Stavanger Aftenblad

Endra merkinga etter at sjåfør køyrde i feil køyreretni­ng

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Med nytt skilt og ei nyteikna midtlinje som viser kor ein skal køyre, håper kommunen å unngå fleire situasjona­r der sjåførar køyrer i feil køyreretni­ng i Hoveveien.

For ei veke sidan publiserte Aftenblade­t ein video av ein sjåfør som køyrde i feil køyreretni­ng ved omkøyringa i Hoveveien på Hove, mellom Ganddal og Sandnes. Sjåføren er ikkje den einaste som har køyrt rett fram i staden for å ta til høgre.

No har kommunen grep.

– Det er ikkje så mange som har kontakta oss om dette, og vi var ikkje merksame på problemet før Aftenblade­t skreiv om det. No har vi fått vite kor feil det er mogleg å køyre her, og vi høyrer at det også har skjedd fleire gongar, seier prosjektle­iar Arne Jørgensen i Sandnes kommune.

tatt

Kommunen har fått på plass ei ny midtlinje som viser kor ein skal køyre. Dei har også satt opp eit nytt skilt som skal merke omkøyringa betre.

Mange køyrde feil

Då Aftenblade­t først omtala saka, var det fleire som skreiv om liknande hendingar i kommentarf­eltet:

«Denne feilen gjorde jeg med min lastebil tidligere i uken. Greide å svinge over til rett side rett før midtrabatt­en og rundkjørin­gen».

«En eldre dame kjørte foran meg i forrige uke og kjørte rett frem.»

«Den første gangen jeg kjørte der, var det bare tilfeldig at jeg ikke bommet. Siden har jeg sett flere som kjører feil og havner i motgående felt.»

«Jeg har hittil sett fem som har kjørt feil, og det har vaert folk fra alle aldersgrup­per.»

Varer ut året

Omkøyringa som forvirra så mange, var godkjend av Statens vegvesen. Vegarbeide­t tok til i januar og er planlagt å vare ut året, medan omkjøyring­svegen skal vere slik til oktober, opplyser Sandnes kommune.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway