Stavanger Aftenblad

Brutalt enkel lov

-

LEIAR: Folket i Irland har stemt ut den brutalt enkle abortlova i landet. Gravide kvinners liv og helse kan omsider bli meir verd.

I 1978 kom lova om fri abort i Norge. Fem år seinare, i 1983, innførte Irland eit grunnlovst­illegg der det ufødde barnets liv blir likestilt med den gravide kvinnas. Sidan har Irland hatt Europas strengaste abortlov. Sjølv om abort kunne tillatast dersom kvinnas liv var i fare, har abort i praksis vore forbode. Verken valdtekt, incest, fare for mors helse, eller foster med diagnosar som seier dei ikkje vil kunna leva etter fødselen, er grunn nok til å ta abort.

I 1992 blei ei 14-årig jente, gravid etter valdtekt og vurdert som suicidal, nekta av rettsappar­atet å dra til England for å ta abort. At det var fare for at jenta skulle ta sitt eige liv, vog ikkje tungt nok. Høgsterett overprøvde dette, dei meinte det var reell fare for mors liv, og jenta fekk innvilga abort i Irland.

Regjeringa svarte med å villa innføra eit nytt tillegg i grunnlova, som sa at fare for sjølvmord ikkje ga grunn til abort. Det blei avvist, føreslått igjen, og avvist igjen. Samtidig blei det slått fast i lovverket at irske kvinner fritt kunne reisa utanlands for å få gjennomfør­t ein abort.

I 2012 blei Savita Halappanav­a innlagt på sjukehus. Ho var gravid i 17. veke, sjuk, og i ferd med å spontanabo­rtera. Fleire gonger bad ho legane utføra abort, svaret var nei, det ville vera mot lova, dei kunne ikkje, for det var ikkje akutt fare for mors liv. Då det til slutt var det, var det for seint å utføra aborten. Både mor og barn døydde.

FN har peika på at den irske lova ikkje tar omsyn til mors helse, at ein diskrimine­rer dei som ikkje kan reisa utanlands, og at ein opnar for illegale abortar. I tillegg reknar ein med at rundt 170 000 irske kvinner har reist utanlands for å ta abort etter 1983.

Det må og skal alltid vera eit dilemma å vurdera å ta abort. Vi må halda oppe at det alltid er to liv det er snakk om. Då er det inga løysing å forby kvinna retten til å ta ansvar for sitt eige liv og si eiga helse, inkludert sjølv å ta val om abort.

Det går an å sjå at krefter i Irland søkte å ta vare på det ufødde livets rettar. Men det førte i praksis til at ei gravid kvinnes liv og helse blei altfor lite verd. Mindre verd enn det ufødde livet, og mindre verd enn alle andres.

Det går ikkje. Lova var altfor enkel og einsidig til å kunna halda oppe det dilemmaet ein abort er. Det var langt, langt på overtid at det irske folket stemte tillegget frå 1983 ut av grunnlova for all framtid.

 ?? CLODAGH KILCOYNE / AP/SCANPIX/REUTERS ?? 66,4 prosent stemte ja til å fjerna grunnlovst­illegget som har gitt Irland Europas strengaste abortlov.
CLODAGH KILCOYNE / AP/SCANPIX/REUTERS 66,4 prosent stemte ja til å fjerna grunnlovst­illegget som har gitt Irland Europas strengaste abortlov.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway