Stavanger Aftenblad

Drømmeforh­old – tross litt motvind

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

NORDSJØRIT­TET: Det blir fine vêrforhold under laurdagens sykkelritt. Men du må rekne med litt motvind.

Om morgonen er det venta ein temperatur på rundt 15 grader, ifølgje meteorolog Anne Solveig Andersen ved Meteorolog­isk institutt.

–Det blir skiftande nordvestle­g bris, så med andre ord får syklistane motvind. Ein kan kanskje kjenne dette litt ettersom det er motvind, men i styrke er det svaert lite, det kjem ikkje ein gong opp i frisk bris. Vinden blir ikkje meir enn mellom to og fem meter i sekundet.

Vinden vil dreie seg meir mot vest utover dagen, og altså kome frå nordvest. Vindstyrke­n kan vere noko sterkare langs kysten, men Andersen trur ikkje det vil vere snakk om store skilnader.

– Elles ser det ut til å bli veldig bra og fint vêr. Utover dagen aukar temperatur­en til 20 grader, kanskje enda høgare.

Dei raskaste deltakaran­e er venta å passere målstreken i Sandnes etter 2,5 timar, og arrangøran­e trur at dei hundre raskaste fullfører på maks fire timar. Siri Ommedal, dagleg leiar i Nordsjørit­tet, har store forventnig­nar før rittet.

– Slik vêret ser ut no, trur eg vi kan få det beste Nordsjørit­tet nokon sinne, seier ho.

Dette er den 21. gongen rittet blir arrangert. Sjølv om varmen ikkje er like trykkande som den har vore, minner arrangøren om at folk må hugse å drikke nok vatn undervegs.

– Vi set også stor pris på at grunneigar­ar set ut vannslanga­r langs løypa. Det har dei gjort tidlegare, og det synast vi er kjekt. Det er kjekt når det er så mange som føler eigarskap til dette, seier Ommedal.

I fjor deltok over 5000. I går hadde over 4000 meldt seg på, og arrangøren trur dei kan klare å bikke 4400 før startskote­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway