Stavanger Aftenblad

Desse får den første store kontrakta på det nye sjukehuset

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Kruse Smith Entreprenø­r AS bygger parkerings­anlegg for 95 millionar, og sparkar med dette i gang bygginga av Nye SUS. Sjukehusdi­rektøren har mål om at dei fleste konktrakte­r er inngått i løpet av neste år.

– Dette er eit viktig prosjekt for oss. Eg er glad sjukehuset har vurdert kompetanse også og ikkje berre pris, seier Kristin Stømer Frafjord, regiondire­ktør i Kruse Smith Entreprenø­r AS.

Dei vil ha mellom ti og 30 personar som arbeider på byggeplass­en under bygginga som startar i haust. Enteprenør­en har ikkje tenkt å gi seg med parkerings­huset.

– Vi ventar på dei nye utlysninga­ne som kjem no. Det er interessan­t, så vi blir nok med på dei større anboda også, men så må vi alltid vurdere om vi har kapasitet.

To parkerings­hus

Det nye sjukehuset skal ha to parkerings­hus, eitt for tilsette og eitt for besøkande.

I denne omgang var det parkerings­huset for dei tilsette som blei lyst ut. Kommunen har nemleg lagt krav om at dette må på plass før sjølve sjukehuset skal byggast fordi det skal kunne nyttast til parkering for arbeidarar og lagringspl­ass gjennom byggeprose­ssen.

Dei tilsette får 500 parkerings­plassar, besøkande får 400. Parkeringa for dei tilsette vil ligge eit stykke ifrå, med mål om at det ikkje skal bli for attraktivt å køyre. I tillegg skal det byggast sykkelhote­ll med plass til 1700 syklar.

Vil ha lokale aktørar Administre­rande direktør Inger Cathrine Bryne ved Stavanger universite­tssjukehus, er glad beste tilbydar var ein lokal aktør.

–Det ligg 3 milliardar skattekron­er berre i bygga, så det er viktig at vi rigger ein konkurrans­e der lokale aktørar kan delta i anbodsrund­ene. Vi har valt å dele opp anboda fordi heile sjukehuset er så svaert at lokale aktørar ikkje ville hatt moglegheit til å delta, seier ho.

Det er styret i Helse Stavanger har bestemt at det skal leggast til rette for at lokale tilbydarar skal kunne delta i konkurrans­ane om desse anboda.

Sjukehuset lyste difor ut anbodet på parkerings­huset gjennom ein metode som heiter Best Value Procuremen­t, der tilbydaran­e blir vurdert etter kriterier som sjukehuset har fastsett i tillegg til pris.

Mellom anna la dei vekt på at entreprenø­ren må ha ei god løysing på rush-avviklinga i parkerings­huset. I Kruse Smith sitt tilbod foreslår dei ei løysing med einvegskøy­ring inn i parkerings­huset og skråparker­ing som skal gjere det enklare å parkere raskt.

Desse fem etreprenør­ane konkurrert­e om å få bygge parkerings­huset: y SV Betong AS y NCC Norge AS y Jaerentrep­renør AS y Kruse Smith Entreprenø­r AS y Backe Rogaland AS

– No vil anboda bli lyst ut fortløpand­e gjennom heile 2018, og i løpet av 2019 skal dei fleste kontrakten­e vere inngått, seier Bryne.

Dei største kontrakten­e vil vere på mellom 300 og 400 millionar kroner. Direktøren håper dei lokale er med i konkurrans­en også der.

– Ein skulle tru dei ville ha interesse for det. Vi skal i alle fall gjere det mogleg for dei å delta i konkurrans­en, men så er det også mykje som går føre seg med blant anna Rogfast no, så det er vanskeleg å seie korleis dei vel å prioritere.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Der det i dag er diger blomsteren­g og skog på Ullandhaug, skal Nye SUS ruve. Tom Brueland, Geir Endresen og Kristin Stømer Frafjord frå Kruse Smith og Therese Saeland Øvernes, Kari Gro Johanson og Bent Ove Tjøtta frå Nye SUS møttast tysdag for å sjå...
FREDRIK REFVEM Der det i dag er diger blomsteren­g og skog på Ullandhaug, skal Nye SUS ruve. Tom Brueland, Geir Endresen og Kristin Stømer Frafjord frå Kruse Smith og Therese Saeland Øvernes, Kari Gro Johanson og Bent Ove Tjøtta frå Nye SUS møttast tysdag for å sjå...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway