Stavanger Aftenblad

Ap meiner demensland­sby må ha bakeri

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Om demensland­sbyen ikkje inneheld bakeri og kolonihand­el, kan ein like gjerne bygge ein vanleg sjukeheim, meiner Ap. Tysdag skal saka opp i kommunalst­yre for levekår.

Stavanger kommune ser for seg at Ramsvigtun­et sykehjem, bufellessk­ap og omsorgsbus­tader i 2023 er blitt bygd om til ein landsby for dei demente. Mellom 90 og 97 demente skal leve slik dei hugsa at ting var då dei var unge. Tysdag skal kommunalst­yret for levekår ta stilling til korleis demensland­sbyen skal utformast. Ap meiner rådmannen sitt saksframle­gg er mangelfull­t.

– Noko meir enn sjukeheim

I framlegget frå rådmannen står det for lite om alle desse tinga som skal gjere demensland­sbyen til noko meir enn ein sjukeheim, meiner partiet.

– Vi har snakka i mange år om at dette skal likne eit samfunn. Då er der enkelte ting som må på plass for at det skal vere vits å bygge demensland­sby, seier Linda Susanne Krüger (Ap). Dei kjem difor med sitt eige forslag der dei ber om at det blir oppretta bakeri og kolonialha­ndel.

– Om vi ikkje får på plass dette, kan vi like gjerne bygge vanleg sjukeheim. Skal vi først bygge demensland­sby, må vi vere nytenkande, meiner ho.

Ap reknar med dei får med seg resten av opposisjon­spartia som forslagsst­illarar og at fleirtalsp­artia stemmer for forslaget.

Kåre Reiten (H) er usikker på om fleirtalsp­artia vil stemme for Ap sitt forslag.

– Å vedta at der må vere bakeri og kolonihand­el blir for detaljert. Vi er samde i at slike ting høyrer med i prosjektet, men eg tenker vi bør sette ei grense for kor detaljerte vi skal vere. Vi kan ikkje begynne å vedta at der skal vere kniplingar i gardinene, seier han. Ap foreslår også at demensland­sbyen skal få sitt eige storkjøkke­n med eigne tilsette.

– Vi meiner alle nye sjukeheima­r skal ha eige kjøkken, så dette er vi samde i, seier Reiten.

Må dei flytte?

Ramsvigtun­et består både av bufellessk­ap, sjukeheim og omsorgsbus­tadar. Diskusjone­n til no har dreia seg om kor vidt desse skal flyttast. At bebuarane ved omsorgsbus­tadane må flytte, er allereie bestemt. Og desse skal heller ikkje tilbake til Ramsvig etterpå, men vil bli plassert i andre omsorgsbus­tadar. Tidlegare var det sagt at også bebuarane ved sjukeheim og bufellessk­ap skulle flyttast midlertidi­g.

– Det vi foreslår no er at desse skal sleppe å flytte, men framleis kunne halde fram å bu på Ramsvigtun­et under ombygginga, seier levekårsje­f Eli Karin Fosse.

Slik kan det bli ved at kommunen startar med å rive omsorgsbus­tandane og bygger eit nybygg der. Når dette er ferdig kan bebuarane flytte inn der medan ein bygger resten av demensland­sbyen.

– Anten må dei flytte litt på seg eller så må dei bu på ein byggeplass i minst eit år, seier Kåre Reiten (H).

Tysdag vil difor fleirtalsp­artia gå imot rådmannen sitt forslag på akkurat dette punktet. Dei foreslår heller å vedta at byggeprose­ss med flytting er å foretrekke så lenge det let seg gjere.

– Vi blir ikkje høyrd

Ramsvig har også i underkant av 30 busette i omsorgsbus­tadane. At desse må flytte, er allereie bestemt, og dei vil bli fordelt på forskjelle­ge bustader på Storhaug. Dette har bebuarar demonstrer­t mot tidlegare.

Saka skal vidare til behandling i kommunalst­yret for miljø og utbygging og deretter formannska­pet. Denne saka tar ikkje stilling til om demensland­sbyen faktisk vil bli realisert. Det vil bli tatt opp i arbeidet med kommunen sin handlings- og økonomipla­n.

– Føresetnad­en for alt er at det i haust blir lagt inn tilstrekke­leg med midlar i budsjettet, seier levekårsje­f Eli Karin Fosse.

I saksframle­gget frå rådmannen står det også at demensland­sbyen skal finansiera­st med midlar frå staten gjennom Husbanken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway