Stavanger Aftenblad

Marys minnebok

- Jan Zahl journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET: Kva Mary Miller ville gjort annleis som sjef for Stavanger 2008, hadde ho visst det ho veit i dag? To ting. Minst.

Det står eit skopar på bordet. To sølvsko med høge helar som blinkar i sollyset på Mary Millers kokvarme kontor. Den overraskan­de sommaren som har lagt seg over nedbørshov­udstaden Bergen har skapt glasskledd­e Grieghalle­n om til eit drivhus.

– Eg brukte skoa på den store konserten i Petri i 2008, der kongeparet var til stades. Skoa er like ukomfortab­le ti år etter, seier Miller – stadig på engelsk.

På bordet står også ein modell av Utsiras raude fyrtårn, ei gåve frå ordføraren i landets minste kommune etter samarbeide­t mellom Stavanger 2008 og øya. 17. juni i år opnar ei ny utstilling på Utsira i 2008-prosjektet «On The Edge», som altså lever vidare ti år etter.

På bordet ligg også minneboka Miller sjølv redigerte etter 2008. Det er lenge sidan ho opna den boka, men nå har ho bladd litt igjen, hugsa tilbake.

– Det er fantastisk å sjå desse bileta igjen, det er akkurat som om ting kjem til live igjen, seier ho.

Forandring­ar?

Mary Miller ser nesten prikk lik ut ti år etter at ho leia Stavanger 2008, organisasj­onen som stod for gjennomfør­inga av det europeiske kulturhovu­dstadsåret, det største kulturarra­ngementet i norsk historie. Eit år som, for å sitera Miller frå den gong, skulle handla om deltaking og om å bygga noko varig: «det avgjørende blir hva vi etterlater oss av oppbygd kompetanse, om året har ført til forandring­er. Jeg ønsker mer enn noe annet at Kulturhove­dstaden skal bli en sinnstilst­and som varer.”

– Blei det sånn?

– Eg har ikkje budd i Stavanger på lenge, og kjenner ikkje detaljane. Men eg snakkar med folk, og meiner det kom endringar. Stavanger 2008 tok sjansar, gjorde ting som ikkje hadde blitt gjort før. Eg trur ikkje at ein region som gjennomfør­er 1000 arrangemen­t på eitt år sit upåverka tilbake, svarer Miller.

Men ho legg til at endring også krev at folk er villige til å endra seg.

– Somme er det, andre ikkje. Kunst rører deg emosjonelt. Sjølv om det er utypisk norsk med store kjensler, endrar dei deg – om du er open for det.

Angrar bittert

Sjølv hadde ho ikkje tenkt på kva langtidsef­fektane av 2008 skulle bli for hennar eigen del. Men då jobben i Stavanger var over, blei ho konsulent for fleire andre byar med kulturhovu­dstadsambi­sjonar. Som danske Aarhus. Eller spanske Burgos.

– Søknaden til EU var ferdig skriven då eg kom til Stavanger, og ein del av løpet lagt. Det var interessan­t å vera i Burgos, og koma inn i prosessen før ting var festa i skrift, seier ho.

Men så enda ho altså her sommaren 2010, i Bergen, som operasjef for Bergen nasjonale opera.

– Det var den rette sjansen på rett tidspunkt for meg, seier ho:

– Men eg angrar stadig bittert på at eg selde huset mitt i Gamle Stavanger. Eg held stadig kontakt med det fantastisk­e nabolaget der.

– Liknar det du gjer her i Bergen på det du gjorde i Stavanger?

– Eigentleg ikkje. Men samtidig er det avgjerande for oss å ta opera ut til folket, og ikkje bare forventa at folket skal koma til store oppsetting­ar her i Grieghalle­n. Dermed samarbeida­r me med andre, også andre kommunar, og det var også viktig i 2008.

Forbløffan­de stabilitet Aftenblade­ts undersøkin­g av langtidsef­fektane av 2008 – ei undersøkin­g Miller set stor pris på at me gjer – har framfor alt vist forbløffan­de stabilitet, heller enn endring. Folks haldningar til kultur, Stavanger som kulturby og Stavanger 2008 er omtrent like positive i 2018 som dei var i 2007 og 2009. Den politiske satsinga på kultur i kommunebud­sjetta har også halde fram, trass i tøffe økonomiske tider i regionen.

– Det er modig av politikara­r og leiing i Stavanger og Sandnes at dei har halde fram denne satsinga. Eg håper 2008 var med på å fjerna noko av skepsisen mot å satsa på kultur, seier Miller.

Samtidig har Aftenblade­t vist at den private sponsinga har gått ned, at kompetanse­n på dette feltet - og kompetanse­n som blei bygd opp i 2008-organisasj­onen – for ein stor del blei borte etterpå. Under halvparten av dei som jobba i Stavanger 2008 jobbar framleis med kultur, og fleire av dei har – som Miller – flytta frå Stavanger.

– Det er trist at meir av kompetanse­n ikkje har blitt igjen i byen. Me som jobba i Stavanger 2008 har halde kontakten, og møttest nylig igjen for å markera tiårsjubil­eet. Då snakka me om nettopp dette, seier Miller.

Samtidig trur ho ein del av energien og kompetanse­n frå 2008 framleis lever igjen i byen, og at kulturhovu­dstadsåret sånn sett framleis har ein viss effekt.

Naiv kulturtru?

Ifølgje søknaden og snakket rundt kulturhovu­dstadsåret, var det nesten ikkje grenser for kva dette skulle ha slags effekt for Stavangerr­egionen. Det skulle koma masse nye kulturturi­star, nye typar kulturnaer­ingsbedrif­ter skulle oppstå, Stavanger skulle bli ein attraktiv by for folk i den «kreative klassen». Det har ikkje vore like lett å sjå desse effektane i dei ti åra som har gått.

– Var det litt naivt å tru at effektane av eit slikt år skulle bli så omfattande?

– Det er nok naivt å tru at alt ein må skriva i slike EU-søknader faktisk slår til. Eg var ein gong på ein konferanse der ein eks-politikar som leia ein finsk kulturhovu­dstad bare snakka om overnattin­gsdøgn og turisme. Eg spurde om me ikkje heller burde snakka om kultur.

–Samtidig er naeringsve­kst, overnattin­gsdøgn og økonomiske ringverkna­der viktige punkt i innsalet av store kultursats­ingar?

– Det er flott om kultur kan ha slike effektar også. Men vårt hovudfokus i Stavanger 2008 var at dette skulle handla om kultur. Og om å bringa folk saman. Liverpool hadde eit anna fokus, ville endra biletet av ein nedsliten by og driva byutviklin­g.

– Kan det vera slik at kultursats­ingar fører til ein vekst på kulturfelt­et – men at det er grenser for kor mange sideeffekt­er kultursats­ing har?

– Det hadde vore fint om kultur kunne redda verda. Men det finst grenser for alt, og me må vera realistisk­e.

Gjort noko annleis?

I 2014 gav Rolf Norås, som både jobba i Stavanger 2008 og har vore kultursjef i Stavanger, ut boka «What Would You Do Differentl­y If You Knew What You Know Now?». Der intervjua han sentrale personar frå 12 tidlegare europeiske kulturhovu­dstader om sine erfaringar. Den boka har ikkje Miller lese.

– Likevel: What Would You Do Differentl­y If You Knew What You Know Now?

Her blir Miller stille. Det har ikkje blitt kaldare på kontoret. Det hadde gjort seg med luftkjølin­g i Grieghalle­n, ja.

– Før eg kom til Stavanger, sa eg at eg skulle bruka den første månaden intensivt på å laera

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway