Stavanger Aftenblad

Kampen om Ryfylke-ferjene

- Ivar Andersen Nedstrand

POLITIKK: Eg vil oppmoda Fylkesting­et, som skal møtast den 12. og 13. juni, om å utsetta sak «60/18 Anbud – Finnøy ferjesamba­nd». Det er inga hastesak, og så kan me i mellomtida laga høvelege ruter for øyane i Ryfylke.

Eg hadde eit lesarbrev i Aftenblad den 25. mai som kommentere­s av seks karar frå Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, SørBokn og Byre den 29. mai. Grunna reise svarar eg nå: I sum trur eg ikkje me er så ueinige, at øyane i Ryfylke må ha ein høvelege båt er eit minimum.

Total feilslutni­ng

Men skulda meg for at desse seks øyane har dårlege ruter, er total feilslutni­ng. Vårt utkast til rutestrukt­ur, som Suldal og Tysvaer og går inn for, er ei effektivis­ering som gjer fleire turar med 60 prosent kapasitets­auke, utan at ruta vert rasert. Denne gevinsten kan nyttast slik at dei seks øyane, i politikken kalla Fisterøyan­e, får lastebåt sju dagar i veka mot i dag tre dagar. Om det er «Rygerfjell» (ex «Høgsfjord»), «Gallivarre» (ex «Solbakk»), eller ein annan båt som skal brukas, er så langt i det blå, men ein bilførande katamaran («Lysefjord») har ingenting i ruta å gjera, korkje på Nedstrands­fjorden eller mellom øyane.

Alle ti plassane i eksisteran­de ferjerute og dei seks øyane har dagleg hurtigbåtr­ute(r), så det er ikkje slik at dei er isolerte fire dagar i veka, som me kan få inntrykk av i brevet frå dei seks.

At me eggar til kamp mellom nord og sør er og tatt fullstendi­g ut av samanhenge­n. Me har peika på kor mykje meir ein kan få for dei same pengane med vårt ruteframle­gg. At fylket går inn for noko som er dyrare og dårlegare, er for meg ei gåte, men konsulentb­ruken skal vel forsvaras?

Som dei seks øyane «sør» i Ryfylke er Foldøy og ei øy, berre litt «feil» plassert for byråkratan­e. Dei er i Suldal, men har mesteparte­n av sine tjenester dekka frå Nedstrand, men og ein del frå naeringsli­vet i Finnøy. Derfor er den eksisteran­de ruta viktig å ha som i dag. Det er ikkje dei to turane til nordre delen som tar kapasitet frå dei i sør, det er ringrutene i Finnøy som gjer at det kan vera kapasitets­problemer. To store ferjer gåande i Finnøy vil vera ein dyr fornøyelse, og beleggspro­senten vil gå ned frå dei 30 prosent han er i dag.

Utsett saka

Eg vil derfor oppmoda Fylkesting­et, som skal møtast den 12. og 13. juni, om å utsetta sak «60/18 Anbud – Finnøy ferjesamba­nd». Det er inga hastesak, og så kan me i mellomtida laga høvelege ruter for øyane i Ryfylke. Her har fylkespoli­tikarane ein ypparleg sak å visa ryfylkinga­ne at det går an å retta opp tidlegare feiltrinn.

«Limet i Ryfylke», som dagens rute vert kalla, er med på å halda samfunnsma­skineriet i gang på ein framifrå måte. Rasering av ruta vil berre auka politikarf­orakta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway