Jaermuseet og Norsk Oljemuseum med internasjonal konferanse
MUSEUM: Om tre år vil 1000 delegatar frå 50 land samlast i Jaermuseet og Norsk Oljemuseum.
Den europeiske konferansen for vitensentre og museum skal i 2021 haldast i Stavanger. Programmet vil for det meste gå føre seg på Stavanger Forum.
Temaet for konferansen er energi, skriv arrangørane i ei pressemelindg.
– Stavanger-regionen er eit utstillingsvindauge for Norges energirikdom. Eg trur våre museum og omgivnadane vi kan tilby vil gi et spennende bakteppe, seier Finn E. Krogh, direktør i Norsk Oljemuseum i meldinga.
Europeisk nettverk
Det er nettverket Ecsite som står bak konferansen. Organisasjonen har 333 medlem, for det meste museum og vitensentre.
Namnet er ei forkorting for «European Collaborative for Science, Industry and Technology Exhibitions», og nettverket blei oppretta med mål om å legge til rette for samarbeid mellom europeiske forskningsenter.
Den årlege konferansen har tidlegare blitt halden i byar som Milano, London og Lisboa, og festivalen blir akkurat no halden i Geneve.
Første gong i Norge
Dette er første gong konferansen blir arrangert i Norge sidan den blei starta i 1990. Dei to musea og Region Stavanger starta arbeidet med å søke i 2015.
– Dette vil sette både Jaermuseet og Norsk Oljemuseum skikkeleg på kartet internasjonalt. Jaermuseet er veldig stolte av at vi no skal ta imot vitensentre og museum frå heile Europa og vi gler oss til å vise fram alt det regionen har å by på, skriv arrangørane.