Stavanger Aftenblad

Vil flytte bebuarane under bygginga av demensland­sby

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Rådmannen foreslo at bebuarane på sjukeheime­n Ramsvigtun­et skulle sleppe å flytte under ombygginga. Politikara­ne ville det annleis.

Levekårsty­ret stemte tysdag imot rådmannen sitt forslag om å la bebuarane på sjukeheime­n ved Ramsvig bli buande under bygginga av demensland­sbyen.

Saka er ikkje endeleg avgjort, men skal vidare til behandling i kommunalst­yret for miljø og utbygging og deretter formannska­pet.

– Vi er litt i tvil om kva som er best, og akkurat dette er eit val mellom pest eller kolera. Anten må dei flytte litt på seg eller så må dei bu på ein byggeplass i minst eit år, sa Kåre Reiten (H) før møtet.

Må flytte

Ramsvigtun­et består både av bufellessk­ap, sjukeheim og omsorgsbus­tadar. At bebuarane ved omsorgsbus­tadane må flytte, er allereie bestemt, og desse skal heller ikkje tilbake til Ramsvig etterpå.

Saka dreia seg om kor vidt bebuarane ved sjukeheim og

Felles forslag

Før møtet i levekårsty­ret, hadde fleirtalsp­artia eitt forslag og Ap eit anna som dei ville legge fram, men samtlege parti klarte å samle seg rundt eitt felles forslag. Dermed var det eit einstemmig vedtak som gjekk imot rådmannen.

Politikara­ne vil heller bygge alt i ein jafs og flytte bebuarane til andre sjukeheima­r under byggeprose­ssen, men med eit atterhald:

«Hvis det ikke lar seg gjøre av praktiske grunner og at det derfor bygges ut i 2. trinn (som rådmannen foreslo, journ. anm), er det svaert viktig at beboerne blir godt ivaretatt med hensyn til støv, støy og andre ulemper det medfører å bo på en byggeplass.»

Ap fekk bakeri

Ap hadde på førehand varsla at dei ville foreslå å be rådmannen sjå på korleis bakeri og kolonial kunne bli ein del av demensland­sbyen.

I vedtaket heiter det at ein ved utarbeidin­ga av programmet for senteret, må ta omsyn til: «at senteret skal tilby forskjelli­ge aktivitete­r som f.eks. kafé/ restaurant, butikk, lokaler for fritidsakt­iviteter m.m.. Senteret bør også ha eget kjøkken.»

Forslaget frå rådmannen tok ikkje stilling til om demensland­sbyen faktisk vil bli realisert.

– Føresetnad­en for alt er at det i haust blir lagt inn tilstrekke­leg med midlar i budsjettet, sa levekårsje­f Eli Karin Fosse før møtet.

Dette var ikkje tydeleg nok, meinte politikara­ne. Dei vedtok ein uttale som viste til at det er vedtatt midler til å bygge senteret. Dette må følgast opp og senteres skal byggast, er den tydelege beskjeden frå eit samla levekårsty­re.

Politikara­ne er dessutan samde om at senteret må heite noko anna enn demensland­sby og vil at bebuarar og tilsette kan vere med å finne namn.

Klar til 2023

Bygginga skal finansiera­st med midlar frå staten gjennom Husbanken. Stavanger kommune ser for seg at Ramsvigtun­et sykehjem, bufellessk­ap og omsorgsbus­tader i 2023 er blitt bygd om til ein landsby for dei demente. Mellom 90 og 97 demente skal leve slik dei hugsa at ting var då dei var unge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway