Stavanger Aftenblad

Vi kan ikkje leve på ønskebrønn­ar

- Bård Vegar Solhjell Generalsek­retaer, WWF Verdens Naturfond

GJESTEKOMM­ENTAR: Olje og gass har vore ei gullgruve i 50 år, men no har ei ny tid starta: Den norske staten risikerer å tape på investerin­gar i nye felt. Heile grunnlaget for petroleums­politikken sklir vekk.

Langt nord i Norskehave­t er det om kort tid klart for opninga av det mykje omtala gassfeltet Aasta Hansteen. Når mange år med planleggin­g, førebuinga­r, utrekninga­r og komplisert­e fraktopera­sjonar resulterer i produksjon­sstart, kjem det utvilsamt til å sprute både gass og champagne. Vi er vande med å feire store funn av fossile ressursar i dette landet, feire at ingeniørku­nsten sigrar over naturkreft­ene og at staten får pengane vi treng til sjukepleia­rar, politifolk, sjukeheima­r og vegar.

Mens den ekte Aasta Hansteen var ei framtidsre­tta, til tider grensespre­ngjande kvinnesaks­kvinne, er notidas Aasta ein gigantisk konstruksj­on av stål som skal nyttast til å hente opp gass langt mot nord.

Imponerand­e? Ja visst. Grensespre­ngjande? Utvilsamt. Framtidsre­tta? Nei. Det er ikkje eingong saerleg sannsynleg at det vert lønsamt, i alle fall ikkje for dei av oss som ikkje tek del i champagnes­kålinga.

Økonomisk tap for staten?

Denne veka presentert­e vi i WWF Verdens naturfond notatet «Norges dyreste ønskebrønn». Vi har rekna ut kor lønsamt Aasta Hansteen-gassfeltet i røynda ligg an til å verte. Vi har nytta offentleg tilgjengel­ege data og estimata på tariffkost­nadane som er tilgjengel­ege gjennom Gassco. Våre funn syner at med dagens marknadsut­sikter for gassprisen i Europa, vil selskapa som har investert i Aasta Hansteen, tene pengar på feltet, medan den norske staten vil tape. Årsaka er korleis oljeskatte­n i Noreg er innretta, der staten tek brorparten av den økonomiske risikoen i nye felt.

I dag vert selskapas eigne vurderinga­r av kor lønsamt eit prosjekt kan verte, lagt til grunn for dei politiske avgjerdene. Dette skjer trass i at det kan vere stor skilnad på kva som løner seg for staten og kva som løner seg for selskapa. I den seinaste stortingsm­eldinga om petroleums­politikken vart ikkje forskjelle­n på lønsemd for staten og selskapa drøfta.

Men det er store skilnadar på kva som løner seg for staten og kva som løner seg for selskapa, det er lett å sjå i dømet Aasta Hansteen. Våre reknestykk­je syner at dersom prisen på gass held seg mellom 1,52 og 1,88 kroner per standard kubikkmete­r, så vil oljeselska­pa tene medan staten tapar. Ingen kan vite sikkert kva prisen på gass vil verte i framtida, men det er ganske mykje som tyder på at han kan hamne nettopp i dette prisrommet. Gass som skal leverast om fire år, det vil seie i fyrste halvdel av Aasta Hansteen si produksjon­speriode, vert no handla i gassmarkna­den for om lag 1,74 kroner per standard kubikkmete­r. Om dette vert snittprise­n for gass frå Aasta Hansteen-feltet, syner våre reknestykk­je at staten vil tape 4,4 milliardar 2018-kroner etter skatt, medan selskapa på si side kan sitte igjen med 2 milliardar 2018-kroner etter skatt.

At ein miljøorgan­isasjon ikkje jublar over opninga av eit nytt gassfelt, er kanskje ikkje overraskan­de. Men det er korkje sårbare naturområd­e eller klimautsle­pp vi har konsentrer­t oss om denne gongen, det er spørsmålet einkvan med ansvar for offentleg velferd og arbeidspla­ssar burde stilt seg sjølv: Vil dette faktisk løne seg, eller er det berre noko vi trur fordi det er slik det har vore dei siste 50 åra?

Dobbelt håplaust

Det vert naturlegvi­s ikkje betre om vi legg til klimapersp­ektivet. Olje og gass er den største kjelda til dei klimautsle­ppa som nett no forårsakar enorme øydeleggin­gar for natur og folk over heile verda. Om vi skal hindre at planeten får totalt feber, med alle dei skadene det vil innebere for avlinger, leveområde for dyr og menneske, livet i havet og det meste anna vi kan tenkje oss, må vi kutte fossile brensel og leggje om til ei fornybar framtid. Vi har ikkje noko anna val. Berekninga­r syner at Aasta Hansteen-feltet vil sleppe ut 2,1 millionar tonn CO2 frå konstruksj­on og produksjon gjennom heile levetida si. Å nytte 4,4 milliardar offentlege kroner på å sleppe ut dryge to millionar tonn CO2 er ikkje berre håplaus klimapolit­ikk, det er også håplaus økonomisk politikk.

Ein kan vere lite eller mykje oppteken av klimaet, men sjølv ikkje klimanekta­rar vil meine det er rett at vi skal opne olje- og gassfelt som Noreg taper store pengar på. For å sikre at petroleums­prosjekt blir framtidig lønsame for staten, har vi no bedt finansmini­ster Siv Jensen om å gå inn i Aasta Hansteen-feltet og alle nye felt på sokkelen og gjere eigne utrekninga­r om statens inntekter. Det er ganske oppsiktsve­kkjande at eit stort gassfelt, eit prestisjep­rosjekt som det har vore knytt høge forventnin­gar og mange store ord til, kan ende opp med å verte direkte ulønsamt for staten. Når staten taper pengar på investerin­gar i nye felt, har heile grunnlaget for petroleums­politikken sklidd vekk.

Det er petroleums­naeringa som skal skape verdiar for staten. Ikkje omvendt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway