Stavanger Aftenblad

Har bygd 16 nye ladestasjo­nar som folk ikkje får bruke

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Kommunale ladestasjo­nar står ubrukte og med avskrudd straum på Storhaug. Samtidig har privatpers­onar problem med å få lada elbilen på lovleg vis.

– Det er alt for dårleg. Kommunen har, med folks skattepeng­ar, bygd 16 nye ladestasjo­nar som folk ikkje får bruke, seier Torfinn Ingeborgru­d (MDG).

Heimehjelp­a på Storhaug flytta i april vekk frå lokala sine i Ericstrups­gate. Her har dei tilsette hatt gode moglegheit­er til å lade elbilen, men etter at dei flytta er ikkje ladestasjo­nane lenger i bruk. Det blir opplevd som eit paradoks for bebuarar på Storhaug.

– I går kveld køyrde eg rundt og leita etter ein stad å lade bilen min. Mange av ladestasjo­nane fungerer ikkje, seier Nick Hegreberg.

Han flytta nyleg til Storhaug. Tidlegare har han hatt moglegheit til å lade heime, men no eig han ikkje parkerings­plass og har difor ikkje privat lading.

–Det blir så mykje stress at eg no vil selge elbilen og heller skaffe bensinbil eller hybrid. Eg reknar med eg ikkje er den einaste som opplever det som einaste utveg, seier han.

– Alvorleg mangel

– Eg trur det hadde løyst mykje om privatpers­onar kunne brukt dei kommunale ladestasjo­nane som allereie finst ved heimesjuke­pleien, seier Hegreberg.

Det er Ingeborgru­d samd i, og har tatt opp situasjone­n ved i Kommunalut­val for miljø og utbygging.

I eit spørsmål til administra­sjonen spurte han om kommunen kan opne for at bebuarar i området får bruke ladestasjo­nane.

Rådmannen svarte då at dei 16 ladeplassa­ne foreløpig ikkje kan brukast fordi området kanskje skal brukast til riggeområd­e frå 2019 av.

– Det er per dags dato ikkje avklart kva bygget skal brukast til, og om dei framtidige brukarane av bygget vil ha behov for desse ladepunkta. Bygget er i dårleg forfatning og vil sannsynleg­vis rehabilite­rast.

Ingeborgru­d meiner svaret er for dårleg.

– Det må vere mogleg å opne dei i mellomtida. Sidan det er snakk om sakteladin­g er ikkje kostnadane knytt til straumen så høge, så eg meiner dei som bur i sona bør få lade der med gratis straum inntil vidare. Dei har sjølv betalt for ladestasjo­nane gjennom skattepeng­ar, og no har dei behov for å bruke det.

Kommunen bekrefter til Aftenblade­t at ladestasjo­nane står ubrukte, og opplyser at dei har skrudd av straumen på dei. Direktør for bymiljø og utbygging i Stavanger kommune, Rune Kommdal, seier dei ser på ei løysing.

– Dette er noko vi ønsker å få til, men vi må gjere det på riktig måte. Vi kan ikkje berre opne og seie «versågod, gratis straum». Vi må finne ut korleis vi kan få til dette på ein måte som er praktisk gjennomfør­bar utan at det har for store utgifter.

Han seier dei kjenner til at enkelte finn kreative løysningar med kablar ut vindauget.

– Då burde ein ikkje kjøpt seg elbil for det er i utgangspun­ktet livsfarleg.

– Vent med å kjøpa

– Vi seier gjerne at dersom du ikkje har tilrettela­gt for lading på jobb eller moglegheit for å lade heime, bør du vente med å kjøpe elbil, seier Petter Haugneland, kommunikas­jonsleiar i Elbilforen­ingen.

Dei har mykje erfaring med at eksisteran­de ladestasjo­nar i Stavanger ikkje fungerer.

– Med så mange elbilar som det er i dag, blir ladepunkta hardt brukt. Mange av ladestasjo­nane er så gamle at dei ikkje er bygd for denne bruken. Det er stort behov for å bytte ut og oppgradere gamle ladestasjo­nar og bygge ut fleire.

Antikvaris­ke ladestasjo­nar Stavanger parkering har i dag 21 ladestasjo­nar langs gata samt 58 knytt til parkerings­hall. Dei er godt kjend med at ikkje alle fungerer som dei skal.

– Vi var tidleg ute med å skaffe ladestasjo­nar, og konsekvens­en er at dei no begynner å bli antikvaris­ke. Mange er gamle, dei eldste frå rundt 2011. No forsøker vi å skaffe reservedel­ar fram til vi får nye ladestajon­ar, seier Christian Tønnevold, leiar i Stavanger parkering.

– Det kjem ei storstilt utbygging no, der planen er å anten skifte ut eller skaffe over 200 nye ladestasjo­nar. I tillegg kjem det mellom 300 og 400 ladestasjo­nar ved Jernbana, primaert for drosjer.

– Når skjer denne utbygginga? – Vi håper å få det til i løpet av hausten ein gong. No er vi i sluttfasa med å finne leverandør­ar, seier Tønnevold.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Torfinn Ingeborgru­d (MDG) meiner folk på Storhaug bør få lade gratis frå desse ladestasjo­nane. I dag står dei ubrukte.
JON INGEMUNDSE­N Torfinn Ingeborgru­d (MDG) meiner folk på Storhaug bør få lade gratis frå desse ladestasjo­nane. I dag står dei ubrukte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway