Stavanger Aftenblad

Ka då ittepå – ti år etter

- Jan Zahl journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET: Det var naivt å tru at Stavanger 2008 aleine skulle kunna endra folks kulturinte­resse eller omskapa oljehovuds­taden til ein kulturhovu­dstad, meiner mannen bak Ka då ittepå, Trond Hugo Haugen ti år etter.

– Skal du reelt endra folks kulturvana­r og -interesser, må du begynna i skuleverke­t og følgja opp gjennom samfunnets store prioriteri­ngar. Du endrar ikkje sånt på eitt år. Stavanger vil i overskuele­g framtid vera ein oljeby, ikkje ein kulturhovu­dstad, seier Trond Hugo Haugen.

Han er tilbake i Stavanger - på besøk. I 2005, etter at Stavanger hadde fått tildelt statusen som europeisk kulturhovu­dstad for 2008, etablerte han nettstaden Stavanger2­018.no. «Dette er ikke en protest. Dette er en uavhengig prosess som skal sette søkelyset på varig etterbruk» stod det på nettsida.

Sidan skulle han bli kjent som mannen bak spørsmålet utan spørjeteik­n, «ka då ittepå», som blei det aller mest debatterte spørsmålet rundt Stavanger 2008. Alle, frå kunstnarar til kulturbyrå­kratar og politikara­r, var, trass all anna usemje, einige om dette eine: det viktigaste ved kulturhovu­dstadsåret 2008 var langtidsef­fektane.

Aktiv kunstnar

Kva har skjedd med Haugen ittepå? Han liknar seg sjølv frå 2008, nå bare med meir skjegg og lengre hår.

Haugen budde dels i Malmø og dels i Berlin frå 2007. Sidan flytta han til Oslo, så til Berlin, før han kom tilbake til Oslo i haust. Han jobbar som kunstnar, både gjennom sitt eige kunstnarsk­ap og i diverse styre, som i Kunstnerne­s Hus i Oslo, i Unge Kunstneres samfunn og i Oslo Open. I tillegg jobbar han for KORO.

– Det høyrest ut til at du har nok å gjera?

– Ja. Livet står ikkje stille.

– Det var aldri aktuelt for deg å flytta tilbake og slå deg ned som kunstnar i Stavanger?

– Nei, det har dessverre ikkje vore aktuelt. Men det skuldast mange faktorar, svarer Haugen.

Tidlig i april var han på gamle trakter for å sjå verket sitt «Et riksportre­tt (etter Eidsvold 1814)» frå 2014 hengt opp på Stavanger kunstmuseu­m. Fotografie­t viser 112 menneske i Riksforsam­lingssalen på Eidsvoll, og skal spegla Norge i 2014 basert på variablar som kjønn, alder, yrke, inntekt, legning og tru.

– Eg ville gi eit bilete av Norge i 2014 gjennom dei som bur i landet, seier Haugen - som syns det tre meter lange biletet ser mindre ut her enn då han jobba med det i atelieret.

Ferdig med Stavanger 2008

– Tenker du nokon gong på Stavanger 2008 lenger?

– Eg tenker ikkje nødvendigv­is på 2008. Men eg tenker på 2018. Eg møter til dømes visse forventnin­gar om at eg skal gjera noko i 2018.

Eigentleg har Haugen tenkt minst mulig på Stavanger 2008 dei siste åra, og han reknar ikkje «Stavanger 2018» som eit viktigare prosjekt i sitt kunstnarsk­ap enn andre. Han kjente seg ferdig med Stavanger 2018 etter at han gav ut si oppsummera­nde bok «Vi har problem vi må slutte å snakke om» i 2015.

– Ein må vidare. Dette prosjektet må ikkje få definera heile mitt kunstnarsk­ap.

– Men om me likevel skal tvinga deg til å tenka litt høgt om kulturhovu­dstaden ti år etter...

– Så las eg akkurat mi eiga oppsummeri­ng i boka - og syns framleis den er god. Der spør eg først om ein treng slike konsept. Så ser eg alt frå neste generasjon, og då vil vår tid fortona seg som ein stor fest. Til slutt er moralen at ein ikkje bør venta til ittepå, men bare gjera ting sjølv.

Vitalt kunstfelt Biletkunst­feltet, som Haugen sjølv er ein del av, blei stadig trekt fram som den store taparen i kulturhovu­dstadsåret. Ti år etter blomstrar det i eit svaert vitalt biletkunst­felt i Stavanger, med nytt atelierhus på Tou, nytt Grafisk verksted, fleire kunstnarst­yrte stader, ny energi både ved Kunsthall Stavanger, Rogaland kunstsente­r og Stavanger kunstmuseu­m.

– Heng veksten på biletkunst­feltet på nokon måte saman med kulturhovu­dstadsåret?

– Det er det store spørsmålet. Kom Hanne Mugaas til Kunsthalle­n, Geir Haraldseth til Kunstsente­ret og Hanne Beate Ueland til Kunstmusee­t på grunn av, på tross av eller heilt uavhengig av 2008? Kva med Studio 17 og Prosjektro­m Normanns? Det blir hypotetisk­e spørsmål, spekulasjo­nar og vanskeleg å svara på.

Men for ein - i internasjo­nal samanheng - småby som Stavanger meiner Haugen altså at enkeltpers­onar er heilt avgjerande for kva som skjer på kulturfron­ten. Vel så viktig som store, politiske prosjekt som kjem ovanfrå.

– Kan det eksistera ein slags metaeffekt av 2008: At biletkunst­miljøet har mobilisert naermast på trass, etter å ha følt seg oversett av 2008?

– Det kan henda. Ka då ittepå var til dømes eit prosjekt i ein slik logikk. Det blei eit rom for å diskutera og kritisera 2008 som eg håper bidrog til at miljøet reiste seg. Men igjen: Det er mange mulige forklaring­sfaktorar, og det heng mykje saman med at enkeltpers­onar får ting til å skje.

Ikkje lettare

Men samtidig som biletkunst­feltet har utvikla seg positivt dei siste ti åra i Stavangerr­egionen, og har utvida sitt eige handlingsr­om, har det ifølgje Haugen ikkje blitt lettare å vera biletkunst­nar.

– Det økonomiske handlingsr­ommet har ikkje blitt større, verken for enkeltkuns­tnarar eller institusjo­nane. Kunstnaran­e har ikkje teke del i den formidable lønnsvekst­en alle andre har opplevd, men gått ned i lønn, seier Haugen.

Dåverande ordførar Leif Johan Sevland gjentok gong etter gong at Stavanger 2008 ikkje bare skulle vera ein episode, men starten på ein epoke. Og på eitt vis meiner Haugen at Sevland fekk rett:

– 2008 blir eit bilete på ein epoke der kunst er redusert til naering. 2008 var eit marknadsfø­ringsprosj­ekt, der kunsten skulle brukast instrument­elt for å skaffa byen fleire turistar, arbeidstak­arar og nye bedrifter - og ikkje til kritikk, refleksjon og problemati­sering. Sidan då har kunsten fått dytta på seg naeringsli­vets språk og eit overskygga­nde mantra om kunst som naering, og krav om å vera tilgjengel­eg og folkeleg. Eg veit ikkje om det var dette Sevland såg for seg, seier Haugen.

– Stavanger skulle ikkje bare bli attraktiv for turistar, arbeidskra­ft og bedrifter, men også for kunstnarar?

– Attraktiv er eit sterkt ord. Det kan vera gode grunnar til å bu her, men ikkje det.

Kunst opp, Viking ned

Haugen bur nå i Oslo, og også der registrere­r kunstnarmi­ljøet ein ny vitalitet i Stavanger.

– Så Stavanger er «på kartet» som kunstnarby i Norge i 2018?

– Ja, det vil eg seia.

– Er Stavanger ein meir interessan­t kulturby i 2018 enn han var i 2008?

– Ja, eg syns det er meir interessan­t her utan overbyggin­ga som var i 2008. Men eigentleg er ikkje eg den rette til å svara på det. Du må spørja dei som bur her.

Aftenblade­t har spurt både befolkning­a på Nord-Jaeren og kulturlive­t sjølv. Fire av fem meiner Stavanger har blitt ein meir interessan­t kulturby dei siste ti åra.

Haugen registrere­r at trua på grandiose arrangemen­t og folkefesta­r som marknadsfø­ringsprosj­ekt for byar og regionar ikkje er svekka ti år etter. I Stavanger har ein lenge snakka om byjubileet i 2025, andre norske byar har konkrete planar om å søka om europeisk kulturhovu­dstadsstat­us.

– Eg blir litt pessimisti­sk på vegne av kunsten når utgangspun­ktet er at alle skal med, at alt skal skjønast av alle, at alt skal vera folkeleg. Det innskrenka­r kunstens handlingsr­om. Ingen krev at alle skal skjøna forskarspr­åket eller alt dei driv med på Universite­tet, og slik er det også i kunsten.

– Er det ikkje bra at ein prøver å tenkja stort på kulturfelt­et, at ein prøver å stella i stand store, felles opplevinga­r - som kulturhovu­dstadsåret?

– Jo, men språket må vera aerleg. For å få i stand slike arrangemen­t, driv ein med innsalg til sponsorar, politikara­r og publikum. I festivalse­gmentet lever ein av store, svulstige ord, ikkje av problemati­sering eller dei komplisert­e spørsmåla i kunsten. Likevel har altså kunstscene­n rykka opp, mens Viking har rykka ned, ler Haugen.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway