Stavanger Aftenblad

Ungdommane fekk testa klatreløyp­a til proffane

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Lange motbakkar stoppar ikkje ungdommen. Dei kan sykle like tøffe etapper som proffane.

I motbakkar tråkka over 400 elevar frå seks av Sandnes sine ungdomssku­lar. Frå Kulturhuse­t og opp Høgevollsv­eien, Skaarlia, Kleivane, Austråttba­kken, og til slutt tilbake til Kulturhuse­t etter om lag 45 minutt med sveitte. Ved målstreken kan dei vere stolte over å ha sykla «climb-etappen», berre timar før proffane skal sykle den under Hammer Stavanger.

Tungt

–Det er jo berre oppover! Eg er heilt skjelven no, seier Natalie Stokka og løfter ein fot for å vise kor skjelven ho er.

Saman med tre andre jenter frå 8. trinn på Riska ungdomssko­le står ho ved målstreken. Jentegjeng­en har stått der ei stund då Julie Evensen kjem syklande, hiv seg av sykkelen og dett mot bakken.

– Eg sykla feil, sykla opp ein bakke når eg eigentleg skulle fortsette rett fram, seier ho og legg seg heilt ned på den varme asfalten.

Kunne gå opp

Det er Nordsjørit­tet som arrangerer Tour Des Teens, sykkelritt­et for ungdommane.

– Det er mykje bakkar, det er jo ikkje utan grunn det heiter climbetapp­en. Dei har fått køyrt seg, men så var det også lov å gå opp bakkane, så det er nok enkelte som har gjort det, seier dalgeg leiar i Nordsjørit­tet, Siri Ommedal.

Gruppa sykla samla med køyretøy både framfor og bak. Og fadderar, det vil seie frivillige frå mellom anna Sandnes Sykleklubb, var med for å rettleie og heie på ungdommane.

Elevar frå seks ulike ungdomssku­lar deltok: Lundehauge­n, Høyland, Lurahammer­en, Riska, Wang og Øygard. I ungdomsver­sjonen er det ingen konkurrans­e. Alle dei unge syklistane har fått utdelt t-skjorter, og absolutt alle, også klassekame­ratane på sidelinja, er med i trekninga av ein premie.

Eg sykla feil, sykla opp ein bakke når eg eigentleg skulle fortsette rett fram.

Julie Evensen

 ?? MARIE VON KROGH ?? Barna i Gravarslia barnehage stod klare med flagg då over 400 ungdommar sykla forbi i går.
MARIE VON KROGH Barna i Gravarslia barnehage stod klare med flagg då over 400 ungdommar sykla forbi i går.
 ?? MARIE VON KROGH ?? Anders Imsland og Sander Hauge frå Lundehauge­n ungdomssko­le har framleis energi til ein vannkrig.
MARIE VON KROGH Anders Imsland og Sander Hauge frå Lundehauge­n ungdomssko­le har framleis energi til ein vannkrig.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway