Stavanger Aftenblad

Sp sin kamp for Statoil er på sin plass

- Geir Pollestad Stortingsr­epresentan­t, Sp

POLITIKK: Namneskift­e vil ikkje gjera Statoil til eit nytt selskap.

Equinor kunne ha vore namnet på eit postordres­elskap, eit konsulentb­yrå eller eit smørmerke. Då står bare jåleriet igjen. Det er synd for selskapet og for landet. Stortinget har handsama eit framlegg frå Senterpart­iet og Arbeidarpa­rtiet om å behalde namnet Statoil.

Selskapet er i stor grad eigd av staten og dei driv med olje. Då er ikkje Statoil eit så dårleg namneval. Diverre kjenner jåleriet ikkje noko grense så regjeringa har gitt sin tilslutnin­g til namnebytte til Equinor.

I debatten meinte fleirtalet i den nye alliansen mellom Frp, H, MDG, KrF og V at vårt engasjemen­t i saka var i strid med eigarskaps­prinsippa. Saksordfør­ar Tina Bru (H) slo dette fast i sitt innlegg. Tina Bru bommar grovt med sin kritikk. Det er ingenting i prinsippa for god eigarstyri­ng som seier at eigaren ikkje skal kunne ha ei oppfatning av ei sak som skal handsamast i selskapet si generalfor­samling. Tvert i mot så er det god eigarskaps­utøving å styre eit selskap gjennom generalfor­samlinga.

Namn handlar om identitet. Statoil har vore lokomotive­t i det norske oljeeventy­ret. Statoil er tett knytt til Rogaland og Stavanger. Eit namneskift­e vil ikkje gjera Statoil til eit nytt selskap. Sjølvsagt meiner også Senterpart­iet at Statoil skal kunne satse på fornybar energi. Det la me opp til då Senterpart­iet sin olje- og energimini­steren i 2009 bidrog til å endra selskapet si formålspar­agraf for å gjera Statoil til både eit olje- og energisels­kap.

 ?? RUNE VANDVIK ?? «Saken mot Loai Deeb og GNRD har vaert omgitt av omfattende rykter og informasjo­n om politisk spill og internasjo­nale konspirasj­oner for å ødelegge både Deeb personlig og GNRD», skriver Kjell M. Brygfjeld. Her Loai Deeb med sin advokat Kjell M....
RUNE VANDVIK «Saken mot Loai Deeb og GNRD har vaert omgitt av omfattende rykter og informasjo­n om politisk spill og internasjo­nale konspirasj­oner for å ødelegge både Deeb personlig og GNRD», skriver Kjell M. Brygfjeld. Her Loai Deeb med sin advokat Kjell M....

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway