Stavanger Aftenblad

Klart og tydeleg nei frå politikara­ne til å fjerne bossdunkar

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Rådmannen sitt forslag om å fjerne 170 bossdunkar frå leikeplass­ar blei nedstemt.

– Kor skal folk gjere av søpla om vi fjernar søppelspan­na?, spurde Kristen Høyer Mathiassen (H).

– Det er eit tulleforsl­ag, sa Kristine Gramstad Wedler (Ap).

– Ein grunnlegga­nde dårleg idé, sa Per A. Thorbjørns­en (V).

Utspela kom i forkant av møtet i Kommunalst­yret for miljø og utbygging (KMU). Tysdag skulle nemleg politikara­ne stemme over eit forslag frå rådmannen om å fjerne bossdunker frå 170 leikeplass­ar i Stavanger.

Sterkt kritisk

Det var allereie før møtet kjent at politikara­ne ville gå imot forslaget frå rådmannen.

I vedtaket som blei einstemmig vedtatt, er meldinga tydeleg: « KMU er sterkt kritisk til at det er et avfallsred­userende tiltak å fjerne bossdunker på lekeplasse­r mm».

Bakgrunnen for at rådmannen foreslo å fjerne bossdunkan­e, er at fleire brukar dei til sitt eget private hushaldnin­gssøppel og at folk til og med set frå seg søppelposa­r på utsida av dunkane.

Dugnad

– I staden for at vi har eigne bilar og folk til å køyre rundt til dei over 300 leikeplass­ane vi har, håper vi at vi får med folk på ein dugnad til å ta med søppelet heim. Dette gjeld dei minste leikeplass­ane utanfor sentrum, sa Leidulf Skjørestad, direktør for bymiljø og utbygging i Stavanger kommune, til Aftenblade­t forrige veke.

KMU ber om at saka blir sendt ut på høyring slik at ein kan finne ei løysing på dette problemet.

Vidare vedtok dei at det skal kjøpast bossdunkar for 1 million.

 ?? JONAS HAARR FRIESTAD ?? Elever på videregåen­de skoler kan få starte skoledagen senere på dagen.
JONAS HAARR FRIESTAD Elever på videregåen­de skoler kan få starte skoledagen senere på dagen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway