Stavanger Aftenblad

Korleis seia at eg er homo?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Varmt og velmeinand­e – og litt kjedeleg – om å vera 16 år og prøva å koma ut av skapet.

Love, Simon

Sjanger: Drama, komedie, romantikk. Med: Nick Robinson, Katherine Langford, Jennifer Garner. Regi: Greg Berlanti. Nasjonalit­et: USA, 2018.

Lengde: 1 t. 49 min. Aldersgren­se: Tillatt for alle.

«I´m just like you.» Dette er første replikk i «Love, Simon», ein setning som blir gjenteken fleire gonger. Det er også ein setning som ser ut til å styra korleis Nick Robinson spelar Simon, 16-åringen som går siste året på high school, ser ut som alle andre, er som alle andre - men som altså ber på ein stor løyndom.

Robinsons fine, neddempa framstilli­ng, hans overtydand­e rolle som ein «vanlig fyr» utan dei store faktene er noko av det fine ved «Love, Simon». Det hadde ikkje vore heilt det same med ein flamboyant skrulletyp­e i hovudrolla. For poenget er altså at Simon er akkurat som deg og meg.

Dette er visstnok første gong eit av dei store, amerikansk­e filmstudio­a lagar ein film for den store, unge massemarkn­aden som handlar om homofili, om å koma ut av skapet. På høg tid, skulle ein vel kunna seia. Samtidig som det på ingen måte kjennest nytt å sjå eller lesa om dette i 2018.

At eit stort, kommersiel­t selskap som 20th Century Fox lagar ein film for mainstream­marknaden om ein ung manns strid med seg sjølv og omgjevnade­ne har visse konsekvens­ar: Du ser at filmen er påkosta og profesjone­lt gjennomfør­t, i alt frå filming til historiefo­rteljing. Samtidig blir filmen omtrent så forutseiba­r, sentimenta­l - og til tider kjedeleg - som du kan forventa når det skal vera ein hollywoods­k dose løyndom, ein dose romantikk, ein dose drama og ein dose humor. Samtidig som filmen skal transporte­ra oss gjennom forutseiba­re emosjonell­e kurver, er han fri for skarpe kantar eller provokasjo­n. Det er søtt, trygt og varmt - på grensa til det klamme. Og forbløffan­de lett, til å handla om noko som kunne blitt framstilt som tungt, mørkt og problemori­entert.

Simon og vennene hans gjer overtydand­e og fine roller, det same gjer saerleg Simons far, den litt macho ex-fotballspe­laren som må sjå sonen sin med nye auge. Men så skal desse amerikanar­ane alltid ha med nokon elleville og sprø sidekarakt­erar som liksom skal vera morosame og crazy, og der blir det altså langt over the top for denne meldaren.

«Love, Simon» er basert på Becky Albertalli­s ungdomsrom­an «Simon og homo sapiensage­ndaen». Mykje handlar om mailutveks­linga mellom Simon og den andre skjulte homofile på skulen, Blue. Pluss ein del teksting og telefonsam­talar. Det er ikkje lett å laga levande film og bilete av epost og indre monolog, og saman med eit litt seigt mellompart­i kjendest det tidvis freistande å ta opp min eigen telefon for å sjekka epost.

Denne meldaren er ikkje 16 år lenger, men hugsar med glede tilbake til min ungdoms romantisk-komiske high school-drama frå Hollywood. Det var ikkje nødvendigv­is så lett å kjenna seg att i desse universa der eg labba rundt på Time ungdomssku­le. Men sannsynleg­vis rører «Love, Simon» borti noko gjenkjenne­leg og velkjent for unge folk i dag, homo eller hetero, på leiting etter sin eigen identitet og sin eigen plass.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway