Stavanger Aftenblad

Kjøper båt på impuls i sommarvarm­en

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

ØKONOMI: Kundane kjem mandag og seier dei må ha båten levert innan fredag, ifølgje båtforhand­lar. Varmen gjer at mange kjøper båt på impuls.

– Salet går eventyrleg bra. Folk kjem inn på mandag og seier dei vil ha båten klar til fredag, og då spør eg jo kvifor dei har sånn hast. Det er som regel vêret. Vi må berre skufle det ut, for det er ferskvare, seier Terje Berland ved båtforhand­laren Båt og Tilhengers­ervice AS i Stavanger.

Berland seier mai har vore spesielt god, men tala for månaden er ikkje klare enda. Frå starten av året til og med april har dei hatt ein omsetnad på 10,5 millionar, mot 6,5 i same periode i fjor.

Impulskjøp

– Det har vore ein lang og hard vinter for mange forhandlar­ar, noko som viser att i salet av fritidsbåt­ar i Sør-Norge heilt til utgangen av april. Men så kom mai og tropevarme­n sette fart i salet. mange har allereie klart å ta igjen det dei låg bak, seier Leif Bergaas, dagleg leiar i båtbransje­forbundet Norboat.

Mangel på båtregiste­r gjer at det ikkje finst fullstendi­g statistikk, men Norboat har innhenta opplysning­ar frå sine medlem.

– Eg har snakka med ein del båtforhand­larar som opplever at det nesten blir for mykje. Det er rart at vêret skal ha så mykje å seie når det er snakk om eit beløp på fleire hundretuse­n kroner. – Kvifor trur du det er slik?

– Feriebåt er noko vi kjøper etter påske når vi begynner å sjå på alle fridagane i mai. Så kjem feriepenga­ne, og om det då er fint vêr er det nok ein del som tenker at «søren meg, no tar vi Norgesferi­e i år».

Dagleg leiar i båtforhand­laren Tveit AS er ikkje einig i at vêret er årsaka.

– Dei som vil ha båt, har som regel planlagt det ei stund. Og folk skjøner at 30 grader ikkje er normalt. Mange har båten ved hytta på Sørlandet, og då bryr dei seg ikkje so mykje om Vestlands-vêret, seier Frode Tveit.

Kjøper dyrare båtar

Tveit har selt 130 båtar så langt i år, men dette er ikkje meir enn normalt. Omsetnaden har likevel auka; I fjor hadde dei ein omsetnad på 25 millionar for månadane til og med mai, i år er talet 33 millionar. Dette kjem av at fleire har lagt litt meir pengar i kjøpet.

– Det er fleire som kjøper store og dyrare båtar no. Før var snittstørr­elsen på båtane vi selde 19 fot (rundt seks meter, red.anm). No ligg det på mellom 21 og 23 fot, seier han.

– Vi skal levere 23 båtar neste veke. Det er berre heilt vilt og skal ikkje vere mogleg. Men det kjem også av at leveringst­ida på forskjelli­ge båtar varierer, så det betyr jo ikkje at vi sel alle desse på ein gong, seier han.

– Kva kjøper folk mest av?

– Vi sel fleire heilårsbåt­ar, altså båtar med tak. Og så er det mange som vil ha daycruiser. I tillegg ser vi no at det er ein del som vil ha cabriolet, og akkurat der har nok vêret litt å seie. Det er gjerne meir spennande å bruke desse når det er så fint som det er i år, seier han.

– Dette treng vi

Etter finanskris­a hadde båtbransje­n ein nedgang, men dei siste åra har det begynt å ta seg opp igjen med svak vekst kvart år.

– Prismessig ligg båtane i den norske marknaden på 200.000 til ein million, og dei fleste båtane er mellom fire og åtte meter, seier dagleg leiar Leif Bergaas.

– Prisane ligg i stor grad på 500.000 kroner og oppover no. Den dyraste vi har selt i år kosta 2,3 millionar. Vi merkar nok effekten av at mange har begynt å tilsette igjen, seier medeigar Terje Berland ved Båt og Tilhengers­ervice AS.

Berland synes ikkje utviklinga dei har hatt dei siste åra har vore god nok. Resultat før skatt viser ei vekst frå 1.614.000 i 2016 til 1.748.000 i 2017. Den totale omsetnaden auka frå 21 til rett under 25 millionar kroner.

– Det har gått trått i bransjen no, så dette treng vi. Så er det også faerre båtforhand­larar no enn det var før oljekrisa, og det gir jo fleire leveringar til vi som er att, seier Berland.

 ?? JANNE HAGEN ?? Salet går eventyrleg bra. Det har gått trått i bransjen no, så dette treng vi, seier Terje Berland ved båtforhand­laren Båt og Tilhengers­ervice AS i Stavanger.
JANNE HAGEN Salet går eventyrleg bra. Det har gått trått i bransjen no, så dette treng vi, seier Terje Berland ved båtforhand­laren Båt og Tilhengers­ervice AS i Stavanger.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Dagleg leiar i båtforhand­laren Tveit AS er ikkje einig i at vêret er årsaka til det gode båtsalet. – Dei som vil ha båt, har som regel planlagt det ei stund, seier Frode Tveit, til venstre.
KRISTIAN JACOBSEN Dagleg leiar i båtforhand­laren Tveit AS er ikkje einig i at vêret er årsaka til det gode båtsalet. – Dei som vil ha båt, har som regel planlagt det ei stund, seier Frode Tveit, til venstre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway