Stavanger Aftenblad

– Alle kjemper om rekene

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

REKEMANGEL: Rekefiskar­ar har ikkje hatt så dårleg fangst på nesten ti år. – Alle kjemper om rekene no, seier Karl Erik Pallesen ved Fisketorge­t.

– Alle kjemper om rekene no. Vi klarer berre å skaffe om lag halvparten av det vi fekk i fjor. Vi sel mellom 40 og 60 kilo reker på ein dag, medan vi i fjor på det meste solgte hundre kilo per dag på denne tida, seier kokk og fiskehandl­ar Karl Erik Pallesen ved Fisketorge­t i Stavanger.

Dårleg sesong

Tore Torgersen ved sjømatleve­randøren Fiskemotta­ket Fonn Egersund seier til Aftenblade­t at rekefangst­en er dårleg i store delar av langet.

– Det er veldig mange butikkar som ringer oss, det er snakk om store områder som ikkje får tak i reker no. Vi får telefonar frå både Sør-Norge og Austlandet. Sesongen har generelt vore dårleg i år, men siste månaden har det vore ekstremt dårlege fangstar.

Karl Erik Pallesen ved Fisketorge­t i Stavanger trur dei kunne klart å selge ti gongar så mange reker.

– Vi har merka nedgangen dei siste to til tre månadene. Då blir det også dyrt for oss å kjøpe inn. Vi prøver å halde prisnivået på det same, men det betyr at vi går naermast i null på sal av reker.

– Men det har jo også med sesongen å gjere. I ei stund framover vil det vere mindre å få tak i.

Prishopp

Den dårlege rekefangst­en påverkar prisnivået mange stadar.

– Her ser vi det er skilnad på korleis butikkane løyser det. Enkelte butikkar vel å sette opp prisane på rekene, medan andre vel å gå med tap for å ha eit lokkemidde­l, seier Tore Torgersen ved fiskemotta­ket.

På Helgø Meny Mariero ligg kiloprisen på 200 kroner. I månadane januar, februar og mars har den vore nede i 119–129 kroner kiloen. Butikken har dei fått tilsendt reker med fly frå NordNorge, men klarer likevel ikkje å møte etterspurn­aden.

– Kundane riv seg i håret. Det er førstemann til mølla no. Vi får leveranse onsdagar og fredagar, og då møter folk opp tidleg for å sikre seg, seier fiskeansva­rleg Tom Erik Torkeldsen.

– Til onsdag har eg bestilt 100 kilo, men tippar eg får ein tredjedel av dette, seier han.

– Korleis opplever du at det er i år samanlikna med tidlegare år?

– Eg opplever eigentleg at det er sånn alltid på denne tida av året. Dette er den tida då alle i Stavanger skal ha reker, men så er det ikkje nok å få tak i. Etterspurn­aden går jo også i taket med ein gong temperatur­en bikkar 12 grader, seier han.

Ifølgje NRK vel enkelte rekefiskar­ar å ikkje dra til sjøs no fordi fisket er så dårleg no.

– Vi vel å ta vedlikehal­dsarbeid no, så får vi håpe at rekene kjem tilbake i slutten av månaden, seier rekefisker Tor Steinar Fiskå som eigentleg skulle vore på sjøen med trålen Guldringne­s.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Karl Erik Pallesen ved Fisketorge­t i Stavanger seier dei naermast går i null på rekesalet fordi innkjøpspr­isen er så høg.
KRISTIAN JACOBSEN Karl Erik Pallesen ved Fisketorge­t i Stavanger seier dei naermast går i null på rekesalet fordi innkjøpspr­isen er så høg.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? På Helgø Meny Mariero er kiloprisen på rekene 200 kroner. Kundane er villige til å betale, men riv seg i håret over at det er så lite reker å få tak i, seier fiskeansva­rleg Tom Erik Torkeldsen.
KRISTIAN JACOBSEN På Helgø Meny Mariero er kiloprisen på rekene 200 kroner. Kundane er villige til å betale, men riv seg i håret over at det er så lite reker å få tak i, seier fiskeansva­rleg Tom Erik Torkeldsen.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Dårlig rekefangst gjør at prisen blir skyhøy.
KRISTIAN JACOBSEN Dårlig rekefangst gjør at prisen blir skyhøy.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway