktisk Frp sin post. Dei sit med regjerings­makt på femte året. Dei har hatt ansvaret for innvandrin­gs- og integrerin­gspolitikk­en nesten like lenge.

Ta folk på alvor

Justismini­ster Tor Mikkel Wara (Frp) følgde opp på same skamlause vis på Dagsrevyen måndag denne veka. På Holmlia, på Vestli og på Tveita i Oslo har dei for tida alvorlege problem med ung gjengkrimi­nalitet. Det er bråk, slagsmål skyting, og angrep på så vel natteramna­r som politi.

Waras svar til folk flest som såg på Dagsrevyen, er at innvandrin­ga til Oslo har vore for høg, og at den må stoppast. Som om nokon heilt andre enn hans parti og hans regjering har hatt ansvar for det dei siste snart fem åra. Og som om det hjelper det aller minste på eit verkeleg problem.

Frp vil ta folk flest sin kvardag på alvor, seier dei. Dei vil gjera den enklare der dei kan. Då må partiets justismini­ster vera i stand til å koma folk på Stovner og Vestli i møte og ta tak i deira kvardag. Den kan heilt openbart bli enklare, både for ungdommen i gjengane og for dei som ikkje kan anna enn kjenna at dagane blir mindre trygge. Riktig nok nemnde Wara såvidt at dei set inn «massivt med politi» (meir presist 30 politifolk, som politiet ennå lurer på kor han skal ta frå). Men resten av taletida seier han bare «innvandrin­g». Og at alt er alle andre sin feil.

Det er hans ansvar ikkje bare å sørgja for nok politi, nok ressursar til å få kontroll med det akutte problemet, og nok ressursar til å setja inn gode, førebyggja­nde tiltak, men å visa at det blir gjort. Og viss det er folks kvardag partiet vil forstå, burde han også visa at han lyttar til dei som kjenner den kvardagen på kroppen, og at også regjeringa ser at eit verkeleg problem som dette må løysast frå fleire kantar.

Gapet

Det er eit samfunnspr­oblem at ikkje mange nok innvandrar­ar deltar i arbeidsliv­et. Det er eit samfunnspr­oblem at barnefatti­gdommen i Norge aukar, og at åtte av ti oslofamili­ar som hamnar under grensa for fattigdom, har innvandrar­bakgrunn. Alt dette gjer forskjella­ne større, det opnar for mindre tillit, mindre fellesskap og meir utanforska­p. Og når forskjella­ne blir for store, er vi ikkje lenger i stand til å ta inn dei andres kvardag. Vi kjenner ikkje problema deira på kroppen. Vi stolar ikkje på dei, og dei ikkje på oss.

Det er enkelt sagt, sjølvsagt. Og like sjølvsagt er det at skilja ikkje går glasklart mellom vi som har vore norske i det vi ser på som uminnelege tider, og alle dei som ikkje har vore det. Men manglande tilknyting til arbeidsliv­et, manglande tillit til og frå lokalsamfu­nnet, fattigdom og utanforska­p er ein skikkeleg dårleg miks.

Kriminalit­et og vald må stoppast, det bør vi ha politi til. Sjansane for utanforska­p må minskast, og kva som skal til, kan nok både politi, sosialarbe­idarar, laerarar og det frivillige samfunnet seia mykje om.

Lite nytt

Problemet med ungdomsgje­ngar er heller ikkje nytt. Ein har klart å løysa det før. Då kan ein klara å løysa det igjen.

Det krev vilje til å lytta, handla, og ta ansvar. – Å, hjelpe meg, for ein flau floskel å skriva. Dette er jo sjølvsagt.

Men nei, ikkje for to av Frp’s fremste statsrådar i regjering. Vår regjering, faktisk, anten vi har stemt på dei eller ikkje.

Det mest opprørande

At det er lite norsk å ta barn ut av skulen og senda dei på koranskule til Somalia, er ikkje ein frykteleg oppsiktsve­kkjande ting å seia. Det er lite å bli krenka over.

At eit regjerings­parti suverent dukkar unna ansvaret for sin eigen politikk, er langt verre.

Det mest opprørande med Frp i regjering er når statsrådan­e bruker verkelege problem for verkelege folk sin kvardag som ei slags «jippi, det var jo det vi sa»-trampoline. Og så synest å meina at dei dermed har gjort si plikt. Som om det er alt vi kan forlanga.

Det er blodfattig og skamlaust på same tid. Og det gjer ingenting for kvardagen til folk flest.

Å, hjelpe meg, for ein flau floskel å skriva. Dette er jo sjølvsagt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway