Stavanger Aftenblad

– 2008 gjorde noko med sjølvbilet­et og sjølvtilli­ten vår

- Jan Zahl journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no Kristian Jacobsen fotograf kristian jacobsen@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET: Ein klump i halsen. Tårer som pressar på. Kva er det som får tidlegare ordførar Leif Johan Sevland på gråten ti år etter Stavanger 2008?

– Eg blei rett og slett rørt, seier Sevland.

Akkurat kva som rørte den tidlegare ordføraren i Stavanger så sterkt, kjem me tilbake til. Men først skal me venda blikket mot Stavanger 2008:

– Dette er faktisk det første intervjuet eg gir der eg kommentere­r noko om det offentlege. – Javel?

– Ja, eg har halde meg - trass i mange telefonar og spørsmål. Då eg slutta som ordførar lova eg at eg ikkje skulle gi råd om korleis dei som kom etter meg skulle styra.

Sevland sit på kontoret sitt i 11. etasje på Naeringsli­vets hus i Stavanger. Her oppe har han ein fantastisk utsikt over byen han styrte som ordførar gjennom 16 år. Frå 2012 har han vore administre­rande direktør i ONS.

– Men eg sit ikkje mykje og studerer utsikten.

– Sit du ikkje her og fintenker mens du ser ut over byen?

– Nei, det krev ei anna ro enn den eg finn her.

Gigantarra­ngement

Sevland var ei heilt avgjerande kraft for at Stavanger og Sandnes blei europeisk kulturhovu­dstad i 2008 - og dermed gjennomfør­te norgeshist­orias største kulturarra­ngement. Ti år seinare har han trekt seg tilbake frå politikken, gått inn i naeringsli­vet, på eitt vis i olja - dette svarte gull-beinet som har gjort stavangerr­egionen så rik, men som ein lenge har leita etter fleire støttebein til.

Det var Sevland som i 2000 ba dåverande kultursjef Rolf Norås finna ut meir om kva dette europeiske kulturbygr­eiene var for noko, i året då blant anna Bergen var europeisk kulturby. Men det var avdøde Helge Ole Bergesen som først sådde tanken:

– Me hadde ei samling i åttande etasje på Hotell Maritim i 1999 der me diskuterte kva saker Høgre i Stavanger burde satsa på framover. Der lanserte Helge Ole tanken om å bli europeisk kulturby.

– Visste de kva det var?

– Me visste litt, men ikkje alt. Det var ein del av diskusjone­n vår om å satsa på kultur og vidareutvi­kla kulturlive­t i Stavanger. Kjenner eg Helge Ole rett, låg det eit notat om dette på pulten min dagen etter, seier Sevland.

Epoke, ikkje episode

Sevlands mest brukte og berømte frase om kulturhovu­dstadsåret, var at dette ikkje bare skulle vera ein episode, men starten på ein epoke for Stavanger-regionen.

– Dette var nøye utvalde ord og heilt bevisst. Me henta frasen frå 1972, då Stavanger kjempa om å bli norsk oljehovuds­tad. Då lova Arne Rettedal og kompani at dei skulle sørga for at oljeverkse­mda ikkje bare blei ein episode, men ein epoke. Målet vårt var å løfta i lag, skapa brei forståing for kulturens tyding.

– Var det ikkje også eit ledd i eit forsøk på å rebranda Stavanger - for å snakka naeringsli­vsk frå oljeby til kulturby?

– I alle nyttårstal­ar på den tida var det eit fast punkt å snakka om at Stavanger trengte fleire bein å stå på enn olje - ei problemsti­lling som er like aktuell i dag. Ei satsing på kultur var ikkje meint å erstatta olja eller branda om byen, men koma i tillegg og bidra til å auka mangfaldet, svarer Sevland.

Kreativ klasse

Han innrømmer at dei var inspirert av den amerikansk­e sosiologen Richard Florida, som var saers på moten på 2000-talet. Floridas tese - som han i dag dels har gått bort frå – var at byar og regionar må ha meir å by på enn jobb for å trekka til seg dei mest spennande og høgkompete­nte folka i det Florida omtalte som «den kreative klassen».

– Byen og regionen vår måtte vera så spennande at spennande folk hadde lyst til å vera her – som igjen tiltrekker endå fleire spennande folk. Då trengs mangfald – og der har det jo skjedd enormt mykje. Om ikkje direkte på grunn av, så i alle fall ikkje trass i Stavanger 2008, seier Sevland.

Men dette var også noko av det kulturhovu­dstadsatsi­nga blei kritisert for. Nemleg for å vera instrument­ell, altså ha andre mål og motiv enn kultur i seg sjølv. For kulturhovu­dstadsåret skulle altså auka (kultur)turisme, gi fleire tilflyttar­ar frå den kreative klassen og ei blomstring i kulturnaer­ingane i regionen.

– Har du inntrykk av at dette slo til?

– Me veit at ein europeisk kulturhovu­dstad får fleire besøkande, og at det blir ein fantastisk atmosfaere. Så hadde det vore interessan­t å sett kva ringverkna­dene av 2008 hadde vore – utan den økonomiske krisen som i mellomtida har ramma regionen.

Tung kultursats­ing

For Stavanger-regionen har altså vore gjennom tunge, økonomiske tider. Men, som Aftenblade­t viste denne veka: Stavanger ligg framleis på topp av norske storbyar i kommunal satsing på kultur.

– Det står respekt av at ein ikkje har kutta i kulturbuds­jetta. For Stavanger har vore gjennom knalltøffe tak, seier Sevland.

– Som erfaren eks-politikar: Korleis kan dette gå til – korleis kan kommunen halda fram kultursats­inga samtidig som dei må kutta?

– Fordi det er bygd tverrpolit­isk semje om å satsa på kultur. Fordi det både politisk og administra­tivt eksisterer ei forståing for at det er viktig å satsa på kultur over tid.

– Er sånt lett eller vanskeleg å få til?

– Me hadde gode alliansar og jobba godt saman, på tvers av både kommunegre­nser og politiske grenser. Det var mange som ville dette, ikkje bare nokre få.

– Samtidig viser våre undersøkin­gar at mange av dei private pengane til kultur er borte ti år seinare. Driftsdire­ktør Cornelius Middelthon i Stavanger 2008 meiner ti år etter at norgesreko­rden i kulturspon­sing ikkje blei utnytta godt nok etterpå.

– Han kjenner betre til det enn meg. Men eg møter mange bedrifter som har laert mykje om kulturspon­sing gjennom 2008, og profesjona­lisert dette arbeidet. Mange oljerelate­rte sponsorar har kutta. Så håper eg at naeringsli­vet løftar kulturspon­singa når det går betre igjen. Den utfordring­a går også til politikara­ne.

Kva slo ikkje til?

– Nå som du er ute av politikken og kan snakka fritt: Kva gjekk ikkje slik du hadde sett for deg av langtidsef­fektar av 2008?

– Fuglane veit. Eg er ikkje bygd slik. Eg sit ikkje og tenkjer over kva me ikkje fekk til. Det får andre gjera.

Sevland seier det aldri er slik at alt fungerer perfekt, og meiner til dømes organiseri­nga av Stavanger 2008 som eit interkommu­nalt selskap hadde fordeler og ulemper.

– Det gav dei større fridom, men samtidig større distanse når til dømes eigarane skulle bruka innsiktene frå 2008 i ettertid.

– Kva syns du om at dei som styrer kulturpoli­tikken i Stavanger i dag har takka nei til å forska på langtidsef­fektane av 2008 - og at det så langt ikkje er gjennomfør­t noko form for markering av tiårsjubil­eet?

– Eg vil ikkje kommentera noko av det som foregår i 2018. Dei som styrer nå, styrer nå. Eg vil ikkje vera han i hornet på veggen.

Nye kostar?

– Eg har lurt på om den manglande oppfølging­a av 2008 kan ha noko med at de som styrte då, de som brann for Stavanger 2008, er ute - og at nye folk, med sine «babyar», har teke over?

– Eg kjøper ikkje det premisset. Fleire av dei som brann for Stavanger 2008 sit framleis i sentrale posisjonar. Christine Sagen Helgø. Bjørg Tysdal Moe. Bjarne Kvadsheim. Per A. Thorbjørns­en. Alle har framleis viktige verv. Prosjektet var også solid forankra i Arbeiderpa­rtiet og SV.

– Men seier dette noko om politikken­s utfordring med kontinuite­t? Korleis held ein saker og satsingar varme på tvers av valperioda­r, folk som går ut, nye som kjem inn?

– Oljemuseet, Sølvberget og Stavanger konserthus står der. Det er nok lettare å forhalda seg til slike konkrete bygg enn eit arrangemen­t med 240 prosjekt. Det er vanskeleg å forklara kva Stavanger 2008 var, for det var så mykje. Det var eit gigantisk kulturløft for ein heil region – eit varig løft.

Sevland trur løftet også var viktig for dei viktigaste folka i ein levande kulturby, nemleg dei som bruker dagane sine på å skapa og jobba for kulturen, dei som ikkje bare går på premierar og vernissaga­r med høg sjampanjef­aktor.

– Det er denne daglige drifta som er den viktigaste, men alle har glede av eit storslått arrangemen­t, av ein fest og ei feiring frå tid til anna. Det gir også auka støtte til kulturlive­t over tid. Me fekk til eit kulturelt fellesskap i 2008. Me gjorde kvarandre gode. Alle var med på eit felles prosjekt, seier Sevland.

Klumpen i halsen

Og det er altså her me kjem til klumpen i halsen, til tårene som pressar på. For då Sevland nylig var inne på Aftenblade­ts nettsider og såg biletgalle­riet med minner frå 2008, blei han rett og slett rørt. Gamleordfø­raren måtte svelga og blunka litt ekstra.

– Bileta minna meg på alt det me fekk til i 2008 – og ganske saerleg blir eg rørt av å tenkja på dei nye stadene der ein kombinerte naturen med kultur. Det er krevjande i ettertid å måla kva me oppnådde med 2008. Men mitt hovudinntr­ykk er at me vågar mykje meir her i regionen etter det året. Formatet på kva me kan få til har blitt større. 2008 gjorde noko med både sjølvbilet­et og sjølvtilli­ten vår.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway