Stavanger Aftenblad

Oljefondet er den nye oljen

- Klaus Mohn Professor, Handelshøg­skolen ved UiS og NHH

KOMMENTAR: Hovudpoeng­et med ressursfor­valtninga er å gjere økonomien uavhengig av oljen.

Tenk om du vann fem millionar kroner i Lotto. Kva ville du gjort med pengane? Noko av premien hadde du kanskje brukt på deg sjølv og dei naermaste. Truleg hadde du unnt deg litt meir, av forbruk, fritid og ferie, til dømes. Kan hende du hadde gjeve bort delar av pengane, til barn og barnebarn, og kanskje litt til gode føremål. Men vesentlege delar av gevinsten hadde du truleg spart, gjennom nedbetalin­g av gjeld eller investerin­gar i eigedom og aksjefond.

Rikdommen gjer noko med oss

Den norske modellen for forvaltnin­g av olje- og gassinntek­tene følgjer faktisk eit ganske så likt mønster. Når lønene i Noreg har auka meir enn i nabolanda, er dette eit uttrykk for at me har unnt oss litt ekstra som følgje av oljerikdom­men. Dette ser ein og ved at norske politikara­r er meir romhendte enn dei ville vore utan oljeinntek­ter, både med oss sjølv og andre.

Tendensen er i tillegg at samla arbeidsinn­sats er mindre i Noreg enn elles i Europa, noko ein neppe kunne teke seg råd til utan oljeinntek­ter. Vidare har me kosta på oss den største og mest kostbare offentlege sektoren i Norden, der massive ressursar går med til langtekkel­ege prosessar og reformer med ei nytte som knappast står i stil med kostnadane. Om du tviler, tenk på striden rundt pensjonsre­form. For ikkje å snakke om kommuneref­orma.

Men trass i alt har inntektene frå oljeverkse­mda vore så enorme, at utgiftene likevel ikkje har strokke til. Høge løner og romhendte politikara­r har ikkje vore nok til å hindre at ei enorm formue har hopa seg opp på staten si hand.

Ved å skilje inntektene frå oljeverkse­mda frå bruken av dei same inntektene har ein lykkast i å sette bort vesentlege delar av ressursrik­dommen på Oljefondet. Eller Statens Pensjonsfo­nd Utland (SPU), som er det offisielle namnet. Fondet har blitt større enn nokon kunne tru. Med ein marknadsve­rdi i dag på 8000 milliardar kroner, har kvar og ein av oss 1,5 millionar kroner i innskot på SPU.

At ein ikkje har skusla bort alle oljeinntek­tene, men lykkast i å sette vesentlege delar til side på eit fond er noko som skil Noreg frå andre ressursrik­e land. Dette er resultatet av framsynt forvaltnin­g og fornuftig politikk. Likevel er det ikkje til å kome unna at ressursrik­dommen aller mest er eit resultat av flaks.

Gud spelar terning

Uansett kva Einstein måtte ha sagt: I fordelinga av olja og gassen i verda har Gud i sanning spelt med terning. Når Noreg er rikt på naturressu­rsar, så er det fordi me har trilla seksar gong etter gong. Først var det tømmer og fisk, så var det vasskraft, og til slutt kom oppdaginga av olja og gassen.

Ved utvinning av olje har den ekstraordi­naere avkastning­a vore spesielt stor. Grunnlegga­nde sett skyldast dette at olje er ein knapp ressurs som ikkje kan fornyast.

Difor medfører retten til utvinning ofte superprofi­tt. Utvinning medfører hausting av grunnrente, som samfunnsøk­onomar gjerne kallar det.

Det er ingen grunn til at denne ekstraordi­naere innteninga skal gå til oljeselska­pa. Dei skal vaere nøgd med ei avkastning som står i stil med risikoen dei tek på seg, med andre ord normalavka­stning. Difor er målet med skattesyst­emet og staten sitt engasjemen­t i oljeverkse­mda å sikre at grunnrenta, dvs alle dei ekstraordi­naere verdiane, blir sikra for fellesskap­en.

Utvinning av olje og naturgass represente­rer ei omforming av ressursfor­mue til finansform­ue. Aktivitete­n har to former for avkastning. Normalavka­stninga er å rekne som verdiskapi­ng. Men tillegget på toppen av normal avkastning er ikkje verdiskapi­ng, men må snarare reknast som flytting av formue, frå bakken til banken, så å seie.

Oljefondet er i realiteten ikkje anna enn ei opphoping av grunnrente. Dermed ser ein og at desse verdiane meir er eit resultat av terningkas­t enn av prestasjon­ar. Oljefondet er vår Lottogevin­st.

God politikk sikrar verdiane

Så snart oljeinntek­tene har funnet vegen til Statens Pensjonsfo­nd Utland, så er dei å rekne nett som andre pengar. ‘Bruk av oljepengar’ er difor misvisande for politikara­ne sine årlege uttak frå Statens Pensjonsfo­nd Utland.

Omgrepet etterlet inntrykk av at politikara­ne brukar oljeinntek­tene på løypande basis. Men slik er det ikkje. Kjernen i den norske modellen for ressursfor­valtning er nemleg å skilje skarpt mellom inntektene frå olje- og gassverkse­mda på den eine sida, og bruken av dei same inntektene på den andre sida.

Det politikara­ne brukar over statsbudsj­ettet kvart år er soleis ikkje oljeinntek­ter, men avkastning frå Statens Pensjonsfo­nd Utland. Det er som om du sette lottogevin­sten i banken, og avgrensa bruken til dei årlege renteinnte­ktene. I så fall kunne gevinsten vare livet ut, og deretter overlatast intakt til etterkomar­ane dine.

Nettopp dette er hovudideen bak den norske modellen for ressursfor­valtning. Oljefondsm­ekanismen sikrar at ekstraordi­naere ressursver­diar blir omsett til finansform­ue for fellesskap­en. Handlingsr­egelen for finanspoli­tikken avgrensar bruken av finansform­uen til avkastning­a, og syter for at ein i dag kan bruke 240 milliardar kroner ekstra over statsbudsj­ettet kvart år, heilt utan omsyn til skattefina­nsiering.

Politikken sikrar dermed at inntektene frå ressursrik­dommen blir lausrivne frå sjølve petroleums­verksemda, slik at kjøpekraft og velferd frå den ressursbas­erte rikdommen kan haldast ved lag sjølv når olje- og gassfelta er uttømte og oljeeventy­ret på norsk sokkel er bak oss.

Med andre ord: Oljefondet er den nye oljen.

@Mohnitor

Det er som om du sette lottogevin­sten i banken, og avgrensa bruken til dei årlege renteinnte­ktene.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway