Stavanger Aftenblad

Mykje skal stemme før desse flya kan lette

- Birgitte Flote Journalist birgitte.flote@ aftenblade­t.no Fotograf paal.christense­n@ aftenblade­t.no

SOLA: – Det er raskare enn lyden, seier Felix (4) om flyet han ser mest fram til å få oppleve under flystevnet.

– På førehand er det mykje trøbbel, mykje teknikk og mange ting som skal stemme for å få flya i lufta. Det er mykje arbeid, men er dei i lufta då er det i orden, og å halde dei i orden er av stor verdi, seier Tore Reimers, stedfortre­dande stevneleia­r ved Sola flyklubb.

Laurdag var i overkant av 3000 mennesker til stades for å sjå flystevnet på Sola, som i år blei arrangert for sjette gong. Flystevnet er akrobatikk, lyden av gamle fly, barn med fargerike hovudtelef­onar, menn med lange kameralins­er og mennesker godt plassert i campingsto­lar. Det eldste flyet er frå 1930. Eigentleg skulle det fly enda eldre fly, frå første verdskrig, men det lot seg ikkje gjere.

– Den er raskare enn lyden Felix Johannesse­n-Beimel (4) løfter opp fingrane, held først opp éin finger og så fire. Det er nemleg desse klokkeslet­ta han har sett seg ut. Då skal yndlingsfl­ya opp i lufta.

– Starfighte­r han.

– Kvifor det?

– Fordi den er så superrask, den er raskare enn lyden.

– Kva var grunnen til at du begynte å like fly?

– Eg har sett video på pappa sin telefon.

Den vesle guten stiller i pilotdress og solbriller denne laurdagen. Han trippar like ved dei stilleståa­nde flya og ventar på at det skal ta av.

blir best, seier

Felix er ikkje den einaste som ventar på Starfighte­r. Ei stor gruppe mennesker står i ring rundt praktverke­t. Flyet er nemleg Norges raskaste jagarfly nokonsinne, til og med raskare enn Norges nye kampfly, F35.

– Den er den einaste flygbare av denne typen i heile Europa. Det finst éin eller to som ein privatpers­on flyr i USA, men elles er det berre denne. Mange synest det er det finaste flyet dei har sett, seier teknisk ansvarleg Bjørn Ivar Lia.

For mange handler flyentusia­smen om kjensler.

– Flya har sjel, dei har opplevd ting. Og så har dei klart å halde seg heilt til i dag, seier Harald Hagen ved Sola flyklubb.

– I dag lagar ein gjerne fly som skal fungere på mange områder. Før laga ein flya for å fungere godt til eitt bestemt oppdrag, og det gjer dei veldig spesielle. Det er som å kjøre sportsbil i lufta.

Pilot i 43 år

Blant pilotane som flyr denne helga er der berre menn. Pilot Veronica Opsanger skulle gjerne vore i lufta. Som småbarnsmo­r til to tvillingar har det blitt vanskeleg å ta alle kursa ho har ønska, og som ho treng for å kunne fly mange av desse flya.

– Eg skal ikkje fly i dag, dessverre. Men eg vil veldig gjerne vise jentene at også kvinner kan drive med fly.

– Kvifor begynte du med dette? – Eg fekk flyginga inn med morsmelka, kan ein vel seie. Far min var pilot, og eg hugsar godt då eg var sju år og fekk sjå han fly.

I år er det flest lokale pilotar blant dei totalt 15 deltakaran­e, men den svenske piloten Per Cederqvist er likevel på plass.

– Eg flaug første show for 43 år sidan. Sidan har eg vore i det svenske flyforsvar­et og vore instruktør i forsvaret. Men no går det mot slutten, dette blir min siste sesong.

Gigashow i 2017

For eit år sidan feira Stavanger lufthavn, Sola 80-års-jubileum. Då slo dei på stortromma og kunne i etterkant vere stolte av at i underkant av 30.000 mennesker kom for å sjå Sola airshow. I år heiter arrangemen­tet Flydagen Sola og er ein mindre versjon.

I år var også første gongen vi i Sola flyklubb arrangerer heilt aleine. Første gong flystevnet blei arrangert var i 2000, deretter i 2004, 2007, 2012 og 2017. Ifølgje Tore Reimers ved Sola flyklubb er det enda ikkje bestemt om det blir nytt flystevne neste år.

Ei stor gruppe mennesker står i ring rundt praktverke­t. Flyet er nemleg Norges raskaste jagarfly nokonsinne, til og med raskare enn Norges nye kampfly, F35.

 ??  ?? Henrik Stamnes Fredriksen og pappa Carl-Henrik Fredriksen er klare for flyshow. Lyden av gamle propellar gjer det lurt å beskytte små barneøyrer.
Henrik Stamnes Fredriksen og pappa Carl-Henrik Fredriksen er klare for flyshow. Lyden av gamle propellar gjer det lurt å beskytte små barneøyrer.
 ?? Pål Christense­n ??
Pål Christense­n
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway