Stavanger Aftenblad

Behald ferjesamba­ndet Judaberg-Nedstrand-Jelsa

- Ivar Andersen Nedstrand

Fylket seier nei til 60 prosent kapasitets­auke utan meirkostna­d på ferjesamba­ndet i Ryfylke.

Ferjeruta Judaberg-Nedstrand-Jelsa går mellom øyar og stader i noko av det flottaste me har i landet, Ryfylke, og ruta er med rette kalla «limet i Ryfylke», mellom anna av tidlegare redaktør Flesjå i Øyposten på Judaberg.

Nytter bare 30 prosent

Nå vil fylkesrådm­ann Tron Nerdal og samferdsel­ssjef Gottfried Heinzerlin­g legga ned dette viktige ferjesamba­ndet, av di Finnøy må få meir. Det seies at det er kapasitets­problem, men i Finnøy kommune nyttar dei dekket bare 30 prosent av kapasitete­n.

I dag går to ferjer 18-20 timar i døgnet, og gjer totalt 16 rundturar, to av dei går og til Nedstrand-Hebnes-Foldøy-Jelsa i Tysvaer og Suldal, den nordre delen av ruta, medan den søre delen av ruta er øyane Fogn, Finnøy, Sjernarøy (Helgøy), Nord-Hidle, Eidssund og Halsnøy i Finnøy kommune.

I dag går turane i Finnøy i ring, innom kvar plassen omtrent kvar einaste tur, eit rutemønste­r frå forrige århundre, tungvint, ineffektiv­t og lite kostnadsef­fektivt.

Utan ein einaste grunn, vil nå fylkesrådm­ann og samferdsel­ssjef ta vekk Nedstrand og Jelsa, og dei henviser til brua over Sandsfjord­en! Akkurat som den kan gjera ein forskjell for rutene på Nedstrands­fjorden, ei manipuleri­ng og omgåing av fakta, og ei utestengin­g av dei 32 bilane som nyttar den nordre delen av ruta kvar tur og dag, med 70 prosent nytting av dekket.

Tysvaer og Suldal ber om at fylkeskomm­unen endrar rutene i Finnøy til direkte ruter mellom Judaberg og Helgøy (og Nord-Hidle), Judaberg-Halsnøy og Eidssund, og Judaberg og Fogn. Men med god hjelp av eit konsulentf­irma frå Nord-Norge, utan lokalkunns­kap, vil dei heller rasera ruta, gjera henne dårlegare og dyrare. Kvifor skal Finnøy generelt, og Sjernarøya­ne spesielt stengas av mot nordfylket? Den raskaste, kortaste og billegaste transporte­n av laks frå Helgøy til Gardermoen er over Nedstrand.

Fylkesadmi­nistrasjon­en gjer sitt formelt korrekt, men høyringa er berre eit spel for galleriet. Med direkte ruter i Finnøy kan antall turar per døgn aukast frå 16 til 26, altså meir enn 60 prosent, utan meirkostna­d. Med same materiell som i dag vil rutene bli meir effektive, me får fleire avgangar, kortare reisetid, betre ressursutn­ytting og meir kostnadsef­fektivt. Kvar plass får dekket for seg sjølv, ein slepp omstuing og snuing for å få ruta til å gå i hop. Alle øyane får betre ruter og sterkt utvida kapasitet, den nordre delen av ruta kan halda fram som i dag, og det vert billegare og betre enn det som fylkesrådm­ann og samferdsel­ssjefen vil ha politikara­ne med på, der dei vil setja inn ein tredje båt til den nordre delen av ruta.

Økonomi fraverande

Fylkespoli­tikarane generelt, og spesielt dei i samferdsel­sutvalet, med leiar Arne Bergsvåg i spissen, bes om å avvisa framlegget dei har fått, og så krevja saka utreda på nytt, der ein tar omsyn til det som gagnar heile Ryfylke og Rogaland. I saksframle­gget er den økonomiske delen heilt fråverande, berre det må vera grunn god nok for å avvisa opplegget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway