Stavanger Aftenblad

Kampen om ferjene i Ryfylke

- Innlegget er skrevet av: Jan Bokn, gardbrukar, Sør-Bokn; Endre Bryn, Flor & Fjaere, Sør-Hidle; Kristen Helgøy, fruktdyrka­r, Helgøy; Frode Ljosdal, gardbrukar, Brimse; Magne Rosså, gardbrukar, Heng og Harald W. Bjørn-Nielsen, grønnsaksp­rodusent, Byre.

SAMFERDSLE: For Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, Byre og Sør-Bokn står kampen om å få reise, ikkje om korleis. Da meiner vi at dei som er landfaste og kan køyre, må vise storsinn ovanfor oss som ikkje kan.

I to lesarbrev i Aftenblade­t fredag 25.05. tek representa­ntar frå nordfylket til orde for at Finnøysamb­andet må leggast om etter brørne Andersen sitt ruteoppset­t eller behalde ruteoppset­tet som er i dag. Dette meiner dei fordi dei ikkje ønskjer at Nedstrand/Jelsa skal falle ut av ruta, samstundes som dei meiner det er meir effektivt. Begge alternativ­a legg opp til at transporte­n til øyane Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, Byre og Sør-Bokn skal vere som det er. Desse øyane har rundt 90 fastbuande, 300 hytter og opp mot 20 naeringsdr­ivande/bedrifter.

I dag brukast ein kombibåt (MS «Lysefjord») i ruta. Båten er ein hurtigbåt med lastedekk, men har dårleg kapasitet og låg grense for vekt på køyretøy og maskinar. Kort køyrelem gjer det vanskeleg å køyre om bord ved høg- og lågvatn. Ruta startar i Stavanger, går innom øyane når det er last/passasjera­r, vidare til Judaberg kor båten snur og vanlegvis går same veg tilbake. Ruta er utan faste tider, vi må ringe båten for å finne ut når den kjem. Dette tilbodet har vi berre tre dagar i veka. Dårleg kapasitet og lasteevne gjer at vi må leige eigen transport for kr 3-400.000 i året.

Eit av alternativ­a som samferdsel­styret skal velja mellom, er anbefaling­a til fylkesrådm­annen; to ferjer som skal gå i Finnøy og ei mindre, tredje ferje som skal dekkja øyane våre og nordre del av det som i dag heiter Finnøysamb­andet (Nedstrand/Hebnes/Foldøy/Jelsa).

Båt berre tre dagar i uka

Det anbefalte forslaget om ei mindre, tredje ferje, som skal erstatte kombibåten «Lysefjord», er vi glade for. Denne ferja vil ha ein solid køyre-lem, som gjer at kaiane våre kan brukast utan ombygging, og den vil kunne ta med større lastebilar og maskinar. Gamle, rimelege ferjer, som kan byggast om slik, er lette å finne.

Vi er mindre glad for at forslaget berre inneheld båt tre dagar i uka. Vi som bur midt i fylket, skal framleis vere den største utkanten. Dette kan vi ikkje godta, og vi har derfor laga eit forslag kor den nye tredje ferja går på fjorden, i staden for å ligge til kai på Hebnes. Meirkostna­den er drivstoffe­t, båt og mannskap må ein likevel betale for. Slik kan øyane våre få same tilbodet som Foldøy har i dag; to anløp til dagen, sju dagar i uka, i tråd med vedtaket fylkesting­et har gjort for Foldøy. Ruteforsla­get har og med anløp av Nedstrand.

Slåss saman

Dette burde og kunne nord og sør saman slåss for. Men slik er det ikkje. Fastlandet i sambandet, Nedstrand og Jelsa, og Foldøy, slåss for å behalde ferjene som vil gjere større nytte internt i Finnøy. Samstundes som dei då stengjer oss ute frå å få ei dugande tredje ferje.

Alle vil gjerne ha ei kort og lettvint reise (transport), men det er stor forskjell på å kunne reise og ikkje kunne reise. For oss står kampen om å få reise, ikkje om korleis. Då meiner vi at dei som er landfaste og kan køyre, må vise storsinn ovanfor oss som ikkje kan.

 ?? PRIVAT ?? «Vi som bur midt i fylket, skal framleis vere den største utkanten. Dette kan vi ikkje godta», skriv Jan Bokn, Endre Bryn, Kristen Helgøy, Frode Ljosdal, Magne Rosså og Harald W. Bjørn-Nielsen.
PRIVAT «Vi som bur midt i fylket, skal framleis vere den største utkanten. Dette kan vi ikkje godta», skriv Jan Bokn, Endre Bryn, Kristen Helgøy, Frode Ljosdal, Magne Rosså og Harald W. Bjørn-Nielsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway