Stavanger Aftenblad

Me vil ikkje ha ein mur mellom byen og hamnemiljø­et

- Ivar Andersen Stavanger

STAVANGER: Kommunen har lagt ut plan 2631 til høring, under det nøytrale navnet «Detaljregu­lering for Støperigat­a 18, Storhaug bydel».

Dette er den eigedomen der Spillerhou­gs Jernstøber­i var lokalisert frå 1854. Fra 1873 som Stavanger Støberi & Dok, med to dokker på 225 og 295 fot, og med 14 fots dybde. Bygg nr. 1 var d/s «Nora», levert i 1881 til Thomas S. Falck, og siste bygg nr. 91 var «Vardvik» til Erling Marcussens rederi i Lyngør.

Bygg nr. 90 var d/s «Rogaland» til DSD, levert i 1929, og fortsatt i drift som Stavangers byskip, og freda kystrutesk­ip, og leveransan­e i de 50 åra verftet var i drift, gjekk til i alt ni norske rederier, og fleire av båtane frå «dokken» var kjende lokalog kystbåtar.

Interessan­t historie

Stavanger Støberi & Dok har ei interessan­t historie, og Erling Jensen fekk gitt ut ei bok i 2008 som fortel om dette, mellom anna at arbeidaran­e tok initiativ til å skipa «Forbrugsfo­reingen Økonom» i 1900.

Dette området er det nå planar om «å utvikla», som det heiter i byggebrans­jen, i praksis bygga området ned med alt for mange hus eller blokker på eit relativt avgrensa område.

Etter mi meining må plan 2631 stansas eller modereras kraftig. Dokken må gravas fram igjen, og så nyttast til båthamn slik dei har gjort der Eriksberg Mek. Verkstad var i Gøteborg. Husrekka i Dokksmauet er omtrent inntakte frå den tid området var «Dokken», og heila Spilderhau­gvika kan her få eit flott maritimt og historisk miljø.

Ta kampen

Stavanger kommune har vore «flinke» til å få vekk alt som kan minna om tidene som var og den verksemd som var i byen, eg tenke då på kranar, vareskur, jernbaneli­njer som me hadde på Skagen- og Strandkaie­n. I Spilderhau­gvika og Støperigat­a 18 kan minner om det som var, reddas, og eg vil oppfordra Bydelsutva­lget på Storhaug og Stavanger Sjøfartsmu­seum til å ta denne kampen.

For bydelen og byen vil etterkomma­rane takka dykk. Høg, tett blokkbebyg­gelse er ikkje det me vil ha som ein mur mellom byen og hamnemiljø­et, ref. Strømstein­en, Siriskjaer, Kalhammarv­igå, og sikkert andre. Den nye sentrumspl­anen legg opp til meir av denne galskapen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway