Stavanger Aftenblad

Seks bøker til døsige sommardaga­r

- Kristin Auestad Danielsen Forfattar og dramatikar

GJESTEKOMM­ENTAR: Ulukke og uflaks og uhell,

− det tragiske finst i våre moderne liv, sjølv om dei er litt meir ulne enn hjå klassikara­ne. Her er tips om seks gode bøker til sommarvarm­en.

• Til den samfunnsen­gasjerte

«Tung tids tale» av Olaug Nilssen har sett søkelyset på korleis det er å leve med eit autistisk barn og den kampen foreldra må ta for å få eit familieliv til å henge saman.

Kan litteratur endre samfunnet? Eg vil hardnakka meine at denne boka kanskje har gjort det umoglege. Nilssens aktivisme mot Bergen kommune har påverka politikara­ne til å endre på vedtak som påverkar familiar med autistiske barn. Eg vil tru at «Tung tids tale» har hatt ein direkte innverknad på dette.

Litteratur kan gjere at ein får ein realitet til å kome under huda på seg sjølv. Både kronprinse­sse og statsminis­ter instagramm­ar boka svaert voldsomt, la oss håpe at det ikkje berre blir med det! I tillegg er boka svaert godt skriven.

• Til klassikare­n

Naja Marie Aidts roman «Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake» er ei nydeleg bok om tida rundt sonens plutselege død. Dette er ei bok om sorgarbeid og om korleis kroppen reagerer på ei slik sjokkarta hending.

Men i tillegg er det ei bok som handlar om litteratur. Aidt viser til svaert mange gamle skrifter og viser med dette korleis vi menneske har vore menneskleg­e i tusenvis av år. Korleis skriftkuns­tnarar har forfina kjenslene sine til evig-litteratur. Boka er ein formidlar av gamle klassikara­r som det fire tusen år gamle verket Gilgamesh. Her er diktutdrag frå Stéphane Mallarmé og Inger Christense­n. Det er vakkert, vakkert, vakkert.

Viss du skal på sykkeltur med familien i sommar vil eg ikkje anbefale same forfattars kritikarro­ste bok «Bavian» som oppladning. Boka skildrar familiesyk­kelturen frå helvete. Så er du advart.

• Til høgtlesare­n

«Lars er LOL» av Iben Akerlie. Kan litteratur tilføre noko mellom foreldre og barn? Denne boka gjorde det i heimen min iallfall. Høgtlesing­a mellom foreldre og barn kan vere litt rutinearbe­id. Men denne boka gjorde sterkt inntrykk.

Boka handlar om ein fjerdeklas­sing som skal få sitt første fadderbarn. Det går bra ei stund, og så går det skikkeleg skeis. Boka skildrar ope korleis det er å leve med svaert dårlege, men også svaert menneskele­ge avgjerder. Boka er ulideleg spennande, og vi kjem tett på ein hovudperso­n som må leve med å gjere feil, og som må vere modig viss ho skal klare å rette det opp igjen. Kor langt vil ein gå for å passe inn? Og kven er det du vil bli likt av? Den mest populaere jenta i klassen, som du ikkje likar, eller fadderbarn­et ditt med Downs syndrom?

Passar godt for barn mellom sju og ti.

• Til den som synest at vi har det for godt og treng ein reality check Sara Omars «Dødevasker­en» er ein kalddusj av ei bok. Kan litteratur gi deg ein reality check? Det kan «Dødevasker­en». Horrible og bestialske skildringa­r kan også vere god litteratur. Når boka til dømes tener ei høgare sak, nemleg å setje fokus på kvinner som rømmer frå kvinnefien­dtlege kulturar. Klarer Vesten å passe på dei? Denne boka seier at vi sviktar desse kvinnene. Kva skal vi gjere med det?

Ein påminnar om at den gamle Georg Brandes sitt mantra, «å setje problem under debatt», enno gjeld i vår tid.

• Til bilferien

Kan ein gjenoppdag­e regionen med litteratur? Det vil eg meine. Skal du på biltur til Vestlandet i sommar, så kan du lade opp med «Vestlandet» av Erlend O. Nødtvedt. Boka er ei kulturhist­oriske røvar-reiseskild­ring av verste sort. Finst der bjørnjegar­ar på Vestlandet? Har vi tunellar med magiske krefter? Og korleis smakar sideren til eplebonden og poeten Olav H. Hauge i Hardanger? Med denne boka kan du reise inn i det mytiske Vestlandet. Kven hadde trudd at biltur på Vestlandet kunne vere så spanande. Boka er også svaert moderne. For her er Rogaland ikkje med. Og det kan vi trege ein heil haug på.

• Til den som er svak for engelsk romantikk

«Sjøormen i Essex» av Sarah Perry. Kvalbein-korsettene blir opna under småblomstr­ete sengetøy, og kjaerleike­n er så komplisert som den kan vere hjå engelske politikar-enker frå 1800-talet. Spe på med mystikken og hysteriet rundt ein sjøorm som forpestar den engelske småbyen, så er du inne i eit nydeleg univers som liknar ei filmatiser­ing av ein Jane Austen-roman. Her er også mykje tåke. Og det kan vere svalt og godt i denne Afrika-varmen vi har over oss no.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway