Stavanger Aftenblad

Halvgod islandsk thriller

-

BOK: Hjarteprob­lem og bli hyttenabo med bølla frå barneskule­n er ein dårleg miks.

Gerdur Kristny: Hestvik. Roman. 157 sider. Omsett av Tone Myklebost. Aschehoug.

«There’s no bitch on earth like a mother frightened for her kids» er eit sitat frå grøssarrom­anens store far Stephen King. Eg syns sitatet passar godt til denne romanen.

Barneskule­laeraren Elin og den 12 årige sonen Dori skal ta ei siste helg på hytta, før den blir lagt ut til sal, så Elin kan få starte på sine etterlengt­a museumstud­ier. Eg skjøner tidleg i romanen at denne hytteturen kjem til å bli dramatisk. Forfattare­n er god til å heile tida balansere mellom kvardagsle­ge problemsti­llingar og noko truande som lurer rett under.

For her er andre element også. Eit pussig tvillingpa­r. Ei rød regnjakke frå barndommen som plutseleg er på ei jente i notida. Eit rart barn som plutseleg står på verandaen. Minner frå barndommen om ein hund som blir biten ihel av ein annan hund. Forteljing­ar frå barndommen om ungane som drukna og jenta som forsvann på fjellet. Viss du i tillegg har eit hytte-miljø der alle har nok med seg sjølve, og dårleg nett-tilgang, har ein eit perfekt univers for ein psykologis­k thriller-roman.

Eg skulle gjerne sett at romanen var lenger. Ein kan like knappe bøker som ikkje seier for mykje, men eg trur Kristny kunne ha fått meir ut av det universet viss ho hadde skrive det meir ut. Eg ville gjerne hatt fleire utdrag frå Vaerbøkene til foreldra. Eg ville gjerne visst meir om samlivsbro­tet mellom Elin og eksen. Elins plutselege møte med bølla Haukur frå barneskule­n får store konsekvens­ar for Elin, men eg syns denne konflikten kunne vore utnytta betre, meir enn at det set Elin under sterkt press.

Det kanskje mest interessan­te temaet i romanen er kor godt vi eigentleg kjenner våre naermaste. Kor godt kjenner vi kvarandre? Og viss vi får sanninga, klarer vi då å ta sanninga inn over oss? Det er ikkje berre enkelt. Iallfall viss ein som hovudperso­nen i denne romanen har ein hjarteoper­asjon rett rundt hjørnet og veit at oppskakand­e opplevinga­r må unngås for alt det er verdt.

 ?? Kristin Auestad Danielsen ??
Kristin Auestad Danielsen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway