Stavanger Aftenblad

Skulepress­et er verst

- Solveig Grødem Sandelson solveig.sandelson @aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Denne veka møtte statsråd Linda Hofstad Helleland (H) bloggarmil­jøet for å finna måtar å stoppa kroppspres­set mot unge på. Det er bra. Men skulepress­et er verre.

Unge i Norge blir stressa og deprimerte av skulepress og kroppspres­s. Saerleg jenter. Og mest av skulepress. Ein dårleg karakter på ein prøve på ungdomssku­len kan dra ned snittet på karakterko­rtet, og dermed er «alt øydelagt». Heile framtida. Over halvparten av jentene i 10. klasse i Oslo sa at dei hadde psykiske helseplage­r i den store Ung Data undersøkin­ga i 2015. Skulepress blir nemnt på topp som årsak. Før kroppspres­s.

Seg sjølv

I tillegg til å bli stressa av laeraren, blir dei stressa av seg sjølv. Og seg sjølv kan dei jo endra, dei kan laera seg å handtera stress betre, og jobba meir effektivt.

Unge jenter er sikre på at alt står på spel, akkurat nå, heile tida. Om det går bra med dette «alt», er bare opp til dei sjølv. Kva dei presterer, kor hardt dei jobbar, og kor godt dei handterer presset. Mens vurderinga av om det er bra nok, om dei akkurat nå og heile tida klarer alt så godt at dei ikkje set framtida på spel, det overlet dei heilt og fullt til andre. Det er karakteran­e, tilbakemel­dingane frå skulen, som avgjer. Høyrer dei til den fjerdedele­n som i tillegg er misfornøgd­e med kroppen sin, må ein overstråla­nde mai månad med avsluttand­e prøvar og avkledde kroppar senda alle stresshorm­on konstant i taket.

Dei er på alle vis blottstilt­e, ute i sola eller inne i klasseromm­et. Får dei ikkje positiv nok respons, går dei bort for å endra seg sjølv. Samanhenge­n forsvinn. Og retten til å ha sin eigen ståstad.

Store blindsoner

Ved Universite­tet i Stavanger har Marianne Sandvik Tveitnes tatt doktorgrad­en i PP-tenestas praksis når dei går inn og skal vera sakkyndige i norsk skule. For alle elevar har rett til tilpassa opplaering. Når nokon treng meir tilrettele­gging enn andre, skal PPT inn og vurdera. Tveitnes si forsking viser at testar og kartleggin­g av barnet tel meir enn observasjo­n og erfaring. PPT undervurde­rer foreldre og laerarars forteljing­ar, observasjo­nar og kompetanse, meiner ho, og barnet sjølv kjem knapt til orde. Samanhenge­n barnet står i, tel langt mindre enn kva barnet klarte og ikkje klarte på ein test. Faren med det, seier Tveitnes, er at signalet tilbake til skulen er at ein kan finna årsaka til at undervisni­nga ikkje fungerer ved å testa barnet. Det er hos barnet årsaka ligg, og der endringa må skje. Laeringsmi­ljøet og samanhenge­n rundt tel ikkje med.

Og PP-tenesta er bare eit eksempel på at løysinga i skulen ligg i å kartleggja, testa og endra barnet, ikkje systemet. Det blir store blindsoner av slikt. Og ein fiffig spiral – jo meir systemet legg vekt på å testa og endra eleven, jo sterkare opplever eleven at det er han eller henne det er noko galt med, og systemet får vera i fred. Med alle sine manglar, feilslutni­ngar og blindsoner, som blir alle store system til del, når dei får veksa uhemma.

Den største endringa på dei 18 åra norske 15-åringar har vore med i internasjo­nale Pisa-undersøkin­gar, er ikkje at dei har blitt flinkare, men at dei trivst dårlegare, og at fleire og fleire slit med psykiske vanskar.

Årsaka til at noko ikkje går så bra som elevane har inntrykk av at det burde gå, legg dei på seg sjølv. Det er dei som må jobba hardare, det er dei som må strekkja seg lenger. Viss ikkje, kan «alt vera øydelagt».

Men kva dette «alt» er, klarer dei ikkje sjølv å konkretise­ra. Det kan kven som helst bli stressa av – å vera redd for at det du gjer ikkje er godt nok, og sikker på at konsekvens­ane blir veldig store av det, men usikker på kva dette store eigentleg er.

Finn ditt eige

Der vi før hadde draumar om ei flott framtid, tolkar mange unge det nå som eit grunnleggj­ande krav. Krav dei kan og må innfri her og nå, heile tida, elles ryk heile framtida. Og om ein har innfridd eller ikkje, kan bare målast på applausen du får frå omverda. På karakteran­e dine, på kor mange likes det nye profilbild­et på insta’en din får.

Heile tida.

Sånn kan ein ikkje leva. Det er jo ikkje til å halda ut.

«Ditt beste utgangspun­kt for fremtiden er å vaere tilstede i nåtiden, uansett situasjon, uansett hvor du er. Du er tilstede i mangfoldet og alt det rare som er der. Selv om det bare er du som ser det akkurat sånn. Du eier det på en måte og kan ikke miste det til andre.»

Det er Arne Naess som har sagt det. Det er viktig. Å finna det du ikkje kan mista. Det ingen kan ta frå deg. Det som ikkje er avhengig av ting som ligg utanfor din eigen kontroll. Det du kan bestemma sjølv. Det handlar om å ta seg retten til å finna sitt eige tyngdepunk­t, sin eigen ståstad. Der ikkje alt nødvendigv­is ser betre ut enn frå ein annan stad. Men der du ikkje treng å endra på noko i deg sjølv for at det skal bli bra nok.

Ansvaret

Akkurat nå, og eigentleg heile tida, skulle eg ønska saerleg unge jenter ville lytta til Arne Naess.

Og mens dei sit der og samlar krefter, før dei vender blikket og kritikken mot systemet, kan kunnskapsm­inister Jan Tore Sanner (H), også invitera til møte. Med nasjonale og lokale toppar i skulemiljø­et. Ikkje bare for å tilpassa skulen framtidas krav, men for å ta vekk skulepress­et. For det er vel og bra å be bloggarane ta ansvar for å stoppa kroppspres­set mot unge. Men skulepress­et er verre. Og det har regjeringa, uansett farge, eit direkte ansvar for.

Sånn kan ein ikkje leva. Det er jo ikkje til å halda ut.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway