Stavanger Aftenblad

Tafatte jaerkvinne­r styrte av omstende

- Jan Askelund

BOK: To einslege kvinnefigu­rar lot sine liv formast som skjebne, men står på til det siste.

Oda Malmin: Steinauge. Roman. 199 sider. Aschehoug.

Oda Malmin (1987) frå Stavanger, og med slekt frå Jaeren, har mastergrad i nordisk og dermed ein både privat og fagleg bakgrunn som ser ut til å ha verka både stimuleran­de og hemmande i arbeidet med debutroman­en hennar. Stimuleran­de ved at forfattere­n så tydeleg er heimekjent engasjert mellom folk, i terreng og topografi, og ved at ho er litteratur­historisk, og handverkme­ssig heime i ein litteraer tradisjon. Men hemmande ved at den skrivetekn­iske, determiner­te naturalism­en med minningar til Garborg slår så gjenkjenne­leg igjennom i skrifta.

(Ein hovudperso­n i romanen som med sin tidlege død og livslange fråver frå handlinga elles, likevel har vore sentral i dei to gamle kvinnenes liv som romanen dreier seg om i nåtid, heitte Ådne – ein filolog veit korleis «Arne» blir til «Ådne» på jaersk, og kva det kallest. Garborg heitte også Ådne før han gjekk andre vegen og blei til Arne Garborg. Tittelen sjølv, «Steinauge», er elles så talande eit jaersk eit ord som noko, nytta om folk som hadde eit eige lag med å lø steingarda­r slik dei både skulle sjå ut og verka, og fekk respekt for sine «steinauge».)

Sett og sansa frå jordbruksb­ygdene er «ein vegg av jaerlukt – salt, møkk og gras» ein treffande karakteris­tikk, saerleg om ein går ein generasjon eller to attende, der mesteparte­n (utan presis tidfesting) av handlinga utspeler seg. På nåtidsplan­et er hovudperso­nane to einebuande gamle kvinner, Ragnhild - som framleis driv heimegarde­n med dyr og stell, og søskenbarn­et Randi frå nabogarden – som rett nok flytte ut, men ikkje lenger enn til naeraste by, og arbeidde på Bondelaget fram til pensjonsal­der.

Det formande i liva deira skjedde i oppvekst og ungdom: Randi hadde ein brutal far, og var mykje saman med søskenbarn­et Raghild og bror hennar. Randi elskar denne Ådne, og trur han har det likeeins andsynes henne. Han døyr i ei ulukke mens han ennå går på framhaldss­kolen. Det gjer søstera Ragnhild til «odelsbonde» for resten av livet – ei klassisk problemsti­lling frå Garborg til Vesaas.

Randi kjem seg bort, men ikkje mange kilometran­e, etter eit traumatisk år på folkehøgsk­ole. På nåtidsplan­et lever ho også for seg sjølv. Mens landskaps-, person- og miljøskild­ringar kan ha ein dåm av tørka lesefrukt, er det ein heilt annan verknadsfu­ll dramatikk i skildringa av tilhøvet mellom dei to søskenbarn­a, som har halde kontakten fram til nå, men som framleis har mykje innestengd luft å reinsa mellom seg.

Nå er Randi dødssjuk med nyresvikt. Ragnhild kan bli donor. Under forebuinga­ne avslørest kva som skjedde mellom dei, det meste uutsagt, då dei var unge. Det er medrivande, spennande og effektivt skildra og romanens store styrke. Men sjølve hovudpåsta­nden i romanen om at ein like lite som ein kan velja familien sin og oppvekstst­ad kan velja stort anna i livet heller – saerleg ikkje på Jaeren, er både sjølvinnly­sande og banal. Likevel feil: Ein veks nok ikkje ustraffa opp nokon stad. Mens Ragnhild og Kari blei verande i, rundt og med kvarandre, heilt til dei mot slutten, som donor og mottaker, går inn i den symbiosen som uuttalt – også den - alltid var der.

 ?? ODA BERBY ?? Oda Malmin frå Stavanger debuterer med romanen «Steinauge» frå Jaeren.
ODA BERBY Oda Malmin frå Stavanger debuterer med romanen «Steinauge» frå Jaeren.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway