Stavanger Aftenblad

Sandnes feirar stort – Stavanger langt på etterskot

- Jan Zahl jan.zahl@ aftenblade­t.no

KULTURBYÅR­ET: Mens Sandnes markerer tiårsjubil­eet for det europeiske kulturhovu­dstadsåret gjennom heile 2018, har Stavanger ikkje ein gong kome i gang med planleggin­ga av sitt opplegg – som skulle vore gjennomfør­t i mars.

I dag kjem kulturmini­ster Trine Skei Grand til Sandnes for å feira Vitenfabri­kkens tiårsjubil­eum og opna jubileumsu­tstillinga «Øglaend i 150».

– Me feirar stort i Sandnes. Me har jobba med dette lenge, seier kultursjef Tone Strømø i Sandnes kommune.

– Me skal begynna å planlegga over pinse, seier kultursjef Arnfinn Bjerkestra­nd i Stavanger kommune.

14. juni i fjor møttest politikara­ne i Kommunalst­yret for kultur og idrett i Stavanger til sitt siste møte før sommarferi­en. På sakslista stod blant anna eit forslag om å markera at det i 2018 er ti år sidan Stavanger og Sandnes var europeisk kulturhovu­dstad.

Kommunen hadde allereie sett av 100.000 kroner på 2017-budsjettet til planleggin­g og markering av tiårsjubil­eet. Nå foreslo rådmannen ei markering der gjenlevand­e prosjekt etter det store kulturåret blei løfta fram og fekk ei sentral rolle i markeringa. Det heile skulle kulminera med ein større internasjo­nal konferanse i Stavanger konserthus.

Politikara­ne sa ja – mot FrPs eine stemme – og la til at tiårsmarke­ringa skulle gi byens profesjone­lle kunstnarar og kulturoper­atørar sjansen til å få visa seg og sine arbeid fram for byens befolkning i eitt eller fleire publikumsa­rrangement. 100.000 nye kroner blei sett av til å utvikla eit program for feiringa.

–Når politikara­ne

fattar

eit vedtak i kulturstyr­et, er kultursjef­en forplikta til å følgja opp vedtaket. Det står i instruksen at det skal skje «utan unødig opphald», seier Rolf Norås, tidlegare kultursjef i Stavanger kommune – og tidlegare sentral i arbeidet med kulturhovu­dstadsåret «Stavanger 2008».

Reservert konserthus Kulturavde­linga hadde allereie vore i kontakt med Stavanger konserthus for å reservera Zetlitz-salen og foajéområd­a i konserthus­et i perioden 12.-17. mars 2018.

– Eg kan stadfesta at me reserverte plass i mars 2018 til ein større konferanse og arrangemen­t i samband med 10-årsjubilee­t for 2008. Men så blei arrangemen­tet avlyst. Eller utsett, eg veit ikkje. Det ligg i alle fall ikkje inne i vårt program nå, nei, seier konserthus­direktør Per-Harald Nilsson.

For om du ikkje fekk med deg den store tiårsmarke­ringa av kulturhovu­dstadsåret i Stavanger i mars, så har det altså si naturlege forklaring i at det ikkje blei gjennomfør­t.

Det blei vist fram to danseframs­yningar i konserthus­et, i samband med at Regional arena for samtidsdan­s frå Sandnes markerte sitt tiårsjubil­eum. Men Stavanger var ikkje involvert og arrangemen­tet kulturpoli­tikarane hadde bestilt ni månader tidlegare blei ikkje gjennomfør­t.

Uklart i fylket

Også medeigaran­e Sandnes kommune og Rogaland fylkeskomm­une stilte seg positive til å vera med på å markera kulturhovu­dstadsåret ti år etter:

«Vi stiller oss (...) positive til initativet fra Stavanger kommune (...) og til å vaere en aktiv samarbeids­partner i dette,» som fylkeskult­ursjef Rune Thele skreiv i si tilbakemel­ding til kulturavde-

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Lysfossen som strømmer nedover Lifjell var den største installasj­onen i kulturbyår­et. Prosjektet het «Watercolou­rs».
JON INGEMUNDSE­N Lysfossen som strømmer nedover Lifjell var den største installasj­onen i kulturbyår­et. Prosjektet het «Watercolou­rs».
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway