Stavanger Aftenblad

For lettvint, Stavanger

-

LEIAR: Ti år etter kulturhovu­dstadsåret er folk svaert positivt innstilte til kultur og kultursats­ing. Men Stavanger kommune tar for lett på jubileet.

Åtte av ti meiner Stavanger har blitt ein interessan­t kulturby dei siste ti åra. Seks av ti reknar seg som svaert eller ganske interesser­te i kultur. To av tre meiner det var rett av Stavanger og Sandnes å bli europeisk kulturhovu­dstad i 2008. Tre av fire meiner det er svaert viktig eller ganske viktig at kommunane i Stavangerr­egionen satsar på kultur.

Folk er rett og slett svaert positive. Og i denne undersøkin­ga gjort av Respons Analyse for Aftenblade­t, er det folk i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg som er spurt.

Det er ti år sidan kulturhovu­dstadsåret. Ti år sidan folk reiste til Gloppedals­ura for å sjå dans, til Hundvåg for å sjå Jon Fosse som uteteater, eller tok til gatene i tusenvis ein vinterdag i januar for å sjå sjølve opninga.

Før det begynte, og mens det rulla og gjekk, var ein svaert oppteken av å snakka om langtidsef­fektar. Barn og unge blei haldne fram som den viktigaste gruppa å satsa på. Det skulle ikkje bare vera dette eine året som var viktig.

Rett før og rett etter, i 2007 og 2009, gjennomfør­te

IRIS spørjeunde­rsøkingar på oppdrag frå kulturhovu­dstadsåret 2008. Dei spurde om kulturbruk, kulturinte­resse og haldningar til kultur, for å måla eventuelle endringar.

Kulturstyr­et i Stavanger stemte ned eit forslag om å gjennomfør­a tilsvarand­e undersøkin­g nå, ti år etterpå. Stavanger har heller ikkje, i motsetning til Sandnes, satt av saerleg med tid og tankar til å feira tiårs-jubileet skikkeleg. Kultursjef Arnfinn Bjerkestra­nd og leiar i kulturstyr­et, Annamaria Gutierrez (V), viser til at arbeidet med den nye kulturplan­en har blitt prioritert.

Det er for lettvint.

Kulturhovu­dstadsåret hadde eit budsjett på

330 millionar kroner, 100 av desse frå private, resten offentlege. Publikumst­alet nådde nesten to millionar, og gjer dermed kulturåret til det største kulturarra­ngementet som er gjennomfør­t i Norge. I den breie kulturpoli­tiske støtta Stavanger 2008 hadde, låg også ei klar forventnin­g om at kultur skulle bidra til å gjera Stavanger til noko meir enn oljeby.

330 millionar er mange pengar, og det er andres pengar. Å undersøka kva som har hatt effekt av den store kultursats­inga for ti år sidan, kunne gitt interessan­te referansar i arbeidet med kulturplan­en. I tillegg til å ta eigen bys historiske kultursats­ing på alvor.

 ?? LARS IDAR WAAGE ?? Var du der? Danseensem­blet Bandaloop i Gloppedale­n under kulturhovu­dstadsåret 2008.
LARS IDAR WAAGE Var du der? Danseensem­blet Bandaloop i Gloppedale­n under kulturhovu­dstadsåret 2008.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway