Stavanger Aftenblad

Den uforståele­ge Gud

- Andreas Haarr sokneprest

SØNDAGSTAN­KAR: Det er tidlegare stortingsm­ann og biskop, Per Lønning, som fortel at han i ei førelesing for studentar fekk spørsmålet: «Kva gjorde Gud før verda vart skapt?»

Og Per Lønning sitt svar var:» Han gjekk i skogen og skar ris til dei som stiller tåpelege spørsmål.» Då vert mitt spørsmål: Hadde biskopen rett? Er det ikkje lov til å stilla spørsmål, sjølv «tåpelege» spørsmål om alt, til og med om Gud? Eg trur at me har lov til å stilla alle spørsmål. Om Gud, og alt anna. Den eine skilnaden me likevel må ta med når me spør om Gud, det er at me får aldri alle svara. Å koma bakom Gud klarer me aldri trengja inn med vår tanke.

Det er sagt: «Deus semper maior,» altså: Gud er alltid større. Gud er alltid større enn alle våre ord om han. Men klart det lov å grubla og tenkja! Så lever me i den spenninga, me grubler og tenkjer, men får ikkje alle svar. Og så seier Jesus i bibeltekst­en for søndag at Gud har vist seg for umyndige små. Så kva hjelper det då å vera vis og forstandig?

Klok

Tenk om det var slik at kristendom og tru berre var for dei kloke. Tenk om det var slik at Jesus hadde sagt: «Takk Gud for at du har vist kva himmelrike­t er for alle som har fullført vidaregåan­de med over middels i karakter.» Då hadde mange vore utanfor. Og mange hadde måtta tenkja at dette med Gud og Jesus er for dei andre, og ikkje for meg.

Må ein vera dum for å vera kristen? Der er her at det eg kunne hatt lyst til å svara: «Nei, men det hjelper!» Men eg meiner sjølvsagt ikkje det. Men Jesus takkar faktisk Gud for at løyndomane i Guds rike er skjult for dei vise og kloke, og i staden openberra, vist fram, for dei umyndige små.

Umyndige små

Ordet Jesus brukar for den som verkeleg har forstått det, er eit ord som har noko med å vera småbarn å gjera. Det er eit ord som har vorte omsett med ulaerd, barnleg eller einfoldig. Det har altså med å vera som eit barn. Andre gonger ser me at Jesus set nettopp barnet i sentrum når han skal laera folk om Guds rike. Når mannfolka diskuterte kven som er størst, så sett Jesus eit lite barn midt mellom dei. Då handlar det ikkje om intellektu­ell kapasitet for å forstå kva Guds rike er, men om å vera som eit barn. Barnet er avhengig av andre. Slik er me avhengig av Gud.

Ja, eg må gå med på at Gud er meir enn meg, større enn meg, visare enn meg. Guds rike er eit annleis rike. Gud er annleis.

Å veksa

Det er flott å tenkja at akkurat som eit lite barn får alt og er totalavhen­gig av foreldra, slik er me totalt avhengig av Gud. Men eit barn veks til og skal lausriva seg. Eit barn skal tenkja eigne tankar. Me er skapte av Gud som tenkjande menneske. Og me skal leva i den spenninga at me er frie, sjølvstend­ige, samstundes som me er skapte for å leva i og av Gud. Me vil aldri forstå Gud. Men Jesus har vist oss nok av kven Far er, slik at me kan vera Guds born. Då kan tanken leva godt me å grubla over Guds stordom.

Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uranskalel­ege hans dommar er, kor ufattelege hans vegar!

Kven kjende Herrens sinn, eller kven var rådgjevare­n hans? Kven gav han noko fyrst, så han skulle få verderlag?

Av han og ved han og til han er alle ting.

Han vere aere i all aeve.

Romarane 11, 33-36

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway