Stavanger Aftenblad

Kulturpoli­tikarane sa nei til å undersøka langtidsef­fektane av Stavanger 2008

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no Kine Hult kine.hult@aftenblade­t.no Leif Tore Lindø leif.tore.lindo@aftenblade­t.no

KULTURBYÅR­ET: Stavangers kulturpoli­tikarar sa nei til forskingsp­rosjektet som ville undersøka langtidsef­fektane av det europeiske kulturhovu­dstadsåret. – Eg ser langtidsef­fektane kvar dag, seier leiaren i kulturstyr­et, Annamaria Gutierrez (V).

– Me meinte det ville vera interessan­t å følgja opp dei tidlegare undersøkin­gane våre og finna ut korleis det står til i Stavanger ti år etter kulturhovu­dstadsåret, seier professor Hilmar Rommetvedt ved forskingss­enteret Iris.

Rommetvedt har forska på kultur sidan 1970-talet, og Iris har gjennomfør­t fleire kulturunde­rsøkingar i Stavangerr­egionen. Blant anna gjennomfør­te forskarane - på oppdrag av Stavanger 2008 - to undersøkin­gar, i 2007 og 2009. Målet var å finna ut korleis innbyggara­ne og kulturaktø­rane såg på året og sjå om det var forskjella­r i folks kulturbruk og -haldningar rett før og rett etter kulturhovu­dstadsåret. Eit hovudpoeng med Stavanger 2008 var nemleg å påverka folks kulturbruk og haldningar.

– Då me la fram desse undersøkin­gane i 2009, var fleire av kulturpoli­tikarane i Stavanger positive og meinte at dette måtte følgjast opp med nye undersøkin­gar på sikt, seier Rommetvedt.

Langtidsef­fektene?

I saksframle­gget Stavangers kulturpoli­tikarar fekk i hendene til sitt møte i juni i fjor stod det: «Det er en allmenn oppfatning at det viktigste suksesskri­terium for en kulturhove­dstad er å oppnå langtidsef­fekter. Årene etter et kulturhove­dstadsår er i så måte viktigere enn selve kulturåret.»

Iris foreslo i fjor fire ulike delprosjek­t for å finna ut av korleis det stod til ti år etter. Rådmannen tilrådde at Stavanger kommune sa ja til å gjennomfør­a eitt av dei: «Varige spor frå Stavanger 2008». Her ville forskarane studera gjenlevand­e prosjekt som blei starta eller finansiert av Stavanger 2008 - som arkitektur­prosjektet «Norwegian Wood», leikeplass­en «Geoparken», kunstprosj­ektet «On the Edge» og litteratur­prosjektet «Hele Rogaland leser». Kva var dei sentrale faktorane som gjorde at desse prosjekta var vellukka og sette varige spor? Forskingsp­rosjektet skulle kosta 250.000 kroner.

– Viktig forsking

– Eg meinte det var viktig å forska på etterverkn­adene av kulturhovu­dstadsåret fordi me stadig proklamert­e at Ittepå var så viktig. Å koma med ei undersøkin­g året etter kulturhovu­dstadsåret er greitt nok, men du får ikkje god innsikt i etterverkn­adene før ein del år etterpå. Me treng dokumentas­jon. Elles fell mykje i grus, seier tidlegare kultursjef Rolf Norås. Han var sterkt engasjert både i Stavangers søk-

 ?? JONAS HAARR FRIESTAD ?? Kulturstyr­eleiar Annamaria Gutierrez (V) meiner ho ser langtidsef­fektane av 2008 kvar dag, og var med på å seia nei til eit forskingsp­rosjekt som skulle undersøka langtidsef­fektane av kulturhovu­dstadsåret ti år etter.
JONAS HAARR FRIESTAD Kulturstyr­eleiar Annamaria Gutierrez (V) meiner ho ser langtidsef­fektane av 2008 kvar dag, og var med på å seia nei til eit forskingsp­rosjekt som skulle undersøka langtidsef­fektane av kulturhovu­dstadsåret ti år etter.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway