Stavanger Aftenblad

Snart kan du lade elbilen frå lyktestolp­ar

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Allereie i september kan det bli mogleg å lade elbil frå lyktestolp­ar. Ideen er enkel og overraskan­de nytenkande, meiner Ola Elvestuen.

– Dette er ein av dei mest nytenkande ideane vi har fått inn, seier klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen.

Han er i Stavanger med nøyaktig 330.675 kroner i støtte til å teste elbil-lading frå lyktestolp­ar.

Pengane frå støtteordn­inga Klimasats gjer at Stavanger får teste ladepunkt for elbil i lyktestolp­ar. Byen får råd til fem stykker i første omgang.

– Vi har ambisjonar om at den første skal vere på plass allereie i september, seier Gunnar Edwin Crawford, leiar av Smartbyen Stavanger.

– Dette er ein idé som vil spreie seg fort om ein får det til å fungere. Det vil kunne eigne seg over alt. Det er enkelt og overraskan­de nytenkande å bruke eksisteran­de infrastruk­tur på denne måten, seier Elvestuen.

Pengesumme­n er nok til å dekke halvparten av utgiftene til fem nye lyktestolp­ar. I tillegg skal kommunen og Lyse punge ut like mykje sjølv.

– Det er ikkje all verda med pengar, men vi fekk det vi søkte om. Så var vi gjerne litt beskjedne, seier Crawford.

Det er ikkje bestemt kor lyktestolp­ane skal stå. Onsdag møtte Crawford ministeren i Møllegata, ein av dei aktuelle kandidatan­e.

– Møllegata er ein av kandidatan­e. Kampen og Våland kan også vere aktuelt. Det må vere bynaert, og så må der vere mange elbilbruka­rar.

Ei av dei største utfordring­ane, trur Crawford, er å få innbyggara­ne til å ville betale for å lade i desse lyktestolp­ane.

– Eg er spent på om innbyggjar­ane vil betale for å lade i stolpen. Vi må finne ut kor smertegren­sa går i pris.

– Kva kan prisen bli?

– Det er ikkje bestemt, men det må vere konkurrans­edyktig i forhold til prisen folk allereie betalar til eigen straumleve­randør. Men så vil jo gjerne involverte aktørar tene litt på det.

Truleg vil du kunne velje om du betaler via app eller nøkkelbrik­ke.

Trehusbyen

Stavanger skal skifte ut armaturar på lyktestolp­ane med nye LED-armatur. Ved å bytte til LED, frigjer ein også ein del straumkapa­sitet, og dette overskotet ønsker ein å nytte. Lyktestolp­ane tillet straumtilf­ørsel heile døgnet.

– Denne utskifting­a på lyktestolp­ane skulle vi allereie gjere. Då er det genialt å ta dette i same slengen, seier Leif Arne Moi Nilsen (Frp).

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen, til høgre, meiner lading frå lyktestolp­ar fort kan spreie seg til andre stader i landet. John Peter Hernes (H), fra venstre, Smartbysje­f Gunnar Edwin Crawford og forretning­sutviklar i Lyse, Trond Thorbjørns­en,...
KRISTIAN JACOBSEN Klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen, til høgre, meiner lading frå lyktestolp­ar fort kan spreie seg til andre stader i landet. John Peter Hernes (H), fra venstre, Smartbysje­f Gunnar Edwin Crawford og forretning­sutviklar i Lyse, Trond Thorbjørns­en,...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway